torsdag 19. mai 2011

Villakyr - Maison de Campagne...

Er ikkje heilt sikker på kor kyrne "vaches",
kjem inn her -
Google translate overset "Maison de Campagne" med "villa" og i enkelte samanhengar blandar "herregård" seg inn i oversetjinga...


Det er vanskeleg å kalle heimen frå 1847 her i sentrale strok av tettstaden Øyri ein villa, - så eg tek det som eit signal frå givaren - Edith, odelsjenta som bur i ein god heim i Sunnfjord!

Etterskrift - som kommentarfeltet tilseier, har Solveig sjekka i ordboka si. Der er Maison de campagne oversett med landsted.
Då er dette nok ein kyrakrok som høyrer heime der havet og himmelen er større, - Feios!


Ein god dag som iallefall opnar med solstrålar inn på baksida av huset. Når solstrålane rekk heilt inn vindauga på biblioteket, er somaren er komen!
Enkelte sommarsdagar lyt ein ha litt meir klede på seg!

Eg har litt organisasjonsarbeid som bør vere gjort før eg set i gang med å rydde meir på syrommet. Eg slit med å halde fram ryddearbeidet, - finn så mange små og store skattar som ein har meir eller mindre gløymt og får altfor lyst til å sette igang og gjere heilt andre ting enn å rydde, - men det har vore ryddig i sytrådspolehyllene og knappane lenge!

4 kommentarer:

  1. Eg vart så nysgjerrig på tydinga at eg tok fram franskordboka (Eg kan ikkje fransk, berre så det er sagt) der er maison de campagne omsett med "landsted".

    SvarSlett
  2. Bra Solveig!
    Då veit eg at den kyrakroken eigentleg høyrer heime i Feios - huset med frukthagar og sprakehage kan vel på det næraste kallast et landsted!!! http://denraudetraaden.blogspot.com/2010/06/melding-fra-der-himmelen-og-havet-er.html

    SvarSlett
  3. Har vært lenge i bloggen din og tittet og lest, ser ut til at vi har en felles interesse! Kyr! Jeg har også ganske mange, for å si det forsiktig. Nå gleder jeg meg bare til å besøke flicrgalleriet ditt! Ha det fint, og lykke til med behandlingen!

    SvarSlett
  4. Takk for det!
    Kyr og ulike andre dyr også, - er så absolutt eit godt samleobjekt! Det er snakk om uendelege mengder av ulike variantar som står der og treng å verte tekne vare på!

    SvarSlett