onsdag 14. desember 2011

Julekyr - eit innlegg i den omfattande bustadblogginga.

Naturlegvis skulle eg hatt alt på stell, gildt og ferdigpynta!
Funnen her, men ikkje handla,
 hjå Patience Brewster Krinkles.


Naturlegvis - sidan dette aldri kan verte nokon bustadblogg, - 
kan eg melde at verkelegheita i heimen er omtrent slik!:
Funnen her og handla
hjå Lærdalsøyri brukt og antikk.


"Driving home for Christmas" med Chris Rea kan settast på sånn i 17.30 tida på Julaftan,
då har naturlegvis nokon annan gjort jobben ein annan stad.
Men vi har iallefall kjøpt mange julekakesortar på Lærdal husflidslag si julemesse,
og hjå Naustdal dampbakeri,
Dei seier at dei av dei eldste bedriftene i Sunnfjord - gode har dei alltid vore,
med nærare ettertanke
må det vere i meininga at det er av dei som framleis er i gang med same namn.
Vi har plukka alle epla til årets eplejus
av vanleg og raud Aroma og litt Discovery,
ein uvanleg fruktig og søt årgang
- så er eg iallefall godt i gang! 

2 kommentarer:

  1. Det er så godt med det at det går ann å kjøpe mykje ferdig- eg sit og gler meg på at ynste sonen skal kome med fly over fjella i dag og då har han med kransekakemasse frå Askomat i Ørsta - den har eg brukt kvart år i mange år og den er knakande god:-))

    og jula kjem no uansett:-)) Klem

    SvarSlett
  2. Mor (83) har som vanleg laga kransekake til heile slekta, - naturlegvis med unntak av til dei som føretrekk fyrstekake...
    Ho har laga kokostoppar til meg, berre fordi ho veit at eg likar dei, men eg må vente til nyttårshelga...
    Er det rart eg tek det med ro med bakinga?
    Jula kjem uansett - og eg gler meg!
    :-D8 Klem!

    SvarSlett