onsdag 25. august 2010

På busstur-retur til Sogndal

Berre for å gå på Joar sitt kjøkken og ete biff i lag med gode kollegaer.
Det kjennest klokt å sukre kvardagane medan ein ventar på at det vert første torsdag i september -
Det er visst fotballkamp i dag, men den skal vi ikkje på - men ein tur innom Narvesen for noko vakre tidsskrift, - det må vi rekke!
Har byrja å drøyme om ny skrivehjelp og turutstyr - i raudt!

Etterskrift - bussjåførar er ei lite einsarta gruppe - i dag foretrekk vi sjåførar i kategori bergenserinner framfor sunnfjordingar!!!
Utan tvil - Bergenserinnen hadde bussen under kontroll lenge før ho kom til ein haldeplass nær oss, og gav klare og sterke og sjarmerande meldingar! Han hin meinte ho minna om ein bussjåførvariant av Marit Voldsæter! - Eg gledde meg over det meste - som greie meldingar til nylaga Sogndalsstudentar frå hyttebyen på Kaupangerskogen - med eit smil :  NÅÅÅDE deg om du sØØØler fra deNNN øLLLboksen der i MIIIIIN buSSSSS - det LUKTER! og gav dei beskjed om forskjellane på gruppepris på 2 og studentpris utan studiekort... - og dei smilte og sa neida og takk!
Sunnfjordingen på returen derimot fekk 100+2x20+2x1 kroner frå mi hand som vart til 141 i hans - så han insisterte på å få ei ekstra krone og bør vere glad for det - og han heldt no fram og fortalde den eldre mannen som ikkje hadde kjøpt overgangsbilett 4 gongar kor DUM han var som ikkje hadde gjort det...

Og maten var deilig, - ei vinflaske på deling på tre var akkurat nok vin - og Sogndal er atter øverst på tabellen og to gode quilteblad hjå den gode bladselgaren i Sogndal,
- det vart ein fin dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar