søndag 8. mai 2011

Opphengt i kyr!

Har fleire kuknaggar, - berre ein er førebels fotografert.

Eg har ei formeining om at denne frå Bengt & Lotta er handla i bui hjå Bente i Storgata 7 på Stranda, sjølv om den gjerne kunne vore handla på Ting i Førde/Bergen eller Husfliden eller tilsvarande i by'n!
(ooops - sjekk side 15 av 23
Tingbutikken si brosjyre på verdsveven. Den kua skal få bu med meg på Haukeland Hotel frå siste veka i mai og heile juni!)
Sola skin litt gjennom eit tynt skylag i dag  - det er rikeleg med bjørkepollen i bygda - men rette belet å sitje ute på gatetrappa med eit kaffiglas.

2 kommentarer:

  1. Takk for kommentar i bloggen min. For all del, jeg synes ikke norskfaget er kjedelig, og jeg liker både bokmål og nynorsk. Jeg er nordlenning, men vestlenning i tre ledd og en av oldefedrene var fra Gulen i Sogn. Jeg er bare så lei av å rette oppgaver akkurat nå, for jeg synes de spiser opp alle helgene mine. Nå er jeg nesten ferdig med norskoppgavene, og da står engelskoppgaver for tur. Det er en evig runddans. Jeg har ikke sett bloggen din før, så nå skal jeg kose meg med den. Ha en fin dag.

    SvarSlett
  2. Eg fyl mange ulike bloggar av svært ulik art - betydeleg fleire no når eg har vore sjukmeldt sidan slutten av september.
    Då eg les:" Og Erna - jeg har fått med meg at du vil gjøre nynorsken valgfri i ungdomsskolen. Du skal få min stemme!" - tenkte eg på alle dei dyktige lærarane eg har hatt gjennom tidene. Smilte med tanke på universitetsutdanninga som kunne ha vore nytta i skuleverket, istaden for å jobbe 3.kvar helg, annakvar jul&nyttår osv...
    Når Høgre som parti vedtek å arbeide for at skriftleg sidemål skal vere valfritt og det vert synleggjort som ein kamp mot nynorsk, vert eg lei meg.
    Avspassering og kompensasjon for helgar til tentamensretting får vel du gjennom ein noko lengre friperiode om sommaren.
    Tilrår uansett lesing av Thor Bjarne Bore sin blogg i dag: http://bore-aktuelt.blogspot.com/2011/05/frivillige-2gradsligninger.html

    SvarSlett