søndag 19. september 2010

18 - drikk fredeleg morgonkaffi og høyrer på Språkteigen om jallah

Discovery'en er plukka og Keisarinnene er vekke - alle dei hine epla og pærene treng lengre tid på seg.
Sit ved kjøkkenbordet i Provincen og ser det låge skydekket har fått fart på seg med litt vind...

Skulle ha skunda meg, men sakte vakning er best når deler av kroppen protesterer.


Treng å tenkje litt tomme høgvyrdige tankar - trur symaskina må fram - dei flyt lettare då,- tankane!

Sunnmørsposten fortel at det regna 75,6 mm siste døgn i Ålesund, - i bebudde strok i Lærdal som det så klokeleg var skrive einkvan staden,- er det eit årsnitt på 5-600 mm. Det er knappast regn i Lærdal skulle det bety, og likevel tenkjer vi på alt regnet vi har hatt i sommar. Versjuk er ei nemning som kan brukast - men den er så negativ eller subjektiv... vàr for veret kanskje, og iallefall igjen på denne tida av året. - No er sola vekke på Øyri, det gjer noko med ein når ein allereie på dette belet er byrja å vente på at sola er attende 1.4.2011! Eg vert visst aldri fortruleg med at sola forsvinn!

Tenk litt på denne eg fann hjå @KjerstiFlogstad på Twitter:
"Livsfilosofi på kafevegg: Livet skal ikke begripes, bare gripes. Ta en kake i hver hånd - for balansert kosthold!"

Nokre av oss har alltid (for) mykje restegarn - og er ikkje alltid klar for å legge opp eit stripa strømpepar - eit teppe kan vere løysinga - eit teppe som vert vakrare dess større variasjon  - sjekk denne via sida til Oline.

Mellomskrift - Sogndal har vunne 0-2 over Nybergsund Trysil. Eg syr og han hin kløyver ved, veret var greitt til kaffipause med glutenfrie browniesmuffins med nøtter. I omnen ventar Sheperds Pie - det er fred og ro i heimen i Provincen!


Etterskrift: Bileta er naturlegvis lagd inn i ettertid, for første gang i "mi tid" vart det plukka eple med epleplukkar. - Han hin har lete Discoverytrea verte litt for høge - så han fann fram epleplukkaren som ikkje har vore nytta på ein del år..., lengda på den stonga som heldt den oppe viste at den var laga til høge "gammaldagsne" tre!

Epleplukkaren er ei heilt nydeleg innretning!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar