mandag 14. mars 2011

Stråleterapiavsnittet - ikkje eit godt ord.

Fekk telefon i ettermiddag om å kome på Haukeland hotell i morgon, for å vere klar 8.30 onsdag.
Starta dagen med å lage frukost til to jerikanarar, den eine av dei laga arabisk kaffi til oss tre.
Kaffien vart handla hjå kaffihandlaren borti gata frå rådhuset i Jeriko.
Smaken av, - og erindringane om Jeriko har prega dagen.
Brukar energien frå det gode, til å dempe uro kring det ukjente.
Det gjer godt!

4 kommentarer:

  1. Ønskjer deg lykke til med kampen! Håper du vinn!

    SvarSlett
  2. Åhhh - arabisk kaffi med smilande månefjes på. Slike minne er gode, kjenner eg - samstundes er det veldig godt å ha god avstand til han som ville ha kaffien slik.
    Sender all positiv energi eg kan oppdrive herifrå. Kjenner du kor det varmar?
    God tur til byen, Bente.

    SvarSlett
  3. Solveig : tusen takk!
    Miranne : Gjett om eg kjenner kor det varmar, eg som har på meg fin strikkehue med perler!
    Arabisk kaffi på den måten får eg ikkje til
    - ekstra gledeleg når ein får endå nokre varme historier knytt til slike vakre vennemøter!

    SvarSlett