tirsdag 9. november 2010

No ramlar lokkane av...











- så de kan øve på å fortelje meg kor fin parykken min er...
Eg hadde nesten byrja å glede meg til å få frisøren på Salong44 til å lage litt luft i luggen min på førstkomande tirsdag, sidan håret har byrja å bli så langt i det siste - det vert nok ikkje så aktuellt!
Med andre ord - eg sparar tusenvis av kroner, og vert nesten like vakker...

Andre triste nyhende som kan vere det motsette:
Solskjær er ein av dei største fotballheltane til Mor  - han får 4,4 mill pr år i Molde - eller 2,4 mill pr år +bonus...
Det vert arbeidd hardt for å få meir glattis på Øyri , - budsjettkampen aukar på...

Eller kanskje likegodt noko som berre er greitt;- ein ide for å lage god og rar og positiv PR  - sjå kva Husfliden har i Ålesund gjort!

3 kommentarer:

  1. Ja ja - me visste jo at det kom. Og så kjem det jo tilbake med tid og stunder. Her blei det ein hatt i går kveld - fleire er under planlegging :o)

    SvarSlett
  2. Gler meg til Aordalshattar! Eg gjekk rundt med ein sporty adidasvariant i går, utan skygge...
    I dag har magesjauen som herjar i bygda nådd meg, skulle ha vore på to møter i dag - fann ut det var greiast å la vere å dele på smitten!
    Resten av håret forsvinn vel med det første!
    Likar ikkje at det er hår overalt, får vel sjokk når eg ser meg hårlaus, er litt større og flottare enn eg var i 1978 då eg hadde 1 cm langt hår - gjekk Kjole og draktsaum, hadde flagrande gevantar og venninna var dykig frisør!

    SvarSlett
  3. Ang. mysteriet: Vet at sort bakgrunn med rødt som rosa og hvitt som gyllendt blir bra, og sort julestoff som bakgrunn med grønt julestoff som rosa og rødt julestoff som gyllent :-)
    Er det mindre skummelt da, tro?

    SvarSlett