onsdag 4. august 2010

Skjønar det kan reknast som seinsommar - men har sommaren eigentleg vore her?











Framleis er det mykje turistar i gatene og geilene til alle døgnets tider.
Vi hatt grillmiddag i bakhagen i dagevis, - men lange varme dagar med nok sol til å varme opp fjella, har det visst ikkje vore på lenge.
Har ikkje vore frisk siste veka, - og energien renn fort ut - men hadde stor glede av å finne Min oase - med eit bilde frå Ørnegata med Sjankehuset og Sjøstrand - frå bloggen In my Mothers name.
Bloggen innheld veldig mykje fint strikk - og eg ser i ettertid at trass presiseringa av tilhald i Texas, - er nok Kaupanger ei naturleg sommaradresse!

Fleire av naboane som har nytta sommaren til å få lagt nye skifertak: Det vore folk og lys i dei fleste husi dei siste vekene - også dei som i all hovedsak er feriehus. Vi gler oss over eit anna bygg som skal "reddast på rot". Det er sett i gang arbeid med å heve Raudestova - den skal få ein liten mur å stå på. Slik det er no, -rotnar den nedanifrå, der den står rett på jorda. Dei nye eigarane har gjort eit nydeleg arbeid med hovedhuset på eigedomen - og vi andre gler oss til fortsetjinga! - Fann ei grei brosjyre som ligg på verdsveven som hadde sentrumskart over Lærdalsøyri.

Vegvesenet har sett i gang eit forprosjekt for gamle Kongevegen, - dei tenkjer seg å synleggjere delen som har vore meir skjult i nokre århundre - spanande!

Fann spanande tegnestift- og postitlappkunstprosjekt - sjå her kva kunstneren Eric Daigh har gjort på Grand Central Terminal i New York.

Det merkast at det byrjar å nærme seg val og nomineringsprosessar. Politikarar, media og valforskarar byrja å aktivisere Vestlandismen igjen. - Eg legg merke til at eg smiler når godeste Frank Aa.. er på TV og fortel om såra vestlandske kjensler. Eg hadde han sjølv som førelesar på sam.pol på UiB i fjern fortid - og Bystudenten har også hatt gleda av analysane hans.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar