onsdag 7. desember 2011

Huldra på Lunden og Vaskar Anna på Øyri

Hjarte og stjerne vart med heimatt i gårkveld.

I går hengde eg frå meg jakka i ein snekkerverkstad - eg var på Aurland husflidslag sin strikkekafe hjå Huldra i Flåm.

Her er Fjesboksida til Huldra Husflid og Kunsthandverk.



Huldra Husflid og Kunsthandverk og snekkarverkstaden held til i Gamle samvirkelaget i Flåm.
Torill og Wenke driv Huldra -
og snekkaren er mannen til Torill, men også
snekkaren/tømraren eg har skrive om i høve rivinga av Vaskar Anna-loftet.


Jorun Barane frå jord- og hagebruksskulen fortalde historia om Storyteller Sue Reed
og Storyteller-kjolen hennar.
Kjolen vart til medan Sue Reed gjekk/reiste i fleire land, 
- dei ulike mønsterrapportane kom til etterkvart, - inspirert av der ho var.

Storytellerkjolen er utstilt hjå Huldra - og boka som dokumenterer prosjektet fyl med -
i boka kan dei som vitjar utstillinga skrive eller teikne.

Eg har fleire nyare bilete av Vaskar Anna-loftet, sidan eg var på Gamle samvirkelaget i Flåm i går, vart det  naturleg å legge ut nokre av dei!
Vaskar Anna-loftet er vekke.

Vaskar Anna-loftet er mellombels lagra til neste år!
Når ny kjellar er ferdig, - kan Vaskar Anna-loftet byggast oppatt! 













2 kommentarer:

  1. Kjekt med strikkekafe - eg går to gangar i veka så langt forma held. Sliten etter 3.kur no men det rettar seg sakte men sikkert.

    Ha ein fin førjulskveld:-))

    SvarSlett
  2. Det var skikkeleg triveleg, søget frå spøtande damer var stort - vi oja og bar oss over lekre plagg strikka av dei ulike garntypane dei hadde - og ei av jentene hadde med ein nydeleg baby - det vart ikkje mindre ojing då!

    I fjor på desse tider hadde eg min 3. av åtte kurar - du verda kor lenge det er sidan.
    Ta vare på deg sjølv - kvil når du er sliten - det er det allerbeste rådet eg kan gje!
    Ha ein fin førjulskveld du og - vi er på veg til ein god heim i Sunnfjord!

    SvarSlett