onsdag 15. juni 2011

Er av dei heldige!

Starta dagen med Kondistrening på Pusterommet - har framleis eit stort potensiale!
Den travle dagen heldt fram med buffetlønsj, så stråling og så henting av ku på Småting på Bryggen!
Hauklandia - det mest naturlege namnet den kunne få - kosekua som måtte hentast inn frå Stavanger!
Her er vi på kaffiplassen Sakristiet - i gården Jakobsfjorden på Bryggen. Sakristiet er eit underbruk av Kaffemisjonen.

Baristaen eller kaffidamå laga nydeleg Cappucino med nydeleg mønster og serverte scones med rømme og sylte.

Eigentleg er området betydeleg meir trafikkert enn biletet viser - dobbeltgården Bellgården og Jakobsfjorden er ein ynda turistplass både for grupper og enkeltturistar og med Bryggen Tracteursted rett inn til venstre.

Gjekk på Stragiotti med Bystudenten og Trønderinna - på tide med skikkeleg italienske pizza og pannacotta! ( "for mykje hotellmiddager"!)

Vi såg Før Soloppgang Den nationale Scene!
Spennande, - altfor sjelden på teater!!!

6 timars bytur er lenge for meg, - slike dagar!

Stakk innom 7 eleven og handla ein boks Ben&Jerry's is, -
tok bussen "heim" til Haukeland.

Spaserte Jonas Liesvei til hotellet, - rett bak Kvinneklinikken skjedde det!
Oppe på ein lyktestolpe sat ei måse og skeit!
- og kva skjer - måseskiten landar ein god halv meter framfor meg!

Er eg ikkje av dei heldige utvalde, så veit ikkje eg!

1 kommentar:

  1. Ha ha - takk for kommentaren. Me skal bli friske! Langtidsfriske!! - og det er viktig å kose seg slik passe i den prosessen, ikkje sant?
    Kos deg i byen - eg skal på Gold's no :o)

    SvarSlett