onsdag 21. desember 2011

Hjarteleg tilstades!




Har funne fram
juledukar og juleløparar og julekuler og julenissar og julepynt og julelysestakar og
naturlegvis også julekrybba i oliventre eg handla i Betlehem i oktober 2009.

Korstingsbrodering har alltid vore av dei handarbeid som får meg til å tenkje og sortere tankane,
at fingrane mine ikkje likar det - er ei heilt anna sak! :-D8!
Eg har starta broderinga av bunadsbukseselar til Bystudenten sin Fanabunad,
har det travelt - Husfliden i By'n kunne levere til 17.mai!
Gudmora i By'n har lova å strikke strømpene - (biletet lånt frå norge123.no) !
og kvitsaumen til skjorta må vere ferdig lenge før den tid.
Eg har ein plan om å starte første veka i januar!
Bunadbukseselane kan gjerast ferdig 16.mai - skjortesaumen må vere ferdig før!

I morgontidleg klokka 5.30 er det vintersolkverv
då snur sola -
det går mot lysare tider,
på alle måtar!

Det er mangt som har skjedd siste året, her er innlegget frå sommarsolkverv
- no kan også eg kalle meg ein kreftoverlever!
Går og nynnar på melodien til denne teksten av Finn Kalvik

I MELLOM TO EVIGHETER

Har du drømt om det
Å bli en lykkesmed
De fleste av oss har planer
Som vi aldri gjør noe med
En gammel mann sa på tv
Tenk all tida vi kaster bort
De fleste mennesker angrer bare
På ting de aldri fikk gjort
Jeg tror på et liv før døden
Jeg lever og lærer og er ingen profet
Jeg tror på et liv før døden
For hvem vil vel leve i all evighet
Bruk tida di nå
Før det er for sent
Vær ydmyk, men ta for deg
Din framgang er fortjent
Sjøl står jeg til rors hele tida
Og har plenty av balast ombord
Men går jeg ned ei stormfull natt
Så står jeg ved hvert eneste ord
Døde legender har evig liv
Ja det tror jeg på
Mytene lever til Dovre faller
Sjøl vil jeg leve mitt liv her og nå

2 kommentarer:

  1. Ja tenk i morgon tidleg snur ho og det går mot vår:-)) Rart å lese innlegget frå 6 månader sidan - gler meg på å kome så langt eg og. Usikker på om det vert ståling ennda - men får vel svar neste gang eg er på kur og då er det nest siste kuren:-))

    Klem

    SvarSlett
  2. Lysare - men kanskje berre fordi det kom eit kosmetisk snølag i gårkveld og natt.
    Naboen har sendt melding om kvar snøskuffa står - vanlegvis kostar vi vekk snøen!
    Kvart einaste tilbakelagt stadium er ei glede - det er godt å tenkje det slik!
    Klem

    SvarSlett