tirsdag 3. mai 2011

Grønnkål - ny næring

Synest minimalisme som innreiingsfilosofi bør få større utbreiing!
Eg slit hardt for å få meir minimalisme inn i heimen som diverre har eit visst maksimalistisk snev...
Denne grønnkålskåla handla eg førre laurdag.
Medan den ventar på å få ein meir verdig plassering, er den testa som knappenålboksskjular - og det funkar!
Var på eit møte om næringsutvikling på rådhuset i går. Det skal arbeidast fram ein definisjon på kva omstillingsgrad som høver for kommunen. Konsulentfirmaet som sikkert er godt betalt for det dei gjer, fortalde at dei kommunane som lukkast best med slikt, er dei som baserer seg på det næringslivet dei har og er best i frå før og utviklar det vidare.
Lærdal er gode på tidlegproduksjon av grønsaker og bær, - nest tørraste kommune i landet og dei flate fine bøane ved fjellfoten langs elvi, kan vatnast kunstig...

3 av bedriftene i Verneområdet i Øyragata som vert drivne i tillegg til anna arbeid er Lite nytt, Ellen Antikk og  Brukthandelen, der grønnkålskåla er kjøpt. Som ein del av entreprenørskap i skulen driv 10.klassingane brukthandel i eit butikklokale på Øyraplassen
Lærdal har vore eit samferdsleknutepunkt lenge før Lærdalstunnelen og E16; og før kongeveg og postveg og landets første telegraflinje mellom Oslo og Bergen har mangt nyhende gått gjennom dalen. Laksefisket i elvi har lokka turistar lenge før dei byrja å kome i store mengder i buss.
Grønnkålskåla har altså mykje god næringsutvikling i seg - landbruk, gjenbruk, entreprenørskap, samferdsle, ikt og turisme.

6 kommentarer:

  1. Fin skål, Bente! Og so synes eg du har samla mykje godt om Lærdal i den, sjølv om den i det verkelege liv fungerar som knappenålsskjular

    SvarSlett
  2. Førebels står den på spisebordet som rein dekorasjon - det er relativ sjeldan det er bruk for knappenåler ved spisebordet - hadde det ikkje vore så overfyllt på arbeidsbordet av midlertidig henlagde bøker, blad, papir og kvitteringar og anna rusk, kunne den vore teiknestifthaldar...
    - men det er godt å bu i det vakraste vegkrysset i Sogn sånn til kvardags, - iallefall no når sola når oss og sommaren er komen!

    SvarSlett
  3. Trur styggpen er ordet her :o)

    SvarSlett
  4. Det er liksom ikkje spart på noko! Livet før den kom i Brukthandelen har kanskje ikkje vore så hardt, - men det er litt svinn på glasur og kantar - den har noko overskot i seg - og styggpen er igrunn eit godt dekkande ord!

    SvarSlett
  5. Eg hadde tenkt å skrive det i går, men torde ikkje ... Eg har nokre slike ting. Eg vert ikkje eining med meg sjølv om dei er fine, men eg liker dei. Dei har noko over seg!

    SvarSlett
  6. Ein vel møblert heim har slike ting!
    Eg likar eigentleg reine fine former & gode overflater - eller "gødt skøpa" -
    men du verda kor mykje anna som har kome innom dørene i heimen!

    SvarSlett