fredag 22. januar 2010

Kode rosa!


No er innsamlingsaksjonen igangsett!

Greitt nok for alle som kjenner meg, - rosa  er IKKJE meg, - det har alltid mangla i klesskapet mitt!
Går ein i djupna av problematikken, så er det to unntak, - ei rosa buksedrakt med kvite jakkeslag i crimpelene og då snakkar vi ca akkurat 1970 og veldig rosa, nesten mot cerise! Nabojenta hadde buksedrakt i same stoffet og buksedrakt er rette ordet!
Eg hugsar at Mor og eg handla stoffet, - hugsar det også som at vi kjøpte det først, - så det kan ikkje vore ynskje om look-a-like nabojenta som var årsaken til fargevalet heller!
Dessutan ei alpelue ca 10 år seinare, sist gong eg nytta den, var på ØNH poliklinikken på Åse sjukehus!
Eg har fleire kubikkmeter stoff, nokre ytterst få har litt og då snakkar vi bittelitt, rosa i seg!
Har kjøpt alle fire sortane Hobbykjellaren hadde, medan dette er handla hjå stofflangaren i Sande i Sunnfjord - Desiree!







2 kommentarer:

  1. Då er me to! Det har nok noko med hårfargen min å gjere. Fekk ei rosa truse ein gong. Skikkeleg cerise. Den landa i vasken med omlag 20 kvite, og brått hadde eg MANGE rosa truser.
    Gledar meg til å sjå kva dette her skal bli.

    SvarSlett
  2. Jeg må innrømme at jeg liker stoffene. Jeg gleder meg til å se hva du får ut av dette: )

    SvarSlett