tirsdag 30. august 2011

Tankar til Jeriko og samansauming.

I dag helsar vener i Jeriko og muslimar over heile verda kvarandre med Eid Mabruk
- ei religiøs helsing knytta til den store høgtida som markerer avslutninga på Ramadan.
Hjå oss vert kanskje tilsvarande som at vi alle helsar kvarandre God jul!

Når det no vert planlagt neste vitjing frå Jeriko
tenkjer eg naturlegvis på turane i 2009 og 2010.

Den første av kreftlegane mine i Førde skjøna ikkje kva eg hadde i Jeriko å gjere om hausten,
sidan han hadde opplevd at det var den grøne våren som var den vakraste årstida der også.

Han gav meg grunn til å tru at det absolutt var sannsynlegheit for at det vart vårar etter oktober 2010 til å reise dit.
I gårkveld vart tankane om vårtur styrkt!
Her er ei lenkje til ei bildevakker bok som viser viktige bitar i historia til byen

Eg saumar saman den japanske og tok den med meg på Eldhuset i gårkveld for å gjere litt handsaum.
Samansauminga av tre kvilta deler til eit teppe går forbausande bra!
Sidan eg skulle på eit anna møte etterpå, for eg ikkje heimatt for å hente det som snart vert eit grønt/svart teppe då det vart diskusjonar og forklaring om korleis lappane eigentleg såg ut!
Eg lova å legge ut bilete -
så her M-K og K-A er det!
Eg tek det med neste måndag!

Etterskrift - Her på bloggen Sister's Choice Quilts,
er ein ny eller ansleis måte for å få dei kviltelinjene ein vil!
På den japanske har eg nytta ein kritblyant, ein "trykkblyant",
- den har "kritbly" både i kvitt og ulike fargar.



5 kommentarer:

  1. No må du hugse eigen reisekasse for B'ham. Hausttur!

    SvarSlett
  2. Du har heilt klart eit poeng der!
    Eg må nok oppgradere feriesparetiltaka!
    Det vert enklare å seie - ja takk, begge deler - når det er litt distanse i tid mellom dei! Reknar med at eg ikkje har nok feriedagar til B'ham i august, epleplukking i september og Jeriko i oktober!!!

    SvarSlett
  3. Eg har gått i Bergen i dag og sett på alle dei festkledde ungane som har fri frå skulen, alle familiane som kjøper god mat og alle dei gamle damene på bussen med glitter i skauta. Eid er ei fin høgtid!

    SvarSlett
  4. Smiler med tanke på bileta du lagar hjå meg!Håpar det går fint med deg og turane dine!
    Det høyrdest ut som om Mor di også kunne tenkje seg ein seinvinter/frykteleg tidleg vårtur.

    SvarSlett
  5. Hausten 2013, altså. Nye feriedagar då :o)

    SvarSlett