mandag 21. november 2011

No er det Vaskar Anna-loftet sin tur til å verte vakkert!



Dette vinterbiletet er frå 2009, resten er tekne i dag med unntak av det som er lånt på Porten!
Eg er oppteken av at dei mange bygningane i Verneområdet og for så vidt også bygningar utanfor bøagarden vår vert tekne vare på.
Slik sett kan det likegodt gjelde alle huseigarar med halvgamle bygg som skal skifte vindu at dei nyttar vindu som kler bygget, - også om bygningen er frå førre århundre!

Det er ikkje berre dei store flotte bygningane - dei som gjerne på folkemunne vert kalla verneverdige - som er verdt å verne, men også små og usynlege bygningar og uthus.
Det kostar også å ha ta vare på eit uthus eller ei anna bygning som ikkje vert nytta,
- dei som ikkje gjev inntekt eller kan ha ein annan funksjon enn den opphavelege.
VaskarAnna-loftet er ikkje eit lite bygg som Raudestova, men har hyst to husstandar i andre høgdi.

Kjellardøra til venstre har nok vore enklare å opne enn no!
Det har vore ei bratt trapp frå kjellardøra og opp til to dører -
det er spor av ei dør til venstre for den som er opna.
Det har kanskje opprinneleg vore eit naust som har vorte forlenga og fått ein etasje til,
ei ikkje uvanleg utvikling av bygningar her i det opphavelege strandsitjarområdet.
Vaskar Anna-loftet har i ein lengre periode vore eigd av Lærdal kommune
om eg ikkje tek feil så var det tidlegare også eigd av Lærdal sparebank.
Vaskar Anna vaska i banken.
No er namnet på bankbygninga Kulturbanken, det er der Kulturskulen høyrer til!
 Meir om Lærdal kommune.

Næraste naboane - eigarane og vertane til Sanden pensjonat
fekk kjøpt loftet med plan om å gjere det om til privatbustad.




Det har teke tid å få kartlagd tilstanden til loftet.
Endeleg har den høgst påkrevde restaureringa av Vaskar Anna-loftet starta,
etter antikvariske prinsipp.
No er tømrar/snikkar Knut Olav Lie og arbeidsfolka hans igang med å rive/plukke ned loftet slik at dei kan ta mål av dei delane av tømmerstokkane som må erstattast grunna husbukk eller rote.





 Vaskar Anna-loftet får ny grunnmur og kjellarrom, - loftet har også vore i ferd med å rotne på rot.
I underetasjen har det vore naust med tregolv - i dei seinare åra var det lagringsplass for søppelspann for dei kommunale bygga i området.
Ein av eigarane til Sanden pensjonat og Vaskar Anna-loftet, arkitekt Hallvard Trohaug Mnal
har teikna det som vert ein god bustad med indre kvalitetar og samstundes vert dei ytre kvalitetane til loftet tekne vare på. 

Dette biletet er frå den lokale verdsvevsida Porten.
Vaskar Anna loftet har også vore utstillingslokale for vernearbeidet som vart sett igong på Lærdalsøyri på 70-talet.
Litt endringar vart gjort då - ny trapp og nytt vindu for å gje betre lys til utstillinga.
Ein særs viktig og sentral person i vernearbeidet var sivilarkitekt Claus Lindstrøm,
fagleg leiar og sekretær for Arbeidsutvalet for gamle bygningsmiljø på Lærdalsøyri.

Eg kan ikkje gløyme Primstaven heilt heller -
det er Marioffer i dag.
Frå Språkrådet si verdsvevside - sprakradet.no:
21. november er marioffer, ei gammal kyrkjehøgtid til minne om at jomfru Maria som barn vart førd til templet i Jerusalem som offer til Gud.
Primstavmerket kan vera eit krona hovud med strålekrans.
Den dagen var det etter den folkelege tradisjonen skikken å betala tiendeull til prestekonene.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar