torsdag 19. august 2010

- skal berre vente litt til...

Det er så mangt ein kan venje seg til med - med unntak av å vente på å få vite.
I forrige århundre ein gong, leitte dei kunnige lenge etter vonde grunnar til at eg har ødem på synsnerven, - det kan vere heilt normalt det!
Referert som "store grøfter" ut frå hans perspektiv på andre sida av "forstørrelsesglaset", spurte den unge turnusen om det var greitt om turnuskollegaen hans kunne kome og få sjå  "mengdene av væske" -, for ho hadde heller ikkje sett noko sånt - og det var etter at augeoverlegen hadde stadfesta at han hadde funne noko særs uvanleg - dei tok tilogmed bilete av fenomenet!
Ein homeopat som gjer irisdiagnostikk kommenterte ødemet fleire år etter med at augedoktorar og nevrologar ser for lite friske auge...
Skal til Førde for å fotografere og undersøke andre uønska faktorar - og må heilt naturleg mobilisere mest mogelege gode tankar for å døyve uroa - sårheita og nakenheita... Kjenner det var klokt å ringe og finne ut at det ikkje finst ledige slike timar som kun førekjem på torsdagar, før timen i september. Då treng eg ikkje gå og håpe på nytt brev i posten kvar dag, - fordi lækjaren her meinte det vart unødig lenge og ville framskunda turen...

2 kommentarer:

  1. Huff, dette høyrest skummelt ut. Kryssar fingrar og tær for at det er bagatellar.

    SvarSlett
  2. Erindringa om oppstyret rundt den første historia er det som må til for å overbevise meg om at det er mange utfall i eikvar(epi)-krise...!

    SvarSlett