lørdag 14. januar 2012

Eplekvilepute

Denne puta er eigentleg eit resultat av Miranne sitt kurs i Eldhuset
ein gong i fjern fortid med
Convergence-teknikken til Ricky Tims.
Planen var at det skulle vere ein veggkvilt.
No var løysinga å lage pute,
med framsidestoff som bakside.
Sidan resten av det grøne stoffet med glidande overgang lyst/mørkt
og eplestoffet manglar i dei ulike variantane av farge&temasorterte stoff -
er nok begge samla i ein eller annan pose eller boks for igangverande prosjekt.
Difor vart det djupraudt linstoff med konvoluttopning på baksida.

Den store puta skal til den store sofasenga på stova i Provincen.

Eg flyt framleis på ferdiggjeringsbølga - det er greitt å vere der...
er fullt klar over at eg har tre nesten ferdige store quiltar
men eg satsar på stigande formkurve!
Det vert nok meir korstingsbrodering på Bystudenten sine bunadbukseselar,
eg bør ta ei avgjerdsle kva slags variant av bunadsskjortebroderi
han skal ha - i.e. eg skal sy,
før eg skal innom Husfliden i by'n på tysdag.

4 kommentarer:

  1. Puta di ble kjmepefin, og flott kveldsveske du har laget - med refleks, så kjekt :)

    SvarSlett
  2. Puta ser fin ut, artig mønster. Ikkje dumt å forandre litt på planane undervegs, slik at ein veggkvilt kan bli til ei pute. Kjekt med ting som blir ferdige. Ha ein fortsatt fin laurdagskveld!

    SvarSlett
  3. Flott pute du har laget. Har selv sydd duk i samme teknikk - ganske morsomt :-)

    SvarSlett
  4. Tusen takk for hyggelege attendemeldingar!

    SvarSlett