lørdag 16. januar 2010

Det bles stundom heftig og det er kaldt - trass i at mildveret er kome!

Det er arbeidshelg, - er forlengst ferdig med både arbeidsdag og middag- !

Dersom eg skal verte ferdig med teppet av dei blåkvite9ar-rutene mine i januar, så må eg nok sy litt i dag også...

I morgon vil eg nytte dagslyset til bilete, - vert nok ikkje like bloggefine som Miranne sine. Eg trur ikkje eg skal bale med å seie at ho har så mykje betre kamera og ny linse!
Eg trur vel om det blåkvite teppet som har vore i arbeid ei stund. Eg trur det er på tide med minst ei ferdiggjering i månaden av ymist i  "dette har vore i arbeid lenge"- lageret mitt.

Ein vert sliten av å vakne mange gangar om natta av sterke vindroser som riv og slit av gammal vane i gamle
hus. Ei lita middagskvild hadde nok gjort godt!

2 kommentarer:

  1. Hei du - linsa er ikkje komen i bruk enno - men gledar meg til det. Driv og les meg opp litt på foto, og forstår meir no enn for tre dagar sidan iallefall. Stativ og timer eller fjernutløysar hjelper godt, det også - og så Photoshop. Har forelska meg i bloggbilda til Jared Flood (strikkar, spinnar, og proff fotograf) på Brooklyntweed. Lekre!
    Bosspanna låg på plenen i ei røys i dag - og ved hadde rasa ned i bedet mitt. Stakkars busker -.
    No skal eg tilbake til "Independence Day" og spøtet. Magni på overnatting og Gunnar i Qatar. Heilt aleine altså - herleg det også, av og til.
    Me sjåast vel måndag?

    SvarSlett
  2. Eg syr - det blåkvite teppet veks, - det er greitt å vere på loftet og passe på taket i den sterke vinden!
    Eg har tv ved strykebordet på øverste loftet, - men nett no var U2 på lerretet på Salen i 2.høgdi- var litt betre lyd der...

    Me sjåast på måndag, gler meg til den kvelden!

    SvarSlett