onsdag 24. august 2011

Kviltarar presser allltid mot den mørke sida

- med unntak av oss som alltid deler saumen - sikkert grunna fortida mi frå eit par vidaregåande år på kjole-og draktsaum i ung og formbar alder!!!

Funne på verdsvevsida til Cactus Needle - ho har lånt den frå color and pattern på Flickr.

Eg sauma saman dei japanske i går -

med fleire andre oppgåver i demokratiets teneste rakk eg naturlegvis ikkje alt eg hadde rekna med!
I dag vert det tredelt kvilting av teppet!
Frosne plommer fungerte bra i Plommedesserten, men førre gong laga eg plommedesserten tidleg på dag - brukte litt meir vaniljestang og dei sto i  marinaden heile dagen -
har rikeleg med plommer i frysen og prøver på nytt på laurdag.
Ein av gjestene meinte at sabayonne eller helst  ein med søt kvitvin hadde gjort seg.

tirsdag 23. august 2011

Tirsdag for prektige jenter - kaker og plommedessert


Du verda kor mange fine kyr som finst i handelen!
Nofortida  aukar visst samlinga mi av kyr kvar veke og eg kan ikkje anna enn å vere glad for det!
Han hin var til Sogndal fordi bilen trong service og for å handle varer dei berre har der.
Han var innom Jernia og tømde lageret av desse muffinsformene -
etter det eg forsto hadde mannen, (altså ikkje dama) i disken freista fortelje at det var fleire variantar -
truleg hadde han gjeve melding om at det var desse han kom for,
- dei var i brosjyra som kom før helga!
Caracas fortel på verdsvevsida si at dei har meir enn 150 typar av muffinsformer.

Eg måtte redde resten av plommene vi hadde med frå Provincen før helga.
I all hast fann eg ei plommedessertoppskrift på verdsveven.
I dag skal eg prøve den med frosne plommer.
Eg har frosne utsteina Methleyplommer i frysen, - Methley har raud fruktkjøt, då vert plommedesserten eller plommesylte nydeleg raud - mindre enn ein tredjedel av årets Methleyplommer var nok til fin farge!
Her er oppskrifta frå dinmat!

I går sydde eg mykje på dagtid på det grøne teppet på syrommet.
På Eldhuset i gårkveld starta samansauminga av eit som har venta særs lenge av japanske stoff.
Eg nytta ei av symaskinene som er der, greitt å ikkje sy enkeltlappar på ulike maskiner
- samansauming vert noko anna!
Det japanske skal eg kvilte i tre deler, - har funne ut at eg bør teste det før eg kvilter det grøne.
Eg kan kanskje nytte same teknikk der.
Difor går eg til Eldhuset så snart eg har fått føremiddagskaffien unnagjort!
Trur eg bør ta nokre bilete i dag.

    
  

mandag 22. august 2011

Jerseyku - på ein sol- og sydag

Jerseykua er kjend for sitt gode lynne, sin vakre utsjånad, og mjølk med høgt innhald av feitt og protein
 Dette melder Norsk Jersey sine verdsvevsider.

Kua vart redda frå gjenbruksbutikken i Sogndalsfjøra av ein brukthandlar i Øyragata.
Med lita skrift på ein bitteliten gullapp under står det Harvest Hamlet Collection,
det øydela idéen min om at ein sogndalsbonde hadde teke med seg denne som eit reiseminne frå Jersey!

Jersey namnet til det maskinstrikka bomullstoffet - oppattkalla etter øya Jersey.

Syr mykje i grønt fortida - det raude stjerneteppet har ikkje vorte strokke og limt til vatt og bakstykke - satsar på å vere igang med kviltinga i løpet av veka.
Sauming i Eldhuset saman med andre jenter i husflidslaget i kveld.

Mellomskrift: Toppen av pauselukke - Quiltemagasinet kom i posten - det vert lite middagssoving av slikt!

fredag 19. august 2011

- skal berre vente litt til, - ein gong til....

For eit år sidan eg hadde ein bloggpost med same tittel skal berre vente litt til.

Eg huskar kor fortvilt og forbanna og sint og lei meg eg var over turnuskandidatar og ferievikarar og legevikarar.
Dei visste ikkje korleis dei skulle fylle ut ei henvisning til det såkalla Brystdiagnostiske senteret i Førde og visste ikkje at det var eit poeng å fylle ut at eg hadde hatt ein heftig betennelse.

Skal det vere slikt ein møter samhandlingsreforma med? Brystkreft er ein krefttype som 1 av 10 eller 12 jenter får ein eller annan gong i livet - inga sjeldsynt diagnose på eit kvardagsleg legekontor...

Brystkreftkular er sjeldan smertefulle, (- med unntak av når dei veks raskt, fortel Kreftforeninga på sine sider!) - kirurgen i Førde og ein av dei hyggelege danske ferievikar  forklarte at det også var ein grunn til at dei ikkje trudde det var kreft...
Eg var jo glad for det, - men var like sliten av smertene med kulen...

Kirurgen traff ikkje den store kulen - ho sa at sidan det var så mjukt, var det sikkert ikkje kreftceller - då var det anna konsistens - det brukte vere hardare!
Den neste kirurgen eit par veker seinare, - han som ikkje hadde gjort det før, nytta heldigvis ultralyd.
Er det rart eg ville opererast på Haukeland!

Når eg ser attende på dette året, ser eg at nokre gongar skal ein vere særs tålmodig, medan andre gongar skal ein drite i det som vert forventa av ein!

Denne kyranøkleringen er endå verre enn dei hine, - den eine har ein liksom rautande lyd og på den andre vert det lys når ein trykker på den.
Når ein trykker på denne derimot - så ser det ut som om den skal til å drite...

Det har også vore eit godt år!





















torsdag 18. august 2011

Sein rosa frukost!

Hadde skinke på rugbrødskiva i dag, berre for å vise gjevaren at eg har litt rosa - i kjøleskåpet!

På samlinga i Eldhuset i gårkveld vart vi einige om at dette er ein tallerken som må vaskast for hand - berre faren for at kantkyra kan losne...

Blåbærbiolaglaset var for lilla til å få vere med - det store teglaset er oppdrukke, - no kan eg endeleg drikke kaffi!

Takk Jorunn!








torsdag 28. juli 2011

Konsert på Borlo Bygdetun

Bygdetunet ligg i krysset der E16 gjennom Lærdal går vidare over til Valdres - medan Riksveg 52 er vegen over fjellet til Hemsedal.









Scena på baksida av kaféen!
Frå venstre: Silje Hegg på fløyte, Øyvind Hegg-Lunde på trommer,  Christian Borlaug hardingfele, Bjørnar Hegg-Lunde gitar og song, Erlend Styve  gitar og song, Gyda Grøndalen Hoffmann langeleik og song. I tillegg dei to sønene til Erlend Styve
Dei 6 vaksne er firmenningar.







Amfiet i bakken bak kaféen. Biletet vart teke ei god stund før konserten tok til, - det kom betydeleg fleire etterkvart.










Publikum parkerte langs E16
Ras i fjellsida medan konserten føregjekk

Porten sin førehandsomtale
Porten sin omtale av konserten.
Sogn avis sin omtale.

onsdag 27. juli 2011

Glea

Mæn so ein dag – ein mørkdæmd dag -
hænde dæ se at Vaorhærre kåm gangande
å spørde kå dæ sto te.

Jau takk, sa e mæ me æ dæ bærre bra,
mæn dæ æ so mykkje gale ute i væren
at dæ mæst bli so ei sønd mæ glea.

Dao smilte Vaorhærre so dæ klaorna
øve adle bærg:
So pass stærk lyt’n væra
at’n tåre løfta glea so eit jøs hær i væren.
Dæ va te dæ ho va teinkt, sa’n.

frå Kari Bakke si diktsamlinga Fetang : mennesje so mærkte me (1980)


Dette diktet gler også humanetikaren i meg, - når eg les det seint og får med alle lydane i den krudlete dialekta som vart nytta i den siste diktsamlinga hennar, får eg med meg den vakre historia.

Lyrikaren Kari Bakke, 1908-1999 frå Frydenlund, oppvaksen på Borgund og seinare busett på Hønefoss. Ho debuterte med diktsamlinga Finnes du? (1959), og utgav videre på Aschehoug Forlag: Til de små stier (1962), Dagenes ansikt (1963) og I det fremmede (1966). Ho var fast spaltist i Dagbladet i mange år under vignetten «Gråspurven». I Gråspurven (1974) er eit utval av dikta hennar frå Dagbladet samla.

Diktsamlinga Fetang vart gjeven ut etter ei skrivetevling i 1980, (forlag Sogn og Fjordane Magasin).
I ei av kjeldene ser eg at det vert kalla Lærdalsmål, - det er skilnader i dialektene i Lærdal også - fødd på Frydenlund gjer henne vel til ljøsning og er ho oppvaksen på Borgund - er det nok språket hennar prega av at ho vart borjynde også.

tirsdag 26. juli 2011

Feriekyr 2

Ei mjelkekyr på ein blå kyrahandduk eg var så heldig å få førre månad!

















Eg fekk ein kyrahandduk med sauer, katt og mys i går også eg!


















Svenskekyr på gryteklutar handla i Funäsdalen















Tvillingkyr











Største kyratettheit på Øyri kan nok vere i kjøkkenglaset mot geila til naboen - det meste av dei mindre kyrne er plasserte her.

Feriekyr 1



Camembert frå Normandie kjøpt av franskmenn med stor bod med franske landbruksvarer på Lærdalsmarknaden 2011.













Sugerør med ventil i begge endar og med sjokolade som løyser seg opp i mjølka. Funkar fint fortel han hin!




















                                                           


Black design-kyr
 


  
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kyralys - og andre dekorasjonslys med bondetema.

søndag 24. juli 2011

No plantar kvinna

















No plantar kvinna

Frå "Tung tids tale" - 1945 -  Halldis Moren Vesaas 
 - skrive etter at bomba fall i Hiroshima


No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.


Ho opnar molda og reier eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsens straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.


Ein draum om det fullvaksne treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og vàrt
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp som skal breste snart.

- - -

Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest?


Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still,
ver still, så mitt tre får gro!

tirsdag 19. juli 2011

Teppe til ein stjernekar!

Han hin var 41 i går!
Han får naturlegvis eit teppe med 41 stjerner som kan vere godt å krype under på Salen til hausten!

I sjølve teppet er det 39 stjerner, dei to siste vert ein integrert del av kanten - framhald i neste bolk!!!
Dette var eit av fleire godt igangsette teppe.





Under er deler av eit teppe eg forlengst har starta på til han hin. - "Eit dusin eple",
naturlegvis har eg tenkt at det høver best på fruktgarden ute i Provincen!





















lørdag 16. juli 2011

Kreative prosessar - kreativ ventetid!


 
Fann denne hjå La Vie en Rosie ,
syntest den var berre nydeleg!

onsdag 13. juli 2011

Åttebladroser i flettverk i sommarsol...
























Det kan ende opp i at eg kan handle meir raudt i sommar -
dette vert å rekne som rydding i lageret!

Heldigvis hadde eg eit stort baksidestoff handla på Sy- og strikkebui i Sogndalsfjøra som kunne vere det samlande stoffet på framsida...
og har visst stoff i den fargen eg vart oppfordra til å ha som baksidestoff også! 

Har fleire ufullendte tepper,
- mange om eg skal rekne dei som er starta på.
- dei som er godt i gang, kan reknast på minst ei hand....

Det er rett tid til å kome nokre steg vidare og avslutte nokre halvferdige prosjekt, før eg set igang fleire nye!

Eg har vel 40 åttebladroser i ulike raudfargar, halvparten av det som trengst til eit teppe i den storleiken eg ynskjer det skal vere.

Istadenfor å finne endå ein ny gråbeige bakgrunnsfarge, vel eg å nytte striper av ulike raude stoff som eit flettverk mellom åttebladrosene.
Teppet vert veldig raudt, men eg har på nytt tru på at det vert ferdig!

Det vart 5 striperuter av dei 6 stoffstripene som skulle vere testen, - det er raskare å lage 9 tilsvarande lengder enn nokre og førti åttebladroser...

Ei endring i prosjektet kan det vere det som fører til at det vert eit fullendt prosjekt,
- eller det ein kan kalle justert måloppnåing!

Merkar at ein ikkje nødvendigvis klar til å starte på kvardagen sjølv om ein er ferdig behandla.
Når ein er sliten og kroppen tid til både fysisk og psykisk rehabilitering,
kjem kjensla av maktesløyse og trøttleik lett.

Strålesåra plagar meg, i dei første områda er tørka opp og huda har byrja å bli betre der - så såra har forflytta seg - men snart har det vore sår i heile stråleområdet - og då BLIR det betre!!!

Det er no det er viseleg å ha prosjekt eller oppgåver som er små nok,
- kjenne gleda av kontroll kanskje...
Kjensla av å kunne avslutte prosjekt er når andre prosessar i kroppen har mellombels eller periodiske perspektiv...
Det er 3 mnd til neste kontroll, oppfølging er venta å vare i minst 5 år til...

Eg har stendig mange planar om tepper, - manglar verken stoff eller mønster eller idear.


Jordbær- og blåbæris.

I går laga eg jordbær- og blåbæris.
Eg hadde lova vekk ei skål med berre bær. Korga med jordbær hadde stått i kjøleskåpet eit døgn for lenge, så det vart litt svinn - eg spedde ut med blåbær.
150 g jordbær i skiver og 100 g frosne blåbær, - og bæra låg og marinerte seg/tina i sukkeret.

Resultatet vart ein nydeleg farge - og smaken av jordbæra opplevdest som sterkare - kanskje det er syra i blåbæra som lokka fram jordbærsmaken.

I dag har eg planlagd å gjenta suksessen - vi må feire at sommaren er her nett no!

Etterskrift: - Gjenta suksessen - den er god!
Eg hadde ikkje lete fryseelementet ligge lenge nok i frysen - så eg har servert kald issuppe eller kald issaus i kveld - men det finst no dei som likar svært smelta is også...!
- Eg trur eg får freiste gjenta den opprinnelege suksessen på nytt... LOL!

søndag 10. juli 2011

Jordbæris - tredje bolken!




















Ismaskina er offisielt starta opp att i dag,
- saman med den glutenfrie sjokoladekaka frå IKEA vart det ein liten smak av sommar i bakhagen i ettermiddag.

lørdag 9. juli 2011

Jordbærisoppskrift








Oppskrifta på jordbæriskrem frå Philips levert saman med ei iskremmaskin.
Det ser ut som om Philips har vore så nøgd med iskremmaskinmodellen sin at dei ikkje har endra modellen sin så altfor mykje siste tiåret.
På same side i oppskriftboka er det engelsk, norsk og arabisk oppskrift!
Heilt natuleg å tenkje på Haifa, Ben og Zaid som er på tur frå Vancouver til Palestina i desse dagar -
Vart nesten sett ut av minne om jordbæris med Haifa på trappa lengre oppe i dalen, og seinare grilling og jordbæris og arabisk kaffi i bakhagen sommaren 2005...

Porsjonen er såpass liten at det var naturleg å handle fleire iskremmaskiner...

200 g friske jordbær - (jaudå, eg har nytta frosne også! - gjerne litt halvtina)
90 g farin
1 eggeplomme
1ss sitronsaft
2 1/4 dl heilmjølk
1 dl kremfløte

Kjøleelementet er nedfrose, - jordbær er handla - det vert søndagsjordbæris!

som om det ikkje var nok så kjem BT via dinmat med mange vakre bilete og oppskrifter der jordbær er/kan vere ein viktig basis!

torsdag 7. juli 2011

Jordbær - trøst&kosemat

Har handla Lærdalsnypoteter og Lærdalsjordbær på torget ved COOP i dag!
Behovet for trøstemat vart for stort, - eg greidde ikkje vente til han hin kjem attende frå jobb - så eg rydda dei øverste bæra av to korger og fann fram Kesam vanilje.

Skal ha nypotetene klare til middags - overskya ver, med eit visst potensiale for nokre regndropar - satsar likevel på grillmiddag i bakhagen.
Eg kjøper gjerne posane med små nypoteter som dei plar ha på Torget  - dei er endå meir lettkokte eller lettsteikte - og kan i grunn nyttast utan å dele opp om ein skulle ha lyst til å lage ein potetsalat.

Strålesåra aukar framleis i omfang - var noko sutrete i går - litt betre i dag - sikkert fordi det var nydeleg kortreist mat å få!

På Rådhusplenen riggar dei telt og scene til Kom Heimatt arrangementet i helga - her er Sogn avis sin biletserie frå 2009.

onsdag 6. juli 2011

Veggkyr!

Trønderinna har brodert korsstingskyr til meg - eg tok biletet utan glas i ramma for å sleppe refleksen i langhelga i Provincen, - men kabelen til kameraet låg heime!

Utgangspunktet for korsstingskyra er denne lenkja til Korsstygnsarkivet, som eg skreiv om i mai i Korsstingskyr og hårklipp.

Er den ikkje vakker?

Det gjekk opp for meg då eg vakna noko seinare enn vanleg - at dette var den første kvardagen eg har hatt heime på særs lenge - og det er godt!

Dei væskande såra av strålinga veks framleis.
Med nesten rette sorten bandasje, - ein litt tynnare utgåve enn førre - går det i grunn greitt! Eg veit ikkje korleis eg skulle ha greitt meg utan!
Mepilex er eit velsigna godt produkt og dei velsigna sjukepleiarane på Kreftpoliklinikken i Parkbygget er framleis dei største heltinnene mine!
Eg merkar at eg er litt sliten - truleg fordi eg omsider har tid til å kjenne etter!
Eg utset det meste ei stund til, - men har sett igong vaskemaskina, så det skjer iallefall litt!

Blomstrane i blomsterbeddet på gatesida av huset har greidd seg svært godt utan at eg har passa på dei siste vekene. Det ser ut som om dei ikkje har gjeve rom til ugras i det siste! - trur eg tek på meg sommarhatten og set meg på benken på gatetrappa og nyt føremiddagskaffien og kikar på turistane!




fredag 1. juli 2011

Ferdig, - strålande ferdig!

Sit og samlar tankane no like før eg sjekkar ut av hotellet,
for siste gong - på ein måte...
Ein rar dag -
med takk opp i handa og klemmar til strålande, omsorgsfulle og effektive tilsette -
både i underetasjen og på kreftpoliklinikken i Parkbygget...
Eg har ikkje noko ynskje om å treffe dei igjen - på sett og vis -
inderleg godt å vite at dei er der -
inderleg godt for meg å få lov til å  fortelje vidare at det i all hovudsak er godt å kome til ei kreftavdeling, - det er ikkje noko å vere redd for!

I dag les eg meldinga om at det er stendig fleire som får kreft - likevel er det nedgang i brystkreft, men det mest gledelege : Fleire av oss overlever kreft!


Har hatt ei fin veke med vitjing frå Vestnes og Stavanger. Det vart ikkje tur i den rosa bilen med Trønderinna som privatsjåfør og Bystudenten som Baksetekonsulent på torsdag likevel.
Vi vart staden alle tre turistvertar og trafikkonsuentar i baksetet på ein Hiace og sørga for at turistar frå Nord-Trøndelag måtte innsjå sånn i første omgang at Lone Camping, eigentleg er relativt nært bysentrum!
Stor nok til at det går an å snu ei campingvogn der!

Eg hadde fått gode råd av yndlingsfrisøren min, nyvoksa var eg klar for å slå ut med håret i går!

Vi rakk eit godt mål mat ute på Egon Kjøttbasaren i gårkveld , - sjølv om servitøren uforvarandes stakk av med bursdagspresangen til mor til Trønderinna... - dette kan det lett verte følgjetong av!
Min nybroderte bursdagspresang derimot var trygt plassert i ein pose, - og er nok klar for fotografering i Provincen i morgon!
- og Svigermor til Bystudenten er godkjent!

søndag 26. juni 2011

Følge reglane eller kanskje ikkje...

Katharine Hepburn: "If you obey all the rules you miss all the fun!" - eller dersom du fyl alle reglane gjeng du glipp av all moroa.


På Picasaweb med overskrifta
No rules for Julie viser Lynne Tyler
også prosessen til denne quilten.
Ho har verdsvevsida The Patchery Menagerie - som stendig gler meg med noko nytt eller fint.


Bokstavar må eg gjere noko meir med før sommaren er over - eller kanskje i dag sidan sola skin så fint!

- men her gjeld det å iallefall å følge ein god regel - å stryke godt!




Mellomskrift: Valde å ikkje starte med bokstavar i dag!
Eg har vore på syrommet og stroke alt som låg og klar til denslags.
Dessutan bladde eg i ei av UFO-prosjektskuffene og fann ut at eit anti-fatigue-tiltak i tillegg til å trene skal vere å gjere ferdig 1 quiltateppe til - har eg ikkje gjort noko større prosjekt ferdig sidan teppet til Frilund.
På Pusterommet fekk eg vite sist fredag at eg også kan få treningsoppfølging på rekvisisjon etter at eg er ferdig med strålebehandling!
Mellomskrift ferdig!!!


Stitchery kjem inn under skulle-kunne-gjerne-ha-gjort, tildømes også som ein variant av sjokoladekua til Drømmequilten!

Det tek nødvendigvis ikkje så lang tid til å starte og gjere ferdig små prosjekt. Oftast innser ein at DET var ein god ide og let vere med å gjere noko meir medan ein let den gode tida segle forbi.


I staden for handsaum i stitchery, - kan ein gjere andre raske val:

Selvage blog har lagt ut ein YouTubevideo av maskinsauma drodlesauming som P.Nosa har gjort.
Det går veldig fort, -  når ein har øvd ei stund eller har eit nært og godt høve til symaskina si!

På P.Nosa si verdsvevside ser det ut til å vere mange alternative kunstformer - men under punktet sewing fann eg mangt som eg både smilte breitt av og kom med ettertenksame hmm av - fekk lyst til å drodle med symaskina...


Startkurs i friquilting med maskin? - her er to videoar på verdsvevsida til Carol Brungar Madness and mess !
- eller kanskje ein burde nemnt starten på øvingsoppgåvene hennar.

lørdag 25. juni 2011

Raudestova

Godt slike hus -
har slike eigarar!
Har skrive i mange blogginnlegg om Raudestova -











23.august i fjor - ho svevar
4. september - ny mur
14.september - erstatning for det som hadde rotna
27.september - nytt tak
20.oktober - klar for vinteren

No har ho fått grønt gras med blomar i på taket!



















Har hatt kaffivitjing i dag - og skal på ei grillmiddagvitjing no i kveld. Det er så inderleg godt å vere heime og utan å ha problem med dei store såra under armen, at eg må dele gleda endå ein gong!

I motsetning til her førre dagen då eg sutra over at eg ikkje fekk strikke, er eg no klar for å saume når eg kjem heim og strikke og kanskje hekle før den tid!

Eg har positive tankar om dei komande vekene - og det er litt nytt akkurat denne veka -

og som de ser - Raudestova vart vakker igjen, ho også!

fredag 24. juni 2011

Verda er vakker - med enkle midlar!

Etter strålebehandlinga i dag, var eg til strålesårbehandling.
Eg er klar for å forgylle slike kvardagspraktikarar som brukar det dei har, til å løyse det som trengs!
Dei ordna det heile med hjelp av Mepilex og ei netting sjukehustruse!!! - som i ein svært oppklipt versjon, no fungerer som ein form for bh! Det viktigaste er likevel at den held silikonputa på plass under arma, for resten av huda toler heller ikkje tape! Såret gror ikkje fast i silikonen som den ville ha gjort med ein bandasje - og det aller viktigaste, det vert ikkje ureint i såret og silikonputa sug opp sårvæska som er der uansett!
No kan eg likevel glede meg til dei komande vekene.

I tillegg kjem yndlingsfrisøren min til Bergen på tysdag med hurtigbåten frå Stavanger -
ho skulle ha teke litt med øyrene og litt i nakken, - så langt som det har vorte der, -
men allermest skal vi kose oss!

torsdag 23. juni 2011

Rosa biltur!

Har tinga denne bilen og Trønderinna som privatsjåfør i kveld!

Eg gler meg!

Sogndal gjekk ut av cup'en i går - mange mål vart det, men Brann fekk flest. Oddleif Løset sine Nrk-bilde.

Med ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse må ein vel seie at vi fekk utteljing for billetten - men det var litt leitt at dei tapte!

Møtte AK  utanfor Brann stadion - ho er skikkeleg ihuga Sogndalssupportar og har både neglelakk og øyredobbar i rett farge! - og sat naturlegvis saman med Saftkokarane.!

Ein slik utflukt er nok for ein dag - brannsåra under armen byrjar å bli særs plagsomme - stråledamene skulle sørge for time på Poliklinikken i morgon for å finne ut om nokon har endå betre råd å kome med.
Dei fortalde at det vert verre i to veker atter at dei er ferdig med strålinga - så eg har tre såre veker framfor meg! Det vert lite strikking av slikt!


Her er Trønderinna og Bystudenten på utflukt på Nattlandsfjellet - Vi syntest alle det var ein gøy bil å vere på tur med! Neste veke planlegg vi ein lengre tur!

onsdag 22. juni 2011

Brann - Sogndal på programmet!

I dag vert det cupkamp på Brann stadion!













Eg sit og fyl slutten av sendinga om Hurtigruten - eit vidløftig prosjekt som verkeleg har truffe!

Eg har forlengst funne ut at eg gler meg til å kome heim til Quiltemagasinet - der Tove Fevang har eit teppe og på bloggen hennar har ho bloggutlodning med dei fine stoffa frå Fr. Jørgensen til teppet!

Gjett om eg har meldt mi interesse!?

Eg saknar syrommet mitt, - vel eg saknar heime!
Snakka med naboen om det i går, ein eldre kar med stråling av typisk mannekreft - han hadde berre denne veka at - og hadde gruhenskeleg heimlengt - "nok no!"

Å sitje åleine i fineveret på bordet utanfor restaauranten og ete frukost, - er den aller beste starten på dagen!
Eg har ikkje vorte folkesky altså - det er berre så greitt å sleppe så mange til frukost!

Det er fineversdagar i by'n - endeleg to dagar etter kvarandre!
Det har vorte rolege dagar på hotellet, - såra under venstrearma gjer til at eg helst bør gå med eit fast "tante Sofie" grep i midja - for å sørge for ro og lufting i armhola.
Såra gror vel ikkje før etter eg er ferdig - "Materialtrøttleiken" er plagsom,  likevel tenkjer eg korleis det var i førre århundre då tantene Aslaug og Sigrid vart stråla på skikkeleg på Radium'en -
då vert det berre unødvendig å sutre over såra!
Inderleg godt at forsking og utviklinga går framover heile tida.


- og kva skal eg gjere i morgon - eg har skaffa privatsjåfør til den rosa MiniOne-bilen!

tirsdag 21. juni 2011

Sommarsolkverv - ser likevel mot lysare tider!

I dag klokka 17.16 er det sommarsolkverv - dagen med lengst daglengde.

Dagens ku - ei krysning mellom Eiffeltårnet og ei ku - naturlegvis!!!
Det er stendig manglar i fransken - une tour de vache eiffel!
Pariserkua er naturlegvis spesialimportert av Kari H. som nett har vore på dei kantar.

Bystudenten etterlyser 13-16 åringar til årets to vekeslange sommarkurs i Studentradioen - nokon blogglesarar som kjenner nokon? Info om kurset.

Har to veker igjen på Haukeland hotell. No har huda under arma fått noko meir stråleskade som eit brannsår - den "slepp" når hud gnissar mot hud.
I føremiddag la eg på saltvassomslag og let huda tørke istaden for å gå på styrketrening, - eg var ikkje klar for meir kjempesår hud!

Vi feira Bystudenten og Gudmora hans sine åremålsdagar i går, med jordbær og is, to små Hvite damer frå Lie Nielsen og kransekakestenger frå Henry Helgesens konditorier.
Lie Nielsen har endå betre Hvite damer enn Helgesen!


Det hjalp ikkje med dobbel stråletime førre veke, eg fekk likevel ikkje reist til Nordfjord i gravferd.
Eg fekk blålys, ei natt på sjukehuset og MR istadenfor. Han hin kom også til by'n på torsdagskvelden, sidan det vart så mykje ekstrabestyr - det var leitt å ikkje vere tilstades i gravferda, men godt at Bystudenten var der for oss!

I helga var det marknad - og eg gjorde ingen verdens ting -.
Det var nok den første utan eit einaste oppdrag - det var godt!
Det betyr ikkje at det ikkje vart handel!
Men nytta betydeleg meir tid til berre å sjå på!

Søndag var det godt nok ver til å grille til og med!
Bystudenten hadde hatt med nøttekake og aprikosmos til å fylle den med frå Mormor, så dagen hans vart feira på førehand med kakeselskap også.

Kjenner eg gler meg til å verte ferdig med stråling no - har hatt ein kviledag i dag - skal på fotballkamp i morgon Brann - Sogndal cupkamp på Brann stadion. I denne samanheng er eg Sogndalsupportar!

onsdag 15. juni 2011

Er av dei heldige!

Starta dagen med Kondistrening på Pusterommet - har framleis eit stort potensiale!
Den travle dagen heldt fram med buffetlønsj, så stråling og så henting av ku på Småting på Bryggen!
Hauklandia - det mest naturlege namnet den kunne få - kosekua som måtte hentast inn frå Stavanger!
Her er vi på kaffiplassen Sakristiet - i gården Jakobsfjorden på Bryggen. Sakristiet er eit underbruk av Kaffemisjonen.

Baristaen eller kaffidamå laga nydeleg Cappucino med nydeleg mønster og serverte scones med rømme og sylte.

Eigentleg er området betydeleg meir trafikkert enn biletet viser - dobbeltgården Bellgården og Jakobsfjorden er ein ynda turistplass både for grupper og enkeltturistar og med Bryggen Tracteursted rett inn til venstre.

Gjekk på Stragiotti med Bystudenten og Trønderinna - på tide med skikkeleg italienske pizza og pannacotta! ( "for mykje hotellmiddager"!)

Vi såg Før Soloppgang på Den nationale Scene!
Spennande, - altfor sjelden på teater!!!

6 timars bytur er lenge for meg, - slike dagar!

Stakk innom 7 eleven og handla ein boks Ben&Jerry's is, -
tok bussen "heim" til Haukeland.

Spaserte Jonas Liesvei til hotellet, - rett bak Kvinneklinikken skjedde det!
Oppe på ein lyktestolpe sat ei måse og skeit!
- og kva skjer - måseskiten landar ein god halv meter framfor meg!

Er eg ikkje av dei heldige utvalde, så veit ikkje eg!

søndag 12. juni 2011

Solstrålar finn meg!

Endeleg lette i veret!
Er midtfjords, der havet og himmelen vanlegvis større enn heime på Øyri.
Han hin henta meg på Sognebåten i Vik på fredagskvelden, akkurat der gjekk skiljet mellom fint overskya opphaldsver til lett yr - medan det regna heftig innerst i fjorden.

Her har skoddedisen hengt nesten "ned-i-hårgarden" i helga, - stundom har den gått heilt ned i strandkanten.
I går ettermiddag og kveld forsvann også Leikanger frå horisonten. Han hin rakk likevel å få knust alt graset med traktor og beitepussar, før det var for mykje helg!

Eg kosa meg og freista få helgefreden innomhus, strikka raude deler til åttebladroseteppet mitt, høyrde radio og leste nettnyhende - det er vel mykje vatn på veg til havs både her vest og austafor...

Elvi i Lærdal vert stendig større, - den har grave heftig allereie og sett mangt under vatn...

Mange har ikkje fått den pinsehelga dei hadde planlagt - men eg ser blå flekkar i det lysekvite skydekket.
Yr.no fortel at det ikkje skal regne meir medan vi er her - synest det er heilt greitt!

torsdag 9. juni 2011

Grøne menn i parken!

Dagen starta med eit heftig regnver, - ei uroleg natt med mange tankar til gode heimar i Naustdal og Eimhjellen.

Ein føremiddagstur på Pusterommet med styrketrening og spesielt avslappingsøvingane i mørk sal etterpå, gjorde godt!

I det heftige regnveret gjer det som eg har skrive før, godt med underjordiske korridorar.
I ettermiddag kom sola igjen, på veg mellom hotellet og Parkbygget passerer eg desse to karane i Parken framfor Gamle hovedbygning.
I vinter har eg fleire gongar hatt lyst til å gje dei nokre varme plagg slik tildømes bloggaren Strickkontakt gjer det!

Eg har feriejobb, - vertinna i Vognstølen er på ferietur til Paris (med stort omland) - eg passar blomane hennar!
I dag har eg sendt meldinga Mission accomplie fleurs!

Etterskrift - fann ikkje namnemerke på statuen - men huska etterkvart at eg skulle søke på nettet!

Tiggerne av Gustav Vigeland

Bloggen Petunia har brukt Tiggerne som ein av mange bergenske statuar som illustrasjon på ABC i ord og bilde.

onsdag 8. juni 2011

Sommar i Bergen!

Åt frukost ute framfor restauranten på hotellet i dag!

Det er deilig å gå til "duk&dekka bord",
men du verda kor godt det er å ete litt i fred og ro åleine - i skuggen av eit tre med fuglesong!

Eg strikkar raude blad til åttebladroseteppe - det går forbausande fort!

Eg har ei håplaus synål, trur eg bør finne meg ein bybuss for å kjøpe nål i fineveret - då har eg ærend!

Har stråling og legetime ettermiddag - så eg rekk nok det!
Dessutan fekk eg lenkja til ei krokodille av MagFly - og treng litt oransje finull også!


Gårsdagens styrketrening var rimeleg lang og hard, - men eg har det ikkje FOR vondt!
Stråletimen vart framskunda, så eg vart stråla i pausen mellom to "undervisningsopplegg for slike som oss" på Pusterommet -
Fysisk aktivitet og kreft og Ernæring og kreft.

Frå den første - all aktivitet gjer livet betre og følgefeila forsvinn, eller vert lettare!
Frå det andre: eg og alle andre bør ete linfrø og tran & 500 g frukt og grønt , - og menn med mannekrefttypar bør dagleg få i seg tomatsaus; - der er varmebehandla tomat og olje poenget!
Mellomskrift - eg gløymde visst korsblomstfamilien - der bør vi alle ete meir!

No har eg funne eit skjerf som kler inn sårbare område - og går ut i sola!

- og koppen og blekkboksen den er levert i er handla på Ting på Bryggen.

tirsdag 7. juni 2011

Morgonstemning

Biletet frå taket på Norsk villakssenter tok eg etter opninga av Sogn kunstsenter.

På Øyri er ikkje så lett å få kjensla av  stadar fjorden utan å vere litt oppe i høgda...

Oppe i høgda her på Haukeland i dag, er det smått med vidsyn.

Skydekket er lavt, det er ikkje like mykje regn som det som møtte meg i går føremiddag,
- men eg opplever det som innever...

Godt å ha underjordiske tunnelar mellom dei ulike bygga når ein spring mellom "programinnslaga".

Måndagsundervisninga var om  Fatigue  som ein av følgefeila av kreftbehandling var med leiaren for pasientopplæring og rehabilitering Inger Thormodsen.
Ho presiserte vel at det ikkje var meininga å trigge problematikken, men sidan så mange opplever fatigue knytt til kreftdiagnose og behandling i ulik grad er det eigne kurs/undervisningsopplegg om temaet.
Viktig at vi gjenkjenner, - innser problematikken og eventuelt finn eigne måtar å løyse problema på.
Ta ein ting i gangen - ikkje setje i gang med for mange prosjekt - men fullføre og glede seg over det!
Dette er gode retningslinjer for mange av oss som ynskjer å gjere mykje meir heile tida...
På programmet no er trening, så er det tysdagsundervisning og stråling!

søndag 5. juni 2011

Ny hatt til kunstsenteropning!

Førre søndagskvelden kom Anna med denne Tonak-hatten til meg.

Mor hennar har jobba i firmaet og vetlebroren var med og valde hatten - den er nydeleg!

Eg var ikkje i tvil -
hatten måtte vere ein del av antrekket for kunstsenteropninga  og den fekk følge av ein nystroken ubleika linfrakk.

Eg nytta ikkje høghæla sko - slit nok med å stå så lenge uansett...

Hadde grytidleg stråletime på fredag. Handla Hvit dame med makronbotn og kransekakestenger på Henry Helgesens Cafe og Conditorier på Tårnplass.

Den gong vi var høge og slanke bergensstudentar, drakk vi varm sjokolade med krem og åt Hvit Dame på Reimers på Telegrafen når noko skulle feirast eller trøstast!

No er både midja, Reimers og Telegrafen vekke!

Bystudenten og eg tok bussen heim - var framme i god tid for opninga av Sogn kunstsenter!
Figurer og fortellinger frå Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst er første utstillinga.

Sogn avis var der!
Nrk var der!
Arkitektar Rut og Simon!


I går vandra vi rundt og såg på små og store hendingar og kunstsenteret utan så mange folk...
Og etterpå - grilling og kakeeting saman med mange, i ein god hage i ein nydeleg førsommarkveld!
Vi feira mange gode hendingar, og at somaren endeleg var komen!


Kombinasjonen av gode minne knytt til Hvit Dame, Festspill, Husfliden og raudt finullgarn får meg til å kopiere denne artikkelen. Eg får ikkje lenkja direkte til Glo og lytt sin artikkel om Reimers - måtte likevel dele denne!

Hele Bergens «Reimers-dame»

«Hon ser ut som en biskopinna, høgrest, med uppsatt hår och bländhvit drakt. Med en bjudande gest visar hon var man kan gluffa i seg ställets utroliga räksandwiches.»
Publisert: 26. nov. 2002
Truls Synnestvedt

Journalisten fra svenske Östersundsposten la ikke kakegaffelen mellom da han i juni 1978 rapporterte hjem fra Bergen - «den gröna ängen mellan fjällen».
Blant de uforglemmelige inntrykkene fra festspillbyen var et kremfylt kakebesøk på Reimers Conditori.
Og «biskopinnan med uppsatt hår» var selvfølgelig Åse Christensen, vertinnen på Reimers fra 1956 til langt ut på respatexens 1980-tall.

Du husker henne, sant?

En «Platsanviserska i nystruken bomullsrock och røda kindrosor.»

For flere generasjoner bergensere var Åse Christensen og Reimers Conditori to sider av samme Napoelonskake.

Fikk du være med din hjemmegående mor på konditori i de dager, så var det på Reimers dere gikk og det var Åse Christensen som tok imot og fant et ledig bord. Som kom med sjokoladen med krem, den Hvite damen med svakrosa marsipanrose med tynne, tynne kronblad, og med vaniljeisen i den stålgrå coupe'n.

Mor Åse passer bra

I en reportasje i Morgenavisen i juli 1982 skriver Ingri Lønnebotn om Mor Åse i Telegrafbygningen:

«Høyreist og skarpskåren som et norsk fjell, friskfarget i huden og kildeklar i blikket. Jo, Mor Åse passer bra.»

Og 46 år etter at hun begynte hos Reimers, er den 87 år gamle kvinnen akkurat like «høyreist og skarpskåren» som vi husker henne fra våre egne bløtkakedager på Reimers på 1950- og 1960-tallet.

En dame som utstrålte autoritet, men også vennlighet. Som vi fremdeles forbinder med brus og blautis og butterdeigskjell med fiskeboller - til 3.50.

Fremdeles er hun bosatt i Skålvik på Sotra, som hun har vært det siden 1969, dit hun og ektemann Olav flyttet fra Breistølens 80 trappetrinn.

Hun blir litt fjern og fuktig i blikket når minnene fra Reimers-tiden strømmer på.
- En flott arbeidsplass og Bastian Reimers var en enestående sjef, sier hun.

Og minnes de voksne fruene som kom til sin daglige te-chat, de yngre med barnevogn og minstemann - og herrer som var litt «opp i årene».

Noen av dem hadde forresten den uvanen at de tok seg en tur ned på toalettet for å ta seg en pillehytt på formiddagen.

- Da var jeg etter dem, måtte jo ha kustus, forteller hun med et lite smil.

Huspost og kontrolldame

Selv om hun er 87 er det bare to år siden Åse sist var i stige for å male huset sitt på Sotra, og bare ett år siden hun sist var i båt for å fiske.

Til Bergen kom hun i 1935. Født i Bærum, men oppvokst i Hobøl som en av ti søsken, og den eneste gjenlevende.

Først til huspost hos bakermester Smith-Sivertsen, så en altmuligjobb ved Det katolske hospital i Nygårdsgaten, før hun ble garderobe- og kontrolldame på danseskolen hos Fermann og Gunero i Kroepelin-huset i Strandgaten.

- Kontrolldame? - Det hendte jo at noen på de eldste dansepartiene hadde med seg noe på lommen, så det kunne være behov for litt kontroll, forteller hun.

Kneisende stilig som den gang, i brun drakt og silkesjal rundt halsen.

Men fra 1956 ble det Reimers for fulle kakaomugger.

- Min mann så en annonse i Bergens Tidende, der Reimers søkte etter vertinne.

- Den stillingen skal du ha, sa han. Og hun fikk den, beholdt den i mer enn 25 år og ble en liten bergensk institusjon. Anviste plasser til mødre med og uten barnevogner, sørget for friske blomster på alle bord og pludret med stamgjester.

Blir kjent igjen

De mange årene på Fermann og Gunero og på Reimers har ført til at hun ofte blir gjenkjent. Ikke bare i Bergen.

- Jeg har opplevd å bli snakket til på Karl Johan i Oslo, og på fergeleiet i Kinsarvik kom det en gang en svensk kvinne bort til meg og sa «må jag få fråga om ni inte er den damen från konditoriet i Bergen?»

Jo da, hun var da det.

I skreddersydde vertinnedrakter, enten det var den svarte til vinterbruk, eller den hvite hun fant frem til Festspillene.

Om Reimers Conditori skriver Morgenavisen i april 1976:

« ...et hav av hatteprydete kvinner, grønne planter og en lang glassdisk ... Alt dette er kjent og kjært, man føler liksom en trygghet.»

Og videre, hør, hør:

«Egentlig er det fargemessig gyselig. Et rom med lysegrønne vegger, lyst grått vinylgulv, brune tre-imiterte respatexbord, plastikktrekk på stolene. Men det hele virker koselig og personlig. Hovmesterinnen, vertinnen som går rundt og anviser bord, understreker denne stil.

- Er det minstebarnet som har fått være med i dag? kommenterer hun og smiler til ungen i sportsvognen», skriver Morgenavisens Maggedutti for 26 år siden.

Like elskverdig den dag i dag, Reimers' Mor Åse."

Det var denne vertinna som gav grei melding til studina som hadde vore på Husfliden for å kjøpe garn svært tidleg på 80-talet!
"Unge dame, - dette er ingen strikkestue!"
Eg pakka spøtet ned i veska - og no smiler eg av minnet og kan fortelje at eg igjen spøtar med Rauma finull i raudt også 435!