søndag 22. mai 2011

Korsstingskyr og hårklipp!

På bloggen Korsstygnsarkivet fann eg kyr, - kyr i mengder.

Ein av dei som er nemnt er mønstrene og lenkja til bloggen til Brigitte Dadaux.

Fransken min frå året eg gjekk kjole og draktsaum på 70-talet hjelper ikkje på å forstå teksten, - men bilda av både broderi og lappesaum er vakre og lett forståelege!

Hjå Les Marottes de Nathalie tek det heilt laust, der er det 6 sider med kyr, du kan bla rett under namnet til vevsida!

I dag er eg klar for årets andre hårklipp!
Må naturlegvis vere nystelt på håret før ein fér til by'n!
Ser framleis fram til at dusjsluken vert litt tett av håret mitt, det er nok ei stund til!

Etterskrift: Det er lenge sidan eg har nytta ordinær kam, det næraste har vore grov kam ein kan kjemme langt permanentkrøllete hår med - elles børste...! Han hin hadde ein raud Toyotakam i lageret sitt som eg kunne få!
Hårklippemaskina på avstand 3, gler meg til det nærmar seg 0!

3 kommentarer:

  1. Så stilige bilder av kyr! Det frister faktisk å brodere en liten ku.
    Lykke til med hårklippen:)

    SvarSlett
  2. Det var sånne praktfulle mengder - eg fekk verkeleg lyst til å finne fram moulinegarnet og brodere korsting!
    Takk for gode ynskje! Det er han hin som klipper håret mitt! No er det iallefall jamnt - eller la meg seie jamnkort!

    SvarSlett
  3. Såå fine mønstre! Og så mange! Eg var i gang med planlegging av store arbeid før eg visste ordet av det. Kanskje blir det eit lite - eller to. Mest går det i holbeinsaum på den fronten. Supert lys for tida :o)
    Ynskjer deg god tur og ei triveleg tid i by'n, trass i ærendet.

    SvarSlett