torsdag 17. mars 2011

- det viktige er korleis ein tek det... -










Dei laga maske til meg i CT-simulatoren på Haukeland i gårmorgon - den skal sørge for at "eg held maska" og ligg heilt nøyaktig korrekt og fredeleg lenge nok, til at dei er sikre på å treffe rett punkt - når eg skal strålast "bak øyra".
Eg har ei dryg veke på å bu meg til omtrent ti stråledosar, fordelt på måndag- fredag i 2 veker...

Stråleterapeuten hadde naturlegvis ikkje noko informasjon om det endrar på tidspunkt for operasjonen - men det er vel å gå ut frå at "dei" meiner eg har fått nok cellegift...
Han skreiv opp at eg ynskjer å møte legen som har sørga for at eg skal strålebehandlast ved neste høve om ei vekes tid...
Eg kjenner meg litt i vakum mellom informantar - Førde kunne ha informert - og Haukeland forventar eg er meir informert eller så er dei ikkje så gode på det, - dei heller. Papira til stråleterapeuten fortalde nemleg at eg var innlagd på Haukeland. Stråleterapeuten hadde etterlyst meg på avdelinga og var ikkje klar over at eg sat ute i ekspedisjonen i atriet, åt medbragt frukost og freista koble meg på gjestenettet til Haukeland...
I det han såg meg, skjøna han at eg truleg var i god nok form til å bu på hotellet ved sjukehuset under strålebehandlinga også.
Eg hadde meldt meg i ekspedisjonen før klokka 8, så dei visste eg var der...

Vi køyrde klokka 4 i gårmorgon, hadde medbragt matpakke og iskaffi i fall vi trong ei pause for å halde oss vakne.
Møtte Bystudenten og Gudmora hans til pannekaker på Pygmalion. Viktig med slike gode møter med god kos og lått!
Vi handla litt glasvarer på ein gjenbruksbutikk. Handla naturlegvis også i Quiltehuset i Marken, dei skal ha symøte kvar onsdag frå 11.30 til 13.30 og på kveldstid iflg sida deira - noko som brått vart aktuelt...
Kvelden i førevegen var vi på Bedehuset på Øyri, åt stor kveldsmatbuffet og sa "på gjensyn" til Wiam og Aesha saman med andre jerikovener. Bedehuset er eit avvigsla nyoppussa og triveleg møtelokale som har gått attende/seld til familien som eingong gav tomta til huset, sidan det ikkje lenger var ordinær bedehusdrift i bygget. Lokalet var pynta med tekstilar som er gjevne til Lærdal kommune frå Jeriko kommune gjennom dei siste 14 åra.
Ein fin kveld!

Nemi er som vanleg lånt frå bt.no - denne var frå 11.mars.

3 kommentarer:

  1. Så lenge DU veit kvar du er har du vel ein form for kontroll. håper noko som har noko med plukkar opp tips til betringspunkt.

    Eg heiar på deg!

    SvarSlett
  2. Slit framleis med å få ut informasjon, det passar meg dårleg å vente til neste fredag med å verte informert av legen som har sørga for at eg skal strålast...
    No har eg fått innkalling torsdag utan at koordinator kan orientere...
    Dei legg ikkje opp til eit lett løp med ein enkel pasient, akkurat...
    Dei skjønar ikkje at eg er greiast når eg er trygg...
    Mest i undring på om dei har gløymt eller gøymt...

    SvarSlett
  3. - men det er godt å vite at nokon heiar på! Takk!

    SvarSlett