søndag 27. november 2011

Kviledag!!!

Vakne så seint at det er søndagspreika som er på radioen i dusjen på badet - då må ein kunne seiast halde første del av kviledagen heilag.


Ein av dei mange gevinstane i julelotteriet til husflidslaget, er denne strikka julekrybba.
Lærdal husflidslag har julemesse i foajeen i Sogn kunstsenter - Jerikobui er også med og Ellen Antikk si lærdalsavdeling og  Lærdalsøyri brukt og antikk -  elles ost og mølseprodusent frå Veitastrond,ei skinn og vevnadspar frå Sunn-hordaland - garn og spøtejenter frå Hallingdal, hudpleie og smykkeprodusent frå Underdal.


Tenkje seg til at nokre samlar på sauer også, - :-D8 !!! -, denne i bui til garndamene frå Hemsedal, der eg plar kjøpe strikkakyr og kyraknappar når det er Lærdalsmarknad og Haustmarknad.
Eg har handla Dale Monjita- garn til halsen som "alle" strikka på Montebello førre veke - kanskje eg skal nytt nokre av kyraknappane som ein del av dekorasjonen på den!

Eg gler meg til å få det store metallhandsbandet - i resirkulert materiale - i ettermiddag når julemessa har søndagsope!

Heldigvis har julemessa ope neste laurdag også - her er det rom for mykje god julehandel - og julekakene gjekk visst unda i år også!

- og her er lenkja til artikkelen på Porten!

2 kommentarer:

  1. Spennande med julemesser og så kjekt å kjøpe julegåver på ein slik plass - noko som ingen andre har kanskje.

    Ha ein flott søndag:-))

    SvarSlett
  2. Eg trur eg likar stemninga, med litt forventning i lokalet også!
    Sidan ein har vore med på slik messe nokre gongar - og dei to andre marknadane i Lærdal -
    er kanskje litt av gleda kontinuiteten...

    Det store metallhalsbandet er laga i gummi - er lett og mjukt - lett som dei andre smykka som Eke Krug lagar! Ho nyttar mange teknikkar og har smykke med særs ulike uttrykk!

    - Ynskjer deg ein flott søndag attende!

    SvarSlett