onsdag 14. september 2011

Bakaromnkurs i GamleBakeriet 22.september med Else "Sprossa" Rønnevig - og litt til!


Det er på tide å lære å bake - eg har meldt meg på kurs - neste torsdag!

Fyre bakaromnen, steike pizza, bake brød og steike på ettervarmen...
Det er Lærdal Bærekraftpilot som er arrangør.

Gamlebakeriet, eigd av Fortidsminneforeninga i Verneområdet på Lærdalsøyri
har ein omn som verkar - etter at pipe og omn vart sett i stand for nokre år sidan -
med hjelp frå så vidt eg minnest,- ulike fond og organisasjonar.


Teppa eg har laga sidan 1994 eller deromkrig -
er i utgangspunktet meint for vaskemaskin (og tørketrommel ).
Eg trur dette er det tredje større teppet eg laga - i såfall  for 16-17 år sidan  
i motsetning til eit av dei eg laga for 14-15 år sidan som vart "brukt opp" -
 så har teppet vore brukt fram til det siste.
Den ytterste kanten har vore utsliten ei stund - no har eg sett på ein ny og dobbel kant -
smal som ein lukkekant på baksida -
og 5 cm som dekkar det utslitne området på framsida...
Nokre av stoffa er like fine - andre har skifta mykje farge - nokre av dei hadde litt gulltrykk og
ein del har altså ikkje vore "sterke nok" til den bruken teppet har hatt.
No kan det nyttast ei stund til som koseteppe på Salen...

Her er teppet med dei japanske stoffa ferdig til vask -
har nytta tråklelim - likar at den er vekke før teppet vert teke i bruk...


Er litt nøgd med baksida - hadde ikkje høveleg baksidestoff - hadde eit halvt beige/kvitt som eg syntest eg kunne nytte - litt ubleika lerret har ein alltids - men ikkje nok til halve teppet - 
 hadde nokre omtrentleg 20 cm restestriper av dei japanske stoffa - nytta nokre til baksida i skråskoren form og resten som dobbel lukkekant saman med to WOF-striper av japanskliknande stoff...

Mest nøgd er eg at begge teppa er ferdige og klar for vaskemaskina og tørketrommelen! 


Etterskrift - eit nyvaska og nytørka teppe heng på trappegelenderet i andre høgdi - og kjølnar seg før det vert rulla saman og plassert i den eine sofaen på stova -
det kan sjå ut som om den ikkje kom lenger.

mandag 12. september 2011

Mange slags val - godt val!

Eg nyttar borgarretten min og stemmer på det partiet eg brukar å stemme.
I år har eg tilogmed sagt ja til å stå på lista, det har eg tidlegare sagt nei til - men i år står eg på trygg plass!
Trygg plass i denne samanhengen er midt på lista i følge dei som plar stå på liste -
ikkje i nederste del av lista,
då vert ein synleg og får eventuelt ekstrastemmer for det
og iallefall ikkje i øverste del om det hadde vore aktuelt, - der ein heller ikkje er usynleg.

I tillegg har eg valt å starta på eit nettkurs med Libra 
- det overordna målet er å kunne bruke bunaden min -
då må eg halde på lenge - der er nokre delmål eg tek sikte på i mellomtida!

I dag er eg ferdig med teppet med hovedsakleg japanske stoff.
Eg kunne valt å halde fram med stjerneteppet til han hin, - sidan det er raudt og har rett farge for dagen!
Eg kjem nok til å halde fram med det grøne&svarte teppet,
det er meint å vere eit sengeteppe i Sunnfjord.
No når eg har funne den greie måten med å kvilte tepper i tre delar, - slik at det ikkje er for tungt for meg.

Vi var i Provincen i helga - han hin plukka eple, pærer og plommer,
det var raskt gjort å plukke det som var modent.
Det er lite eple i år - med ein vinter som har krevd oss på andre felt,
 har vi heller ikkje klipt årsskot og gjort grunnarbeidet.
Det var ein kald vår, mykje regn og lite sol verkar også inn på frukthausten.
Det var eit naturleg val å ta og sidan ein del av frukta ikkje er feilfri,
vert det ein god del eplejuice i år - seier han hin.

Eg valde vekk å hjelpe til med den vesle frukthausten og sydde prøveeksempel for dei ulike "arbeidsoppgåvene" for den komande søndagsskulen,
Eg har funne nokre typiske barnestoff som kan nyttast til første prøveeksemplar,
då kan eg velje å gjere dei ferdige til Teppe til glede.
Eg veit ikkje om nokon har meldt seg -
prøveeksempla kan nyttast på ein vanleg lappesaumarmåndag også!
  
Eg valde å starte dagen med å sykle 9,2 km på ein halvtime i dag. Eg var godt i gang med denslags på Pusterommet på Haukeland, - dei store strålesåra gjorde til at det stogga heilt opp.
No er eg igang igjen!

Ynskjer alle ein god valdag!   

torsdag 8. september 2011

Mjølkeglas og Norsk Quilteblad - #kvardagslukke



Travle dagar treng gjerne avløysing av fredelege dagar - gårsdagen var eigentleg slik.
La Quiltebladet til sides då eg henta posten, - fordi eg skulle nyte det seinare.
Hadde sydd på lukkekanten på det japanske
og såvidt starta handsaumen på den, før eit møte i gårkveld.

Fekk ein blå mjølkekartong med helsing frå kona til ein av møtedeltakarane.
- breie smil og melding om å gje kona ein klem som takk! -

Kvilten på framsida av bladet fekk Hederspris og dommerens val på the Festival of Quilts 2011.
Kvilten "Dassehra" er laga av Bente Kultorp Andresen
127 cm x 167 cm. Foto NQF/ Merete Veian


tirsdag 6. september 2011

Søndagsskuleplanar

Eg skal vere søndagsskulelærar om det høver for dei potensielle elevane, - den 18.september.
I ein svak augneblink tidlegare i sommar hevda eg at eg kunne ha
kurs i Eldhuset i "flygande gjess" -
ein av variantane der ein syr mange samstundes.

I går fekk eg "kniven på strupen" av styret i husflidslaget - og måtte velge dato.

Flygande gjess kan nyttast i kombinasjonar i så mange blokker og som mangt anna,
kan dei saumast med 2 ulike stoff eller uendeleg mange.
Ein eller annan gong eg testa ut teknikkar før eg byrja på det egentlege saumarbeidet,
innsåg eg at det er ikkje så farleg om testblokker vert UFO'ar
- dei kunne alltids verte gryteklutar.

Eg ser føre meg at det er ein fordel iallefall før eg veit om nokon melder seg, at det kan tenkjast vere både ferske og meir drivne lappesaumarelevar. 
Difor har eg ein plan om å vise at ein gryteklut med lukkekant
i røynda har mykje av det same i seg som ein løpar, ein duk, eit krabbeteppe eller eit dobbelt sengeteppe.

Eg har ikkje gløymt tanken om at det trengst meir åttebladroser - derfor vert flygande gjess til åttebladrose.
På baksida, alternativt hi sida av grytekluten, kan det alltids vere berre flygande gjess.

No er det berre lukkekanten som manglar på neste teppe,
det går framover - du verda kor flink eg er å rydde i lageret mitt! 

har møteplassen sin på Lægreid hotell.


søndag 4. september 2011

Hageselskap og kugalskap

Vi sa ja takk til å delta på Hageselskapet på Sogn kunstsenter Gjesmesamlinga i går,
- gode kunstopplevingar - gode musikkopplevingar og gode matopplevingar!

Morten Johan Svendsen geleida oss gjennom utstillinga.
Vi har både sett utstillinga og høyrt han fortelje om den før,
- denne gongen var den positivt prega av at han hadde fått andre innspel og historier i løpet av sesongen.

Opningsutstillinga til Sogn Kunstsenter har vore
Figurer og fortellinger, Norsk samtidskunst fra Astrup Fearnley Samlingen er open fram til 9. oktober.

Norsk figurativ kunst fra samlinga til Astrup Fearnley Museet - eller slik museet seier det:

- "en kunstnerisk opplevelse som presenterer noen av de fremste innen norsk kunst de siste 40 år.
- Det nye kunstsenteret i Lærdal er et praktfullt byggverk som står i et vakkert landskap. Denne unike konteksten vil skape nye muligheter og utfordringer for både kunstnere og besøkende. Vi ser fram til flere ambisiøse utstillinger og et fruktbart samarbeide."

Også denne gongen er det eit bilete av Ørnulf Opdahl eg gjerne skulle ha funne ein plass i heimen,
- medan han hin likte eit av Bjørn-Sigurd Tufta svært godt.

Lærdalsmat leverte maten - hjortegryte og eplekake med godt tilbehør.

Marita Vangen Bratteteig og Gudmund Bolstad Skjær var ein fryd å høyre i to bolkar med tekstar av
Bertolt Brecht  - den eine med musikk av Kurt Weill,  den andre med musikk av Hanns Eisler.


Tidlegare på laurdagen hadde vi gyldig ærend til ein tur til Sogndal,
det enda med litt meir enn synåler på Sy- og strikkebui.

To nye kyraprodukt er kome i kyrasamlinga.
Ein ny nøkkelring med ei utflata kyr med ville auge.
- og to par strømper med sånne anti-skli prikkar! 
han hin insisterte på at eg kanskje i spesielle høve kom til å ville bruke kyrastrømper -
i den augneblinken ville dei vere synleg brukte, difor vart det 2 par!

No byrjar komers'en for alvor å oppdage svakheitene hjå oss med kugalskap!



torsdag 1. september 2011

Eit langt år - med dei beste tankar om mange nye år!





Ein Sunnfjordsdag skreiv eg for eit år sidan.

I morgon er eg ferdig med første boksen med Tamoxifen som eg starta med då strålinga starta, ikkje då operasjonen var ferdig som eg huska det som her eine dagen.

Sola skin, - eg gjer litt ymse verdsvevarbeid og litt handsaum på det japanske - fingrane mine vert gretne når det er mykje handsaum - så pauser er tenlege!

Dette er ei av dei mange kyraoppskriftene eg har på lager.
Eg har samla dei no etterkvart, - då huskar eg dei og kan gle meg til dagar med mindre handsaum - eit alternativ er å låne dei vekk til Trønderinna - ho treng sikkert litt pauseunderhaldning!

Fine haustdagar - ein tur utom i Provincen i morgon grunna gravferd.
Vi køyrer langs nordsida av fjorden og over fjorden med ferge.
Seinare på dagen fer vi over Vikafjellet og Aurlandsfjellet.
Frisøren på seinsommarferie og vi nyttar høvet til å nyte fjord og fjell i grenselandet mellom Indre Sogn og Nordhordaland. 

onsdag 31. august 2011

Nyklipt vakker brunette!

Har frisørvennine Klara på besøk frå Stavanger -
eg er nyklipt vakker brunette -
asymetrisk klipp med hår som i utgangspunktet er 4 cm, er bra!
Han hin får ny frisyre og beskjed om å bruke voks i håret.
Her snakkar vi fornying!

Det er omtrent eitt år sidan eg hadde siste frisørtime,
men parykken vart justert og formklipt etter det - i november trur eg.
Eg har ikkje brukt parykken, men ulike huer og hattar til håret var langt nok utan.

No var det greitt å verte skikkeleg ny på håret!



tirsdag 30. august 2011

Tankar til Jeriko og samansauming.

I dag helsar vener i Jeriko og muslimar over heile verda kvarandre med Eid Mabruk
- ei religiøs helsing knytta til den store høgtida som markerer avslutninga på Ramadan.
Hjå oss vert kanskje tilsvarande som at vi alle helsar kvarandre God jul!

Når det no vert planlagt neste vitjing frå Jeriko
tenkjer eg naturlegvis på turane i 2009 og 2010.

Den første av kreftlegane mine i Førde skjøna ikkje kva eg hadde i Jeriko å gjere om hausten,
sidan han hadde opplevd at det var den grøne våren som var den vakraste årstida der også.

Han gav meg grunn til å tru at det absolutt var sannsynlegheit for at det vart vårar etter oktober 2010 til å reise dit.
I gårkveld vart tankane om vårtur styrkt!
Her er ei lenkje til ei bildevakker bok som viser viktige bitar i historia til byen

Eg saumar saman den japanske og tok den med meg på Eldhuset i gårkveld for å gjere litt handsaum.
Samansauminga av tre kvilta deler til eit teppe går forbausande bra!
Sidan eg skulle på eit anna møte etterpå, for eg ikkje heimatt for å hente det som snart vert eit grønt/svart teppe då det vart diskusjonar og forklaring om korleis lappane eigentleg såg ut!
Eg lova å legge ut bilete -
så her M-K og K-A er det!
Eg tek det med neste måndag!

Etterskrift - Her på bloggen Sister's Choice Quilts,
er ein ny eller ansleis måte for å få dei kviltelinjene ein vil!
På den japanske har eg nytta ein kritblyant, ein "trykkblyant",
- den har "kritbly" både i kvitt og ulike fargar.



fredag 26. august 2011

Tresko og gode føremål


Gjekk lang spasertur med valmateriell i går, dei raude "treskoliknande" skoene mine vart våte og hadde framleis overskotsfarge til nakne føter.
Tenkte eg skulle ha handla meg eit par skikkelege tresko.
Ikkje heilt som desse som eg fann omtala hjå Kurbits - men eg syntest dei var nydelege
Treskoene er laga av arkitekten og designaren Paul Coudamy!

Nokre treng stundom eit lite spøt eller hekl,
mange av oss har rikeleg med restegarn eller kanskje tilogmed nesten ferdige plagg.
Amandaprosjektet treng små plagg i dukkestørrelse.
 Luesus leverer huer til cellegiftmottakarar,
Miranne har laga nydelege huer&hattar til både meg og Luesus
og pulsvantar for slike som treng det!
På Kreftpoliklinikken i Førde var der ei korg med strikkahuer, eg veit ikkje kven som hadde laga dei eller organisert tilbodet. Ein kollega fortalde at det ikkje var noko slikt der no når ein slektning hadde same behov.
 Kanskje det er fleire sjukehus som treng at privatpersonar, lag og organisasjonar finn seg eit lite eller stort prosjekt: Skulle ein konvolutt vere for liten til å sende eit kvart, - kan ein nytte kartong.

Quiltelaget i Årdal og Miranne skal også i år levere til
Tepper til glede.
Tepper til St.Olav er ei anna tilsvarande verdsvevside.

Og eg har rikeleg tid til å saume litt til!

torsdag 25. august 2011

Hjarteleg fin torsdag - brukandes til sauming og gode ting


Kviltinga av ein tredjedel av det japanske gjekk som ein draum, nyttar "flat" fleece som mellomlag.
Eg trong eit flatt mellomlag etter at eg nytta Mysa frå Ikea til det rosa og basarteppet til ungdomshuset. Baksida vert eit blandings- og restestoffprosjekt.
Eg trur eg har kontroll på korleis eg vil at dei tre delane skal koblast saman!

Det ser ut til at eg truleg vel å ikkje nytte turkis som fargekick likevel, i såfall vert det på siste tredjedelen og ikkje lenger på framsida...
Kan ikkje skjøne anna enn dette er å rekne som ein særs kreativ prosess -
målretta naturlegvis, - eg skal verte ferdig!

Skal dele ut valmateriell på Øyri i dag,
- godt å bruke ein spasertur&sykkeltur i demokratiet si teneste!

Har kome godt i gong med å trene igjen,
etter at den gode starten på Pusterommet på Haukeland vart avbroten av strålesår.
Det tilfører god energi -
treng framleis å kvile innimellom!  

onsdag 24. august 2011

Kviltarar presser allltid mot den mørke sida

- med unntak av oss som alltid deler saumen - sikkert grunna fortida mi frå eit par vidaregåande år på kjole-og draktsaum i ung og formbar alder!!!

Funne på verdsvevsida til Cactus Needle - ho har lånt den frå color and pattern på Flickr.

Eg sauma saman dei japanske i går -

med fleire andre oppgåver i demokratiets teneste rakk eg naturlegvis ikkje alt eg hadde rekna med!
I dag vert det tredelt kvilting av teppet!
Frosne plommer fungerte bra i Plommedesserten, men førre gong laga eg plommedesserten tidleg på dag - brukte litt meir vaniljestang og dei sto i  marinaden heile dagen -
har rikeleg med plommer i frysen og prøver på nytt på laurdag.
Ein av gjestene meinte at sabayonne eller helst  ein med søt kvitvin hadde gjort seg.

tirsdag 23. august 2011

Tirsdag for prektige jenter - kaker og plommedessert


Du verda kor mange fine kyr som finst i handelen!
Nofortida  aukar visst samlinga mi av kyr kvar veke og eg kan ikkje anna enn å vere glad for det!
Han hin var til Sogndal fordi bilen trong service og for å handle varer dei berre har der.
Han var innom Jernia og tømde lageret av desse muffinsformene -
etter det eg forsto hadde mannen, (altså ikkje dama) i disken freista fortelje at det var fleire variantar -
truleg hadde han gjeve melding om at det var desse han kom for,
- dei var i brosjyra som kom før helga!
Caracas fortel på verdsvevsida si at dei har meir enn 150 typar av muffinsformer.

Eg måtte redde resten av plommene vi hadde med frå Provincen før helga.
I all hast fann eg ei plommedessertoppskrift på verdsveven.
I dag skal eg prøve den med frosne plommer.
Eg har frosne utsteina Methleyplommer i frysen, - Methley har raud fruktkjøt, då vert plommedesserten eller plommesylte nydeleg raud - mindre enn ein tredjedel av årets Methleyplommer var nok til fin farge!
Her er oppskrifta frå dinmat!

I går sydde eg mykje på dagtid på det grøne teppet på syrommet.
Eldhuset i gårkveld starta samansauminga av eit som har venta særs lenge av japanske stoff.
Eg nytta ei av symaskinene som er der, greitt å ikkje sy enkeltlappar på ulike maskiner
- samansauming vert noko anna!
Det japanske skal eg kvilte i tre deler, - har funne ut at eg bør teste det før eg kvilter det grøne.
Eg kan kanskje nytte same teknikk der.
Difor går eg til Eldhuset så snart eg har fått føremiddagskaffien unnagjort!
Trur eg bør ta nokre bilete i dag.

    
  

mandag 22. august 2011

Jerseyku - på ein sol- og sydag

Jerseykua er kjend for sitt gode lynne, sin vakre utsjånad, og mjølk med høgt innhald av feitt og protein
 Dette melder Norsk Jersey sine verdsvevsider.

Kua vart redda frå gjenbruksbutikken i Sogndalsfjøra av ein brukthandlar i Øyragata.
Med lita skrift på ein bitteliten gullapp under står det Harvest Hamlet Collection,
det øydela idéen min om at ein sogndalsbonde hadde teke med seg denne som eit reiseminne frå Jersey!

Jersey namnet til det maskinstrikka bomullstoffet - oppattkalla etter øya Jersey.

Syr mykje i grønt fortida - det raude stjerneteppet har ikkje vorte strokke og limt til vatt og bakstykke - satsar på å vere igang med kviltinga i løpet av veka.
Sauming i Eldhuset saman med andre jenter i husflidslaget i kveld.

Mellomskrift: Toppen av pauselukke - Quiltemagasinet kom i posten - det vert lite middagssoving av slikt!

fredag 19. august 2011

- skal berre vente litt til, - ein gong til....

For eit år sidan eg hadde ein bloggpost med same tittel skal berre vente litt til.

Eg huskar kor fortvilt og forbanna og sint og lei meg eg var over turnuskandidatar og ferievikarar og legevikarar.
Dei visste ikkje korleis dei skulle fylle ut ei henvisning til det såkalla Brystdiagnostiske senteret i Førde og visste ikkje at det var eit poeng å fylle ut at eg hadde hatt ein heftig betennelse.

Skal det vere slikt ein møter samhandlingsreforma med? Brystkreft er ein krefttype som 1 av 10 eller 12 jenter får ein eller annan gong i livet - inga sjeldsynt diagnose på eit kvardagsleg legekontor...

Brystkreftkular er sjeldan smertefulle, (- med unntak av når dei veks raskt, fortel Kreftforeninga på sine sider!) - kirurgen i Førde og ein av dei hyggelege danske ferievikar  forklarte at det også var ein grunn til at dei ikkje trudde det var kreft...
Eg var jo glad for det, - men var like sliten av smertene med kulen...

Kirurgen traff ikkje den store kulen - ho sa at sidan det var så mjukt, var det sikkert ikkje kreftceller - då var det anna konsistens - det brukte vere hardare!
Den neste kirurgen eit par veker seinare, - han som ikkje hadde gjort det før, nytta heldigvis ultralyd.
Er det rart eg ville opererast på Haukeland!

Når eg ser attende på dette året, ser eg at nokre gongar skal ein vere særs tålmodig, medan andre gongar skal ein drite i det som vert forventa av ein!

Denne kyranøkleringen er endå verre enn dei hine, - den eine har ein liksom rautande lyd og på den andre vert det lys når ein trykker på den.
Når ein trykker på denne derimot - så ser det ut som om den skal til å drite...

Det har også vore eit godt år!





















torsdag 18. august 2011

Sein rosa frukost!

Hadde skinke på rugbrødskiva i dag, berre for å vise gjevaren at eg har litt rosa - i kjøleskåpet!

På samlinga i Eldhuset i gårkveld vart vi einige om at dette er ein tallerken som må vaskast for hand - berre faren for at kantkyra kan losne...

Blåbærbiolaglaset var for lilla til å få vere med - det store teglaset er oppdrukke, - no kan eg endeleg drikke kaffi!

Takk Jorunn!








torsdag 28. juli 2011

Konsert på Borlo Bygdetun

Bygdetunet ligg i krysset der E16 gjennom Lærdal går vidare over til Valdres - medan Riksveg 52 er vegen over fjellet til Hemsedal.









Scena på baksida av kaféen!
Frå venstre: Silje Hegg på fløyte, Øyvind Hegg-Lunde på trommer,  Christian Borlaug hardingfele, Bjørnar Hegg-Lunde gitar og song, Erlend Styve  gitar og song, Gyda Grøndalen Hoffmann langeleik og song. I tillegg dei to sønene til Erlend Styve
Dei 6 vaksne er firmenningar.







Amfiet i bakken bak kaféen. Biletet vart teke ei god stund før konserten tok til, - det kom betydeleg fleire etterkvart.










Publikum parkerte langs E16
Ras i fjellsida medan konserten føregjekk

Porten sin førehandsomtale
Porten sin omtale av konserten.
Sogn avis sin omtale.

onsdag 27. juli 2011

Glea

Mæn so ein dag – ein mørkdæmd dag -
hænde dæ se at Vaorhærre kåm gangande
å spørde kå dæ sto te.

Jau takk, sa e mæ me æ dæ bærre bra,
mæn dæ æ so mykkje gale ute i væren
at dæ mæst bli so ei sønd mæ glea.

Dao smilte Vaorhærre so dæ klaorna
øve adle bærg:
So pass stærk lyt’n væra
at’n tåre løfta glea so eit jøs hær i væren.
Dæ va te dæ ho va teinkt, sa’n.

frå Kari Bakke si diktsamlinga Fetang : mennesje so mærkte me (1980)


Dette diktet gler også humanetikaren i meg, - når eg les det seint og får med alle lydane i den krudlete dialekta som vart nytta i den siste diktsamlinga hennar, får eg med meg den vakre historia.

Lyrikaren Kari Bakke, 1908-1999 frå Frydenlund, oppvaksen på Borgund og seinare busett på Hønefoss. Ho debuterte med diktsamlinga Finnes du? (1959), og utgav videre på Aschehoug Forlag: Til de små stier (1962), Dagenes ansikt (1963) og I det fremmede (1966). Ho var fast spaltist i Dagbladet i mange år under vignetten «Gråspurven». I Gråspurven (1974) er eit utval av dikta hennar frå Dagbladet samla.

Diktsamlinga Fetang vart gjeven ut etter ei skrivetevling i 1980, (forlag Sogn og Fjordane Magasin).
I ei av kjeldene ser eg at det vert kalla Lærdalsmål, - det er skilnader i dialektene i Lærdal også - fødd på Frydenlund gjer henne vel til ljøsning og er ho oppvaksen på Borgund - er det nok språket hennar prega av at ho vart borjynde også.

tirsdag 26. juli 2011

Feriekyr 2

Ei mjelkekyr på ein blå kyrahandduk eg var så heldig å få førre månad!

















Eg fekk ein kyrahandduk med sauer, katt og mys i går også eg!


















Svenskekyr på gryteklutar handla i Funäsdalen















Tvillingkyr











Største kyratettheit på Øyri kan nok vere i kjøkkenglaset mot geila til naboen - det meste av dei mindre kyrne er plasserte her.

Feriekyr 1



Camembert frå Normandie kjøpt av franskmenn med stor bod med franske landbruksvarer på Lærdalsmarknaden 2011.













Sugerør med ventil i begge endar og med sjokolade som løyser seg opp i mjølka. Funkar fint fortel han hin!




















                                                           


Black design-kyr
 


  
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kyralys - og andre dekorasjonslys med bondetema.

søndag 24. juli 2011

No plantar kvinna

















No plantar kvinna

Frå "Tung tids tale" - 1945 -  Halldis Moren Vesaas 
 - skrive etter at bomba fall i Hiroshima


No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.


Ho opnar molda og reier eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsens straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.


Ein draum om det fullvaksne treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og vàrt
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp som skal breste snart.

- - -

Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest?


Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still,
ver still, så mitt tre får gro!

tirsdag 19. juli 2011

Teppe til ein stjernekar!

Han hin var 41 i går!
Han får naturlegvis eit teppe med 41 stjerner som kan vere godt å krype under på Salen til hausten!

I sjølve teppet er det 39 stjerner, dei to siste vert ein integrert del av kanten - framhald i neste bolk!!!
Dette var eit av fleire godt igangsette teppe.





Under er deler av eit teppe eg forlengst har starta på til han hin. - "Eit dusin eple",
naturlegvis har eg tenkt at det høver best på fruktgarden ute i Provincen!





















lørdag 16. juli 2011

Kreative prosessar - kreativ ventetid!


 
Fann denne hjå La Vie en Rosie ,
syntest den var berre nydeleg!

onsdag 13. juli 2011

Åttebladroser i flettverk i sommarsol...
























Det kan ende opp i at eg kan handle meir raudt i sommar -
dette vert å rekne som rydding i lageret!

Heldigvis hadde eg eit stort baksidestoff handla på Sy- og strikkebui i Sogndalsfjøra som kunne vere det samlande stoffet på framsida...
og har visst stoff i den fargen eg vart oppfordra til å ha som baksidestoff også! 

Har fleire ufullendte tepper,
- mange om eg skal rekne dei som er starta på.
- dei som er godt i gang, kan reknast på minst ei hand....

Det er rett tid til å kome nokre steg vidare og avslutte nokre halvferdige prosjekt, før eg set igang fleire nye!

Eg har vel 40 åttebladroser i ulike raudfargar, halvparten av det som trengst til eit teppe i den storleiken eg ynskjer det skal vere.

Istadenfor å finne endå ein ny gråbeige bakgrunnsfarge, vel eg å nytte striper av ulike raude stoff som eit flettverk mellom åttebladrosene.
Teppet vert veldig raudt, men eg har på nytt tru på at det vert ferdig!

Det vart 5 striperuter av dei 6 stoffstripene som skulle vere testen, - det er raskare å lage 9 tilsvarande lengder enn nokre og førti åttebladroser...

Ei endring i prosjektet kan det vere det som fører til at det vert eit fullendt prosjekt,
- eller det ein kan kalle justert måloppnåing!

Merkar at ein ikkje nødvendigvis klar til å starte på kvardagen sjølv om ein er ferdig behandla.
Når ein er sliten og kroppen tid til både fysisk og psykisk rehabilitering,
kjem kjensla av maktesløyse og trøttleik lett.

Strålesåra plagar meg, i dei første områda er tørka opp og huda har byrja å bli betre der - så såra har forflytta seg - men snart har det vore sår i heile stråleområdet - og då BLIR det betre!!!

Det er no det er viseleg å ha prosjekt eller oppgåver som er små nok,
- kjenne gleda av kontroll kanskje...
Kjensla av å kunne avslutte prosjekt er når andre prosessar i kroppen har mellombels eller periodiske perspektiv...
Det er 3 mnd til neste kontroll, oppfølging er venta å vare i minst 5 år til...

Eg har stendig mange planar om tepper, - manglar verken stoff eller mønster eller idear.


Jordbær- og blåbæris.

I går laga eg jordbær- og blåbæris.
Eg hadde lova vekk ei skål med berre bær. Korga med jordbær hadde stått i kjøleskåpet eit døgn for lenge, så det vart litt svinn - eg spedde ut med blåbær.
150 g jordbær i skiver og 100 g frosne blåbær, - og bæra låg og marinerte seg/tina i sukkeret.

Resultatet vart ein nydeleg farge - og smaken av jordbæra opplevdest som sterkare - kanskje det er syra i blåbæra som lokka fram jordbærsmaken.

I dag har eg planlagd å gjenta suksessen - vi må feire at sommaren er her nett no!

Etterskrift: - Gjenta suksessen - den er god!
Eg hadde ikkje lete fryseelementet ligge lenge nok i frysen - så eg har servert kald issuppe eller kald issaus i kveld - men det finst no dei som likar svært smelta is også...!
- Eg trur eg får freiste gjenta den opprinnelege suksessen på nytt... LOL!

søndag 10. juli 2011

Jordbæris - tredje bolken!




















Ismaskina er offisielt starta opp att i dag,
- saman med den glutenfrie sjokoladekaka frå IKEA vart det ein liten smak av sommar i bakhagen i ettermiddag.

lørdag 9. juli 2011

Jordbærisoppskrift








Oppskrifta på jordbæriskrem frå Philips levert saman med ei iskremmaskin.
Det ser ut som om Philips har vore så nøgd med iskremmaskinmodellen sin at dei ikkje har endra modellen sin så altfor mykje siste tiåret.
På same side i oppskriftboka er det engelsk, norsk og arabisk oppskrift!
Heilt natuleg å tenkje på Haifa, Ben og Zaid som er på tur frå Vancouver til Palestina i desse dagar -
Vart nesten sett ut av minne om jordbæris med Haifa på trappa lengre oppe i dalen, og seinare grilling og jordbæris og arabisk kaffi i bakhagen sommaren 2005...

Porsjonen er såpass liten at det var naturleg å handle fleire iskremmaskiner...

200 g friske jordbær - (jaudå, eg har nytta frosne også! - gjerne litt halvtina)
90 g farin
1 eggeplomme
1ss sitronsaft
2 1/4 dl heilmjølk
1 dl kremfløte

Kjøleelementet er nedfrose, - jordbær er handla - det vert søndagsjordbæris!

som om det ikkje var nok så kjem BT via dinmat med mange vakre bilete og oppskrifter der jordbær er/kan vere ein viktig basis!

torsdag 7. juli 2011

Jordbær - trøst&kosemat

Har handla Lærdalsnypoteter og Lærdalsjordbær på torget ved COOP i dag!
Behovet for trøstemat vart for stort, - eg greidde ikkje vente til han hin kjem attende frå jobb - så eg rydda dei øverste bæra av to korger og fann fram Kesam vanilje.

Skal ha nypotetene klare til middags - overskya ver, med eit visst potensiale for nokre regndropar - satsar likevel på grillmiddag i bakhagen.
Eg kjøper gjerne posane med små nypoteter som dei plar ha på Torget  - dei er endå meir lettkokte eller lettsteikte - og kan i grunn nyttast utan å dele opp om ein skulle ha lyst til å lage ein potetsalat.

Strålesåra aukar framleis i omfang - var noko sutrete i går - litt betre i dag - sikkert fordi det var nydeleg kortreist mat å få!

På Rådhusplenen riggar dei telt og scene til Kom Heimatt arrangementet i helga - her er Sogn avis sin biletserie frå 2009.

onsdag 6. juli 2011

Veggkyr!

Trønderinna har brodert korsstingskyr til meg - eg tok biletet utan glas i ramma for å sleppe refleksen i langhelga i Provincen, - men kabelen til kameraet låg heime!

Utgangspunktet for korsstingskyra er denne lenkja til Korsstygnsarkivet, som eg skreiv om i mai i Korsstingskyr og hårklipp.

Er den ikkje vakker?

Det gjekk opp for meg då eg vakna noko seinare enn vanleg - at dette var den første kvardagen eg har hatt heime på særs lenge - og det er godt!

Dei væskande såra av strålinga veks framleis.
Med nesten rette sorten bandasje, - ein litt tynnare utgåve enn førre - går det i grunn greitt! Eg veit ikkje korleis eg skulle ha greitt meg utan!
Mepilex er eit velsigna godt produkt og dei velsigna sjukepleiarane på Kreftpoliklinikken i Parkbygget er framleis dei største heltinnene mine!
Eg merkar at eg er litt sliten - truleg fordi eg omsider har tid til å kjenne etter!
Eg utset det meste ei stund til, - men har sett igong vaskemaskina, så det skjer iallefall litt!

Blomstrane i blomsterbeddet på gatesida av huset har greidd seg svært godt utan at eg har passa på dei siste vekene. Det ser ut som om dei ikkje har gjeve rom til ugras i det siste! - trur eg tek på meg sommarhatten og set meg på benken på gatetrappa og nyt føremiddagskaffien og kikar på turistane!




fredag 1. juli 2011

Ferdig, - strålande ferdig!

Sit og samlar tankane no like før eg sjekkar ut av hotellet,
for siste gong - på ein måte...
Ein rar dag -
med takk opp i handa og klemmar til strålande, omsorgsfulle og effektive tilsette -
både i underetasjen og på kreftpoliklinikken i Parkbygget...
Eg har ikkje noko ynskje om å treffe dei igjen - på sett og vis -
inderleg godt å vite at dei er der -
inderleg godt for meg å få lov til å  fortelje vidare at det i all hovudsak er godt å kome til ei kreftavdeling, - det er ikkje noko å vere redd for!

I dag les eg meldinga om at det er stendig fleire som får kreft - likevel er det nedgang i brystkreft, men det mest gledelege : Fleire av oss overlever kreft!


Har hatt ei fin veke med vitjing frå Vestnes og Stavanger. Det vart ikkje tur i den rosa bilen med Trønderinna som privatsjåfør og Bystudenten som Baksetekonsulent på torsdag likevel.
Vi vart staden alle tre turistvertar og trafikkonsuentar i baksetet på ein Hiace og sørga for at turistar frå Nord-Trøndelag måtte innsjå sånn i første omgang at Lone Camping, eigentleg er relativt nært bysentrum!
Stor nok til at det går an å snu ei campingvogn der!

Eg hadde fått gode råd av yndlingsfrisøren min, nyvoksa var eg klar for å slå ut med håret i går!

Vi rakk eit godt mål mat ute på Egon Kjøttbasaren i gårkveld , - sjølv om servitøren uforvarandes stakk av med bursdagspresangen til mor til Trønderinna... - dette kan det lett verte følgjetong av!
Min nybroderte bursdagspresang derimot var trygt plassert i ein pose, - og er nok klar for fotografering i Provincen i morgon!
- og Svigermor til Bystudenten er godkjent!