Sidan førre laurdag har eg og han hin vore på Montebello senteret i Mesnali.
Dei fleste av oss på Meistringskurset (eller Mestringskurset :-D8 !) som var der for første gong,
reiste heim med klare formeiningar om at dette ikkje var det siste kurset!
reiste heim med klare formeiningar om at dette ikkje var det siste kurset!
Eg er heilt klar over at eg kjem til å verte ein Montebello-predikant
- det var eit særs vellukka opphald -.
Ei kjensle av å vere inne i ei boble kanskje
- der verda stod litt still, -
Ei kjensle av å vere inne i ei boble kanskje
- der verda stod litt still, -
med tid til å trene slitne kroppar
og sette igong prosessar for å kome attende til arbeidsliv og kvardag.
og sette igong prosessar for å kome attende til arbeidsliv og kvardag.
Svært mange opplever mange slags biverknader og fatigue i ulik grad etter kreftbehandling.
Det var ei travel veke fylt av særs positive opplevingar - særs god mat -
særs gode førelesarar - særs gode gruppemøter for oss -
partnarane våre hadde eigne etter det dei fortel særs gode gruppemøte -
partnarane våre hadde eigne etter det dei fortel særs gode gruppemøte -
særs positive fysiske utskeielsar ute, inne i varmtvassbassenget og gymsalen -
og særs gode møte med menneske eg håpar å møte igjen på Montebello eller andre stadar!
Ekstraprogram på kveldstid gav mange herlege stunder
slikt som standupkomikar, korkonsert, musikarpar som sjølv var på kurs
og besøk frå Lillehammer husflidslag som lærte oss å lage saueperler,
også beskrive som tova smykkekuler av merinoull
og julekulestrikking.
At ei av kursjentene lærte vekk strikking av ein hals som liknar den
Maskeblomster har laga oppskrift på,
sørger garantert for mange heimelaga julegåver og nypynta jenter!
Zumba var også eit ekstra tilbod -
hadde store nok problem med å følge fotarbeidet til fysioterapeuten,
men moro var det trass i stive kroppar - vonde ledd og manglande styrke -
cellegifta verkar også inn på alle dei andre cellene!

Kjenner på meg at eg og vil ta med kjæresten på ei slik veke, men det er nok for tidleg enno...må bli ferdig med behandling først trur eg:-))
SvarSlettjannetove
Nokre på "Bryst under 55" var ferdigbehandla for eit års tid sidan, dei fleste i løpet av vår/sommar/haust og nokre få var nett ferdig -
SvarSlettLa det vere ei av dei store gledene å sjå fram til!
Lukke til!