onsdag 18. mai 2011

Ei veke til strålestart!

Ein knagg til å henge viktige ting på!
Handla ein kvanstaden der det er naturleg for syskenbarn Edith å handle!

Freistar å bu meg på starten på stråling og å vere vekke heimanfrå sånn på det jamne, i såpass mange veker -.
På tide å ta fram strikking av åttebladroser, ein treng eit kvart å gjere når ein har lange kvardagar utan å skulde på at mangt skulle ha vore gjort i heimen... LOL!

Sjølve strålinga tek berre 30 sekund, ei av dei tilsette sa det slik, det som tek lengst tid var å kle av seg og vente på tur og anna klargjering av strålinga som å ligge på benken på same måte som under førebuingane...

- tilogmed treningsklede er naturleg å ha med om ein nyttar dei ulike tilbodaPusterommet i Sentralblokka.
Det er ikkje til å kome vekk i frå at eit slikt tilbod er betre enn eit råd i forbifarten om at ein gjerne godt kan vere aktiv i perioden ein får cellegift... Ein kan ikkje berre fare på Nattjazzkonsertar og Festspelaktivitetar, fordi ein er i by'n på rette tida av året!

5 kommentarer:

  1. Eg har smilt meg gjennom Kuregisteret ditt på Flickr (og eg smiler enno). Litt av ei samling du har. Sjølv samlar eg på fingerbøl - dei tek noko mindre plass :) Lukke til med det du skal i ferd med...

    SvarSlett
  2. Så flott treningslokale! Nyt det - så langt som råd er under slike tilhøve. Enno er det no ei veke fram i tid. Eg ville ha lasta Ipod'en full av godt stoff - alt frå Herremagasinet til lydbøker av Alexander McCall Smith.

    SvarSlett
  3. Laila - det er så mangt slag storfe som vert lagt ut på marknaden! Vert ein først hekta på eit samleobjekt finn ein det på dei pussigaste plassar. Men det er ein meir nyttig storleik på fingerbøl!

    Miranne - jepps!!! og det er liksom så lett tilgjengeleg - med rådgjeving i tillegg og det anar meg at fellesskapskjensla kan gjere sitt også! Eg freistar sjå på det som ein 5-6 vekers treningsleir! - Har testa at eg er i stand til å blåse opp lunga og halde pusten i dei 30 sek. strålinga varer så då sparer eg hjarta for stråling også - og for eit forbetringspotensiale eg har!!!

    SvarSlett
  4. Du kan jo sjå på det som sparing: EIN time med personleg trenar kostar 600,- på Gold's. Og det er VELDIG langt mellom dei gratis tipsa der i garden.

    SvarSlett
  5. Nettopp! Når ein ser på det som gratis treningsleir på hotell i 5-6 veker med fullpensjon og personleg trenar så vert det endå meir godt å sjå fram til!

    SvarSlett