onsdag 22. juni 2011

Brann - Sogndal på programmet!

I dag vert det cupkamp på Brann stadion!













Eg sit og fyl slutten av sendinga om Hurtigruten - eit vidløftig prosjekt som verkeleg har truffe!

Eg har forlengst funne ut at eg gler meg til å kome heim til Quiltemagasinet - der Tove Fevang har eit teppe og på bloggen hennar har ho bloggutlodning med dei fine stoffa frå Fr. Jørgensen til teppet!

Gjett om eg har meldt mi interesse!?

Eg saknar syrommet mitt, - vel eg saknar heime!
Snakka med naboen om det i går, ein eldre kar med stråling av typisk mannekreft - han hadde berre denne veka at - og hadde gruhenskeleg heimlengt - "nok no!"

Å sitje åleine i fineveret på bordet utanfor restaauranten og ete frukost, - er den aller beste starten på dagen!
Eg har ikkje vorte folkesky altså - det er berre så greitt å sleppe så mange til frukost!

Det er fineversdagar i by'n - endeleg to dagar etter kvarandre!
Det har vorte rolege dagar på hotellet, - såra under venstrearma gjer til at eg helst bør gå med eit fast "tante Sofie" grep i midja - for å sørge for ro og lufting i armhola.
Såra gror vel ikkje før etter eg er ferdig - "Materialtrøttleiken" er plagsom,  likevel tenkjer eg korleis det var i førre århundre då tantene Aslaug og Sigrid vart stråla på skikkeleg på Radium'en -
då vert det berre unødvendig å sutre over såra!
Inderleg godt at forsking og utviklinga går framover heile tida.


- og kva skal eg gjere i morgon - eg har skaffa privatsjåfør til den rosa MiniOne-bilen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar