mandag 30. august 2010

solfyllt augustmorgon -!












Høyrer på lokalradioen at fineveret midlertidig skal gå over, - men det må verte is på gatetrappa einkvan gong i dag - innimellom alt anna eg må rekke.
Har lasta ned bileta frå helgaturen! Metleyplommene eg rakk - som ikkje var for modne eller umodne  - er nedfrosne. Discoveryeple og Keisarinnepærer vert plukka om eit par helgar!
Biletet av Keiserinnepærene er eit godt døme på at det verkar vere fuktigare på Systrond - i.e. Leikanger, enn på sørsida av Sognefjorden!
Aromaeple treng endå lengre tid for å verte søte nok!

Etterskrift - etter jobb 22.30 var rette augneblink for is og kaffi på gatetrappa - relativt mørkt og relativt svalt - men vi rakk det!











































1 kommentar:

  1. Det er visst ein liten idyll de har der på sørsida av Sognefjorden - om enn med mykje arbeid i periodar. Fine bilete!

    SvarSlett