tirsdag 5. januar 2010

Ein lyt nokot segja, når ein ikkje fær tegja - dagens Ivar Aasen sitat

Trekantsjalet veks, joda eg har lova at eg skulle ha teke bilete av det, det vert nok i kveld - må berre hente ein lang nok rundpinne på syrommet... skal berre tøme kaffiglaset mitt...

Dei kvilta teppa som plar henge framfor den doble gatedøra skal opp i kveld! Vi har venta forlenge, - det er nokre varmegrader å spare på å dekke "sørveggen" i gangen med teppe! Slike nydeleg fine vinterdagar trengs alle varmegradene innomhus, vi treng ikkje bidra til den generelle oppheitinga av jordkloden via gatedøra! Men så var det desse opphengskrokane då, som eg har på syrommet - mykje har skjedd sidan dei vart rydda unna sist...

Eg senkar skuldrane - nyt varmen i ryggen frå peisomnen i stova - tømmer kaffiglaset!

Primstaven - Hellige trekongersaftan - tolvtedag jul

3 kommentarer:

  1. - og i mellomtida har svigermor reist til Oslo - med eindel nye strikkeoppskrifter og idear på lasset. Gunnar har landa i Doha, men bagen hans med tre kilo pinnekjøt oppi, er framleis i Frankfurt. Her fyrer me - og gjer klar varmeflaske til natta.

    SvarSlett
  2. Det er greiast når lovnader vert levert med ein gong!
    Eh, - Svigermor kan ha noko å glede seg til neste gong ho legg ut på tur, - eller så får vi sende ho ei utskrift om det skulle vere turvande!
    Litt bekymra for kombinasjon av varme, pinnekjøt og nyvaska klede! Relativt ofte så tek slike flyplassar seg innatt og dei får orden på logistikken, ja om ikkje nokon trong 3 kilo pinnekjøt så...
    Dei kvilta teppa kom raskt opp. No er det varmare i gangen enn det kunne ha vore, og med det i heile huset sidan varme luftstraumar frå varmepumpa passerer lettare vidare til spisestove og oppover i huset.
    Men eg rakk å vere konsulent i Eldhuset og å ha kaffi&te gjestar før kvelden gjekk over i natt

    SvarSlett
  3. Svigermor er på nett, så eg sender henne ein link.

    Heldigvis er pinnekjøtet saman med sko, dei reine kleda er i kofferten som også står att. Skulle visstnok settast under trykk som ein del av sikkerheitssjekk. Så spørst det om det blir pinnekjøt med tåfis eller sko med pinnekjøtlukt -

    SvarSlett