torsdag 31. mars 2011

Lang dags ferd

Vaken klokka 5, og skal stå opp klokka 5 i morgon også - oppmøte klokka 0600 på ØNHsengeavdelinga - det er hardt å vere pasient...
Har fått melding om at eg ikkje er vaken og klar etter operasjonen før langt utpå dagen...
Det har vore ein lang dag med mykje venting mellom prøver og ny runde CT.

Ein liten tur med Bystudenten på YR i Marken - dei har ikkje lenger frityrsteikt Smilsjokolade, men framleis gooode dessertar!

Har funne ut at eg likegodt kan vise til Årdal husflidslag om Smøyg med Siri på museet i gårkveld - Miranne skriv betre det eg ville ha skrive og tek betre bilde enn meg uansett - vel vert å lese er også innlegget "puls"  av i dag også!

2 kommentarer:

  1. Kjekt at du sender lesarar min veg -.
    Kva er greia med frityrsteikt Smil? Is ved sida av? Iallefall sterk svart kaffi?

    SvarSlett
  2. ein variant av denne http://www.food.com/recipe/deep-fried-snickers-70068 noko skikkeleg deilig kliss - med is og espresso - denne gongen hadde eg ein tiramisu - bytudentn ein verdens beste og han hin ein sjokoladefondant med kirsebærcoulis...
    Dei er gode på mat også på YR - men vi likar dessertmenyen endå betre - servitøren sa at Smildesserten truleg vr midlertidig ute av menyen..
    Det fell meg lett å sende lesarar vidare til deg!

    SvarSlett