onsdag 28. desember 2011

Romjulskyr og Dagmarbesøk

På tide med eit blogginnlegg om dei viktige og stabile faktorane i livet, -
no når både Dagmar og skjørtekantane hennar,
(eller nye stormar etter Dagmar!)
 - stendig kjem innom på ekstrabesøk.

Den til høgre er heilt ny - tvillingsystra har eg hatt sidan i vår...
Eg hadde tilogmed gløymd den!
Julepresangny er den uansett!
NB! OPPDATERING:
Solveig på Solveig si side har i ein klarsynt kommentar
namngjeve tvillingkyrne:
Dagros og Dagmar!!!
I 2012 vert det endå ein god grunn til å spare - ei julepakkeny sparekyr!
Skulle det verte ekstra kaldt - er denne julepakkenye varmekyra god å ha i lomma!
Innpakning til papirlommetørkle - kyrastoffet visest best på baksida - julekyrapakke!

Denne litt triste kyra er også frå Lærdalsøyri Brukt og Antikk

Berit knekte julegrana på Rådhusplassen
og det gjorde Dagmar naturlegvis også!
Har lånt biletet frå verdsvevsida Porten.
Inntil i går var julegrana ikkje røyst opp igjen - sikkert like greitt!
Det har vore skader av vinden lengre opp i dalen - her på Ljøsne - også eit lånebilete frå Porten

Biletet frå NrkS&fj av raset på Fylkesveg 53 mellom Fodnes og Naddvik.
Vi feira julehelg i Øvre.
Vi hadde høyrt meldinga om Dagmar - det var heilt stille til lang utpå 1.juledag.
Det tok brått til å blåse sterkt medan vi åt sein middag.
Vi ville reise for å sjå om hus og heim -
  trass i meldingar om å halde seg i ro.
Eg var redd på turen - det låg mykje stein og tre på vegen langs Årdalsvatnet og Årdalsfjorden.
- denne skreda kom etterpå!
Det gjekk bra - og straumen forsvann rett etter vi var heimkomne
Vi leitte fram batteriradioane,
og sparte litt på laptop'batteri, -høyrde og såg ein del på verdsveven -
 men fann ikkje spritapparatet vi har nytta på MC-turane.
Då straumen kom attende neste dag,
 sørga vi difor å lade batteri og heile tida ha varmt vatn på den største termosen,
heilt til meldinga kom i går ettermiddag om stabil straum!
Dagmar har skadd og øydelagd mykje på sin veg -
det er mykje skadd infrastruktur som det vil ta tid å få orden på...
- og mangt har kome i andre rekkjefylgjer enn det var tenkt for alle som har vore på reiser.
Mykje mannskap har arbeid hardt og risikofylt for å gjere det betre for oss hine -
som eigentleg kun har bekymra oss over om varmevatnet i termosen er heitt nok...

Hjå naboen har eit av dei store trea i hagen velta, - utan skade på folk eller eigedomen!
Biletet er frå ein sommarsdag for 5 år sidan.

- og i dag kjem det nye meldingar om ny storm på gang - framleis i skjørtekantane til Dagmar...
Stormen er ikkje sterk nok til å få sitt eige namn - vi får vere glad for det!

6 kommentarer:

  1. eg synest det er heilt naturleg at tvillingkyrne vert heitande Dagros og Dagmar! Spøk til side: det er nifst ver. Vi har berre vore utan straum eit par runder. Ras er skummelt. Godt de er i god behold!

    SvarSlett
  2. Ha, ha - eg skjønte det var du som skulle få "kyralommedukane" :o)
    Me held oss heime i usikre tider. Svigermor er her, og me kosar oss inne med kaffi, mat og "Huset Eliott" på dvd. Den fengar tre generasjonar her i huset. Straum har me - og det har heldigvis Hydro også, sjølv om det har vore nokre harde tak for dei som steller med slikt der. Godt de kom velberga heim før alt rasa ut rundt oss.

    SvarSlett
  3. Tusen takk - naturlegvis var det dei einaste rette namna!
    Ein vert så inderleg liten og sårbar i slikt vêr, - når alt vi tek som "naturgjeve" vert vekke enten det er hus og heim eller straum og telefon eller heimvegen eller bussen eller matserveringa på NSB sine tog...
    Når det er det naturgjevne veret som er øydeleggar for så mykje - vert relativt mange av kvardagskrisene våre for inkje å rekne!

    SvarSlett
  4. Eg trudde ho hadde handla kyrapapirlommedukhaldaren i Sunnfjord - men naturlegvis ho var sjåfør i julemessetider!
    Reknar med det ikkje har vore enkelt å vere i straumen si teneste i Årdal heller - sjølv om det alltid (heldigvis) er straum der!
    Det er absolutt best å vere trygt heime slike dagar!

    SvarSlett
  5. Forstår at det har vore dramatisk hjå dokke. Her har vi stille dagar no sjølvom det regnar. Kos deg vidare - klem

    SvarSlett
  6. Takk for koseleg helsing:) Håper jula har vore fin tross Dagmar. Her vart den litt amputert, både pga ver, sjudom og rett og slett dårleg med søvn! Litt rar jul, men har no hatt fine dagar og.

    Godt nyttår til deg og dine!

    Klem Marianne

    SvarSlett