torsdag 23. september 2010

14 - Reisefeber og andre bekymringar

Jeriko - ein YouTubefilm om Jeriko - det var orienteringsmøte for jerikofarane i går kveld...
ein fin gjeng på 45 fer på tur om 2 veker -

Tek sjukehusbussen til Førde før klokka 7 og nattbussen heimatt!
Gjer det beste ut av det, - tilogmed frisør er tinga før sjukehuset ventar meg!
Eg satsar på at Salong44 greier å gjere meg vakker, ho som tok imot tinginga skjøna at det vart litt av ei utfordring!

Etterskrift: - ikkje eit hårstrå er lenger slite og velbrukt! Frisøren klipte det nesten heilt til rota, ja relativt sett... - dei lengste hårståa er 5-6 cm. Eg er med andre ord relativt "ny" på håret, - har ikkje vore så korthåra sidan tidleg i forrige århundre...

Det var sjukdom på Brystdiagnostisk senter, difor vart ettermiddagstimen min skikkeleg sein. Han som tok grovnålsbiopsi på meg var ingen amatør, men han hadde ikkje teke grovnålsbiopsi på ein pupp før. Eg er framleis litt i stuss - spørsmålet dei skulle finne svar på, referert pr telefon, var noko anna - men når det ikkje er beslutningstakarar å spørje!?! Eg trur ikkje eg ventar til dei ringer med prøveresultatet...
Det var andre på nattbussen også, - og eg erindra born som fekk kome til foreldra sine frå eit anna land og eit tilfeldig øyeblikk med Sommerfuggel i vinterland på radioen over høgtalaranlegget på ferga som bakgrunnsteppe - det var visst tidleg i førre århundre det også...
Joda - sånt knepper ned eins eige bekymringsnivå og justerer fokus ein god del!

1 kommentar:

  1. "Beauty is in the eye of the beholder", veit du - men det er no herleg med ein tur til frisør av og til.
    Kryssar fingrane for det andre ærendet ditt.
    Har planar om Lærdalstur til helga, sjølvsagt :o)

    SvarSlett