torsdag 10. november 2011

Etterkontrollert - igjen!

Åt thaimat på Bambus i Marken 33 i går - godt å ete - godt lokale - god service.

Møtte i tillegg Bystudenten og Trønderinna på Cafe Opera, då vert no alt greitt!

Quiltehuset er i ferd med å selge ut alt - dei vil slutte til nyttår.
Vi rakk ikkje butikken innanfor opningstida sidan det er 16.30 onsdagar.
Triste greier, det er ein veldig god og hyggeleg butikk å handle i, -
 det betyr vel at vi har handla forlite der!

Vi har hatt ein bytur via Provincen - overnatting der og i Vognstølen og ein onsdagstur på Haukeland.  

Denne gongen var det mammografi av det eine gjenverande og ultralyd frå alboge til alboge -
ein lymfekjertel er igjen i på innsida ned til albogen,
i følge røntgenlegen såg den frisk ut og kan vere årsaken til at eg ikkje har lymfeødem.
Greitt det, - så lenge den verkar!
Nokre vanncyster i det gjenverande, 
røntgenlegen var sikker på at dei ikkje var noko å bry seg om,
ho skulle be Førde sende bilda frå august i fjor, - dei hadde ikkje kava seg opp med å sende dei endå.

Det er godt å kjenne seg sånn litt lukkeleg etterkontrollert!


3 kommentarer:

  1. Sikker på at skuldrene har senka seg litt etter dette. Godt nytt!

    SvarSlett
  2. Kjenner den følelsen sjølv om eg ikkje har vore på noko etterkontroll enda - har berre hatt to celelgiftkurar endå. Men eg har vore der med ein mann - på etterkontrollar og kontrollar og det enda med begravelse for vel to år sidan....så den følelsen av usikkerheit fram mot kontroll er ikkje god, men nødvendig og då må vi ta det med. Kjem nok til å grue før kontrollar - men den tid den sorg:-))

    jannetove

    SvarSlett
  3. Ja, Marianne - slikt senkjer skuldrane og styrkjer opplevinga av at Haukeland er ein god stad å kome til!

    Ja, Janne Tove - kjensla er ikkje god - du skriv det så fint;- men nødvendig og då må vi ta det med.
    Eg minner meg om at overlevingsstatestikken er på oss brystkreftbehandla si side.
    - og hald fram med å nyte dei gode stundene og dagane!

    SvarSlett