søndag 1. mai 2011

Tillukke med dagen godtfolk!

Flagga vart plassert på kvar side av gatedøra presis klokka 8!
No er sola komen der også, så eg er klar for å drikke kaffi på benken på gatetrappa.
Vi tek del i feiringa.
I går var det Vårfest på Øyri med gratis frukost utanfor COOP og KIWI, vising av klede frå E-bo, TittenTei og Sportsbui. Det var rebusløp og gode tilbod i buene i Øyragata. Eg kjøpte den nydelege stygge kålskåla på Brukthandelen som eg har hatt ynskje om å gje ein god heim! - og litt stoff i frå Sy- og Strikkebui i Eldhuset, der det var strikkekafé. Det var smått med raude blomar som også toler litt kaldare netter på Blomsterbui, så det fekk halde med kvite margeritter og blå fiolar. Kafebord og stolar er sett ut i gågata - med duk og blomsterkrukker! Peonane, liljene og rosene er på veg til å ynskje sommaren velkomen, men ikkje klare endå! .Biletet er frå 1.mai 2008 og henta frå Flickr-bileta til Gamle Lærdalsøyri Grendalag, -
medan bileta under er teke i dag!

Norsk Folkehjelp sin 1.mai-aksjon går i år til palestinske flytningar.



















































































































4 kommentarer:

  1. Hei, og takk for komentar i bloggen min. Ja, no er mai komt med fint sommarveir, håpar det varer lenge. Ha ein fin 1 mai.

    SvarSlett
  2. Å, so fint det er heima 1. mai! Det er ikkje so aer verst i Bergen heller, men på Høyden er det både dårleg med norske flagg og opptog

    SvarSlett
  3. - ja, Mari det har vore ein nydeleg dag! - Toget var i kortaste laget, kakene og rundstykka på Storstova var nydelege og det var naturlegvis Anna som heldt dagens aller beste tale! Grillmiddag i bakhagen er nett ferdig, litt vel kaldt å sitje utan jakke - men vi ser sommaren kome!

    SvarSlett
  4. Tusen takk for rådet ang. flekkane! Dette skal eg prøve!

    SvarSlett