onsdag 1. februar 2012

Omsydd veske


Veska er laga for lenge sidan -
den hadde svarte plasthandtak -
det eine knakk - også det for lenge sidan
- og slik har den venta på å verte teken vare på.

No har den fått lomme med glidelås og lomme til briller, mobil og pennar.
Veska har fått glidelås og har lange skulderreimar og nøkkelhankkrok.
Med andre ord - i dag har eg fått ny veske!


Eg har kvilt ut etter Montebello-opphaldet - og pusla rundt i heimen.
I dag trengst det både peis og varmepumpe for å halde komfortvarme i stova -
vi er ikkje av dei som treng høg innetemperatur
- men med minus 12 ute, trengst det litt meir!
Eg både broderer når det er lyst og strikkar åttebladroseteppe i finull
når det er litt mørkt.
Eg starta på teppet medan eg fekk strålebehandling på Haukeland -
eg trong eit sysselsetjingstiltak til dagane/kveldane på Haukeland hotell.
Eg hadde det med som strikkearbeid på Montebello også -
men eg hadde tydlegvis ikkje tru på kor mykje strikking det skulle verte i Gul sofa i Storstova!

Vi danna Montebello husflidslag :-D8!!!
og starta på Montebelloteppet sidan mange mangla eit spøt og garn var tilgjengeleg i kjellaren. 
For å kompensere for ulike garntypar, strikkefastheit osv.. vart
lappane strikka diagonalt i rillestrikk på til dei to sidene er21 cm - det er breidda på eit A4 ark.
Legg opp 3 maskar - 2 pinne: strikk 3 masker
3.pinne og vidare : Strikk 1 maske, auk med 1 vridd maske i starten av pinnen (alle pinnar) -
og når sidene er 21 cm
strikk ei maske og fell ei  på byrjinga av pinnen (alle pinnar)
til 3 masker - fell av
Flest mogeleg fargar for eit fargerikt fellesskap - 
eg er spent på å sjå om det vert mange lappar på Montebello om eg får eit marsopphald.
Eg har også fått tre lappar i posten :-D8!!!

Montebello skriv på nettsida si at det er ledige plassar på kursa som startat i byrjinga av mars.
Kjenner du nokon med høvesvis alle krefttyper utan spesifikke diagnosespesifikke kurs 
og kurs for dei med myelomatose, lymfomer og leukemier.


4 kommentarer:

  1. For noen fantastiske farger på vesken din; skjønner godt at du ville legge ned arbeid i å fikse den!
    Det er kaldt her også; ulltrøye, fleecejakke og full varme på i syrommet hjelper. I kveld skal jeg ut og sy, så da må votter og lue fram igjen. Herlig!

    SvarSlett
  2. For noen fantastiske farger på vesken din; skjønner godt at du ville legge ned arbeid i å fikse den!
    Det er kaldt her også; ulltrøye, fleecejakke og full varme på i syrommet hjelper. I kveld skal jeg ut og sy, så da må votter og lue fram igjen. Herlig!

    SvarSlett
  3. Trur eg har sagt mitt onm dei gamle hankane, Bente :o)
    Dette var eit oppsving - framleis ei nydeleg,varmande veske. Godt den er i bruk igjen. Minner meg om at eg har ei grøn som eg ikkje likar hankane på. Kanskje - -.

    SvarSlett
  4. Takk til begge for vakre, varmande ord!
    Eg trur vi alle treng ulltrøyer og ullstrømper slike dagar!
    Jaudå Miranne, - eg huskar godt korleis du omtala måten eg hadde festa plasthandtaka på!
    Difor er eg glad for at du melder betre no!

    SvarSlett