lørdag 5. mars 2011

Taktskifte og fokusendring!

Fekk nestsiste cellegiftkur sist tysdag -
atter ein gong fekk eg meldinga om at eg hadde bemerkelsesvis lite plager av den sterke cellegiftcoctailen...

Hadde ein koseleg ettermiddag og skulle avrunde byturen med ein tur på iskafe - og fekk eit epileptisk anfall der! Den kafetilsette fann ikkje puls, så eg fekk ein omgang med hjartekompresjon - så eg stryk meg mjukt over brystbeinet - det er sårt der,- men eg er glad for at det finst slike som tek ansvar!

3 dagar på sjukehus med MR, CT, EEG osv og fekk som førebels resultat fredag ettermiddag at eg har ei endring på skallen bak øyra - så no er eg overført til by'n for dei store undersøkingane der, - og siste cellegiftkur er truleg avlyst.

Eg veit akkurat så lite om kva dei har funne - så eg plukkar opp litt god energi denne helga heime til å møte Haukeland med i vekene som kjem.

5 kommentarer:

  1. Hallo Bente! Du må ha lykke til med undersøkelsene på Haukeland. Godt du fikk hjertekompresjon! Du er tapper! GOD BEDRING!!

    SvarSlett
  2. du er tøff, - lykke til og alt godt!

    SvarSlett
  3. Huff, Bente,
    er det den cocktailen som gjev slike utslag? No må du ta det med ro, og ta vare på deg sjølv!
    Gunnar skal til Lærdal ein tur i morgo - sender med han ein liten pose. Klemmar og gode ynskje :o)

    SvarSlett
  4. Takk Kjersti og Merete!
    Takk Marianne! - det kan vere CG og det kan vere det dei fann bak øyra...
    Eg tek ikkje det heilt med ro, - men eg tek vare på meg! - held fram med å delta i gledene og nyte nuet - og vente med dei store tankane til eg har noko meir handfast!
    Eg minner meg atter ein gong om perioden då helsevesenet gav meg grunn til å bekymre meg om å verte blind kvar augneblink - eg har sett mykje vent og vakkert i dei 15 åra sidan!

    SvarSlett
  5. Eg har hatt vitjing av Gunnar! - Nydeleg hue med perler, tusen takk Marianne!

    SvarSlett