Eg vart varsla om at denne smørkyra stod og viste seg fram i eine butikkvindauget til
og gjekk heimatt med eit stort smil.
Denne måtte eg ha!
Størrelsen?
Bak lokkekyra/smørkyra
Den kan tildømes brukast til ein mørk sjokolade- eller konfektbit...,
det er sjeldan behov for porsjonssmør her i heimen!
Eg har vore søndagsskulelærar i dag -
Tidlegare har husflidslaget hatt nokre kurshelgar, men i det siste helst eindagerskurs.
Eg har vel skrive tidlegare om då eg fortalde at eg hadde
testa ein ny metode til å sy "flygande gjess"
- i relativt få operasjonar og utan svinn -
så enda eg opp med å foreslå at eg kunne ha søndagsskule på teknikken.
Sjølv om det er ganske god plass i lagshuset til Lærdal husflidslag
er ein del av plassen oppteken med varer til Haustmarknaden neste helg.
Når 4-5-6 damer skal byrje med å skjere stoff samstundes,
vert det gjerne litt trangt på dei borda som er gode til denslags.
Nokre kursdeltakarar har sydd lenge, medan andre er ferske i faget.
Eg har lenge hatt ynskje å laga teppe til Tepper som gleder-aksjonen til
Bergen Quiltelag.
Dette var rette høve til å få hjelp til å sy teppet!
Eg kutta opp bitane til alle blokkene,
sorterte dei slik at stoffbitane til ei blokk var samla kvar for seg,
- og teikna skjere/klippelinja og nåla fast til første syoperasjon på desse.
Eg sydde eksempel på saum- klippe- og strykeoperasjonane og
la dei i rett rekkefølge, slik at alle kunne sjekke neste steg på benken der dei låg.
Rekna med at det var enklare å lære teknikken på den måten -
då visste ein kva bitar som måtte til når ein skulle skjere det sjølv
og det kunne vere tid til å forklare for kvar enkelt etter kvart som behovet melde seg.
Eg hadde eit panelstoff -
- berre så det er nemnt Trønderinna er på Epla med
Sløyfe & co -
nydelege bittesmå sløyfeøyredobbar!
Eg hadde altså ikkje rett storleik på mange nok rosa stoff med rett farge,
så eg enda opp med å handle 4 nye rosa og eit beige stoff.
Eg byrjar snart å få ei heil trådkorg med rosa stoff - bekymringsverdig!
Iallefall - alle skulle sy ei blokk før dei byrja med ein gryteklut eller løpar eller duk...
Dei fleste sydde fleire blokker og dei som ikkje hadde høve til å delta i dag,
får sydd kvar si blokk seinare i veka...
Etter at eg har sydd ferdig dei blokkene som viser arbeidsoperasjonane
- er teppet på det næraste ferdig -
Om nokon ynskjer det - kan eg bruke kviltearbeidet på teppet til å forklare korleis kvilte slike teppe i tildømes tre delar, før ein saumar det heilt saman...
Sissel K., leiaren i laget, hadde laga gryterett med salat og ris til oss -
vi hadde også kake til kaffien!
Med andre ord, det var eit velsigna greitt søndagsskulemøte!