fredag 20. november 2009

Ein mimrekveld


Torsdag vart ein mimredag, mange jerikofararar møttest i kveld for å sjå igjennom ein del av bileta frå Jeriko. Naturlegvis medførte det at det vart mimring meir eller mindre gjennom heile dagen, og iallefall etter at eg fekk sett nokre av Mari sine bilete i den felles databasen vi freistar bygge opp...

- og for sikkerheitsskuld - har eg lånt eit bilete som Mari har teke -

Det er teke seint ein fredagskveld for ein månad sidan, utanfor biblioteket i Jeriko. Arrangementet er i all hovedsak ferdig og det er tid for den siste praten for denne gong.

Suad og døtrene hennar - og det nydelege sjalet eg fekk av henne...

Nokre av broderia hennar har eg allereie presentert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar