onsdag 21. juli 2010

Livet i Ø27

Vaskar andre vaskemaskina - mange fleire ventar - kva skulle vi ha gjort utan tørketrommel?!
Brownies og 3 korger jordbær klar til feriebesøk på veg heim til den vakre dalen i Sunnfjord!
Har også fleire ringar av kransekaka og store mengder is i frysen - om andre har udekka kosbehov i desse regntunge sommarsdagane - vi er ikkje på MC-tur...
Mellomskrift: No har sunnfjordingane sett kor flinke vi er i gjenbruk er i Indre Sogn - dei har besiktiga bygget (bilde 4&5) der taksteinen frå huset deira skal få eit nytt og tørrare liv!
Etterskrift: uendelege mengder regnvatn - vi har planar om å ta Hardanger og Bergenstur med bil i helga, ikkje MC - synest framleis det ser ut til å vere fare for ras litt for mange plassar!

6 kommentarer:

  1. Trur heilt sikkert minst ein i heimen kan ha glede av denne: http://tinyurl.com/33opkdq

    Ingen tørketrommel her i huset -

    SvarSlett
  2. - og så lekker raud sykkel ho hadde!

    Du har gjerne tak å henge klede under slike dagar du då!

    SvarSlett
  3. - og dei hadde strikkekafe også - då må vi kunne ha quiltekaffi!

    SvarSlett
  4. elles såg eg nettopp denne http://mittlappeliv.blogspot.com/2010/07/gryteklutar.html

    SvarSlett
  5. Har to stativ inne, det eine på bad med kablar. No kjem englebarnet att i kveld med to vekers skittetøy frå ferie i sydlegare strok.
    Ja - MC-quiltekaffi :o)

    SvarSlett
  6. Kjekt å sjå mønsteret i bruk framleis. Men er det verkeleg fem år sidan?

    SvarSlett