torsdag 26. mai 2011

Strålestartdag

Solstrålane skin på boksen og dei fire koppane som eg fekk 2.oktober i fjor!
Handla på ein museumsbutikk nordpå!

Tidleg morgonstart heimanfrå - gjorde førpremiera på Nattjazzen i foajeen på sentralblokka mogeleg - vi hadde ete føremiddagsmaten i atriet i Parkbygget, før vi innsåg at vi var i feil lokale! Legg ut bilete litt seinare...
Etter tapping av ødem på mammografisenteret kom ferdiginnstilling til strålestart med øving på gating, - dei utsette starten til i dag. Ein annan pasient fortalde at var det avdi dei var litt seint ute fordi ei av maskinen hadde vore trøblete!
Eg er teikna på overkroppen slik ein liten unge som har fått sin første tusj teiknar på nymåla flater... ser praktfullt ut, - men det er ikkje tilfeldige linjer egentleg!
Fiskegrateng og sjololadepudding til middag og vitjing av kaffigjester i hotellrestauranten. Han hin for opp i Vognstølen for å finne seng der, medan Bystudenten vart igjen ei stund til og heldt meg med selskap til eit glas raudvin - ei hyggeleg avrunding på ein travel dag - det er ikkje til å kome vekk i frå at kreftbehandling har utvikla seg...
Kva ville ikkje indremisjons- og avhalddama Tante Sigrid ha sagt om ho vart boden på raudvin på Radiumhospitalet i si tid...

Fekk nett telefon om at overlegen som laga større biholer på meg ville ha meg inn til kontroll, - alt er så sytalaust når ein kan avtale slikt mellom trening og stråling i morgon.
Det er godt å vere her på Haukeland hotell, at det vert ei stund gjekk opp for meg då resepsjonisten spurte om eg kom til å bu her heile perioden fram til juli.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar