torsdag 16. desember 2010

Flinkaste son i studentbarnehagen


















Sidan det er lite førjulsproduksjon her heime hjå oss måtte eg vise julekorgene som Bystudenten har laga i all hovudsak etter at Trønderinna for heim og før han fer avgarde til Mormor&Morfar&Onkel på lang juleferie. Gjett om eg håpar på eit par i spisestovevinduet - gjett om eg har masa om å få nokre ferdiglaga og gjett om han har laga bruksanvisning til verdsveven forlengst!

onsdag 8. desember 2010

ein fredeleg dagen derpå









... kunne ikkje dy meg for å ta med Nemi frå førre veke i bt.no -
har møtt mange i helsevesenet sidan søndag ettermiddag som ikkje kjem inn under denne definisjonen vikarar!

Sit med biola, klibrød og stort teglas og summerer nokre ekstraordinære døgn - det er så trygt med rutinar som virkar...!

Fekk min tredje cellegiftkur i Førde i går, sidan dei no veit eg toler gifta godt,- slapp eg ut utan den 4 timar lange karantena etterpå. Eg rakk innom Ranels parfymeri for å kjøpe eyelineren eg fekk teste, - den som virkar no når augevippene forsvinn meir og meir. Løysinga er ein god kost og ei krukke med Lancôme sin Ink Artliner - ei stor servicestjerne til dama i disken hjå Ranels! - Handla brød og kosekaker og godteri på Olefine og fann raud hue, nytt skjerf og armband på KappAhl - og så gjekk sjukehusbussen heim. Eg var så trøytt at eg ikkje sov på nokon av dei to tretimars lange bussturane!

Måndagskvelden køyrde eg bilen heim frå Bergen, - tok fleire lengre pauser - og var vel heime rundt midnatt.
Han hin har vore til smertelindring og utredning for nyrestein på Haukeland sidan søndag kveld og kjem truleg med buss heimover i dag. Eit heftig akutt møte med noko nytt og usigeleg smertefullt på spaserturen frå Bybanen til ein restaurant i Vestre Torggate, - det var godt å ha Haukeland som lokalsjukehus etter nokre vonde timar på Bergen Legevakt,- på legevakta var antall legar omvendt proposjonalt med antall pasientar - tru om dei var på julekonsert...
Eg er ikkje sikker på kor trafikktrygg eg var då eg køyrde frå parkeringshuset på Bystasjonen til Bergen Legevakt for å plukke opp han hin for å køyre han til Haukeland etter vi hadde venta på ein taxi i 45 minutt!
- offentleg administrering av sjuketransport på ein plass det kryr med taxiar er ikkje alltid logisk...
Overlegen på Bergen Legevakt sto igjen som eit spørsmål då eg bad HAN om å avbestille taxien... LOL!
Det er greitt å ha budd nokre studentår på Nedre Nygård på 80-talet - eg kunne koble inn autopiloten istaden for GPS'en... gateløpa er der endå, om enn nokre har endra retning - dessutan Bybanen og store endringar i bygningsmassen...

Etterskrift - sidan det av ulike årsaker vart snakk om Lerums julebrus  på rommet på kreftpoliklinikken i Førde der eg saman med to andre sat og fekk cellegift i går - og kommentaren frå ein av sjukepleiarane var  det skulle vi gjerne hatt her på klinikken til jul - "men brus og slikt er av dei første tinga vi får nei til" - vart hengande i lufta...
- den hang lenge nok til at eg sende "kjelda" ein forespurnad, før eg liksom sette i gong ei kronerulling...
No litt over halv eitt kom telefonen frå Lerum - klart dei var med - dei hadde i tillegg nokon som skulle oppover. Nett no rullar det ut ei lita "julehelsing frå Sogn" frå Kaupanger til Førde.

fredag 3. desember 2010

Bytur via Vikafjellet










Snøen kom såvidt før vi for frå Sogn- det er mildver på gang.
Ikea og Åsane senter på veg til by'n -
Burger på Inside i Vaskerelvsmuget og dessert og kaffi på Yr i Marken med Bystudenten - Trønderinna og vertinna i Vognstølen - koos!

torsdag 2. desember 2010

Kyrkjetur i Provincen










Det var kaldt i Provincen sjølv om ein har meldt frå til varmovmnane at dei skulle vere på. No har vi fyrt med ved i eit døgn - og gjennomsnittstemperaturen er god.
Det var hyggeleg å sjå hjarteadventsstakane i stovevindu då vi kom, - vi gjentek det ofte - det er hyggelegare å kome til eit hus som ser levande ut.


Det er allerførste gong eg har vore inne i Feios kyrkje. Eit vakkert, reint og enkelt kyrkjerom med blått tak og skura tømmerveggar utan glasmåleri - ei fin råme kring ei gravferd.

Vi nytta høvet i det kalde fine veret å ta ein tur til Fresvik  - ryggsekken og kameraet låg diverre igjen heime.
Frostrøyken sto opp frå Sognefjorden - blå himmel med nokre få skydottar og ein skal langt til fjells for å finne snø.

onsdag 1. desember 2010

- og så var årets siste månad her...











Måtte berre ha med Nemi frå BT i dag - det er ikkje alltid greitt å kome med dei rette trøstens eller støttande orda - enten dei er ærlege eller ikkje!

Har opna Sogn avis og Nrksf og Samlaget sine julekalendarar og levert rett svar - naturlegvis...

Eg frys - det er 14 minus ute og ikkje heitt nok inne!

Kosar meg med litt av resultatet frå gårsdagens førjulskollegamiddagstur til Sogndal - 3 nye quilteblad og den nye boka KØDD frå Geriljabroderi som hadde presentasjon på Son Mu i hovedlandsbyen sist laurdag, - på Notabene hadde dei eit eksemplar i går! Frydefylte sjokkerande broderier frå forlaget Magikon!

Nrk sf melde nettopp at Helse Vest legg ned ortopedi og fødetilbodet i Lærdal og Eid,
det er trist å høyre slett sentrum-periferiargumentasjon frå valgbare Ap og Sp politikarar - tilliks med Øberger og Mowatter er heller ikkje Dvergsdaler og Ringstader etla for å målbera dei gode argumenta.

Det er godt å vere frisk nok til å orke å ta bussen til sjukehuset Førde, - har tillit til kreftpoliklinikken, men er nok ikkje like trygg på kirurgien i Førde - men det er framleis nokre veker til eg kan ta stilling til det.

Elles er verda vakker nok, - det er godt når immunforsvaret er på veg "oppover" og det er igjen høve til å vere sosial - og slik verda utviklar seg så vert det mykje sosialt før ein igjen er klar til Førdetur på tysdag!


Etterskrift - har hatt ei interessant føremiddagsstund med ei kvinne som har hatt stor bruk for nærleik til sjukehuset, sidan eg hadde høyrt meldinga frå Helse Vest styremøtet,- snakka vi også om det.
Ho fortalde at ho stemde Ap ved sitt fyrste val i 1946, og er ei av dei som både har vore aktiv og medlem særs lenge.

Eg er viss på at måten ho retta ryggen då ho fortalde at no har ho meldt seg ut av Ap, vil følge meg lenge! - Den tryggheita ei kvinne på snart 90 kan vise av ei politisk handling - i vissheit om at ein kan velge ansleis neste gong - ei gjennomført "ikkje ta meg for gitt" -haldning! - VAKKERT!