Katharine Hepburn: "If you obey all the rules you miss all the fun!" - eller dersom du fyl alle reglane gjeng du glipp av all moroa.
På Picasaweb med overskrifta
No rules for Julie viser Lynne Tyler
også prosessen til denne quilten.
Ho har verdsvevsida The Patchery Menagerie - som stendig gler meg med noko nytt eller fint.
Bokstavar må eg gjere noko meir med før sommaren er over - eller kanskje i dag sidan sola skin så fint!
- men her gjeld det å iallefall å følge ein god regel - å stryke godt!
Mellomskrift: Valde å ikkje starte med bokstavar i dag!
Eg har vore på syrommet og stroke alt som låg og klar til denslags.
Dessutan bladde eg i ei av UFO-prosjektskuffene og fann ut at eit anti-fatigue-tiltak i tillegg til å trene skal vere å gjere ferdig 1 quiltateppe til - har eg ikkje gjort noko større prosjekt ferdig sidan teppet til Frilund.
På Pusterommet fekk eg vite sist fredag at eg også kan få treningsoppfølging på rekvisisjon etter at eg er ferdig med strålebehandling!
Mellomskrift ferdig!!!
Stitchery kjem inn under skulle-kunne-gjerne-ha-gjort, tildømes også som ein variant av sjokoladekua til Drømmequilten!
Det tek nødvendigvis ikkje så lang tid til å starte og gjere ferdig små prosjekt. Oftast innser ein at DET var ein god ide og let vere med å gjere noko meir medan ein let den gode tida segle forbi.
I staden for handsaum i stitchery, - kan ein gjere andre raske val:
Selvage blog har lagt ut ein YouTubevideo av maskinsauma drodlesauming som P.Nosa har gjort.
Det går veldig fort, - når ein har øvd ei stund eller har eit nært og godt høve til symaskina si!
På P.Nosa si verdsvevside ser det ut til å vere mange alternative kunstformer - men under punktet sewing fann eg mangt som eg både smilte breitt av og kom med ettertenksame hmm av - fekk lyst til å drodle med symaskina...
Startkurs i friquilting med maskin? - her er to videoar på verdsvevsida til Carol Brungar Madness and mess !
- eller kanskje ein burde nemnt starten på øvingsoppgåvene hennar.
søndag 26. juni 2011
lørdag 25. juni 2011
Raudestova
Godt slike hus -
har slike eigarar!
Har skrive i mange blogginnlegg om Raudestova -
23.august i fjor - ho svevar
4. september - ny mur
14.september - erstatning for det som hadde rotna
27.september - nytt tak
20.oktober - klar for vinteren
No har ho fått grønt gras med blomar i på taket!
![]()
Har hatt kaffivitjing i dag - og skal på ei grillmiddagvitjing no i kveld. Det er så inderleg godt å vere heime og utan å ha problem med dei store såra under armen, at eg må dele gleda endå ein gong!
I motsetning til her førre dagen då eg sutra over at eg ikkje fekk strikke, er eg no klar for å saume når eg kjem heim og strikke og kanskje hekle før den tid!
Eg har positive tankar om dei komande vekene - og det er litt nytt akkurat denne veka -
og som de ser - Raudestova vart vakker igjen, ho også!

fredag 24. juni 2011
Verda er vakker - med enkle midlar!
Etter strålebehandlinga i dag, var eg til strålesårbehandling.
Eg er klar for å forgylle slike kvardagspraktikarar som brukar det dei har, til å løyse det som trengs!
Dei ordna det heile med hjelp av Mepilex og ei netting sjukehustruse!!! - som i ein svært oppklipt versjon, no fungerer som ein form for bh! Det viktigaste er likevel at den held silikonputa på plass under arma, for resten av huda toler heller ikkje tape! Såret gror ikkje fast i silikonen som den ville ha gjort med ein bandasje - og det aller viktigaste, det vert ikkje ureint i såret og silikonputa sug opp sårvæska som er der uansett!
No kan eg likevel glede meg til dei komande vekene.
I tillegg kjem yndlingsfrisøren min til Bergen på tysdag med hurtigbåten frå Stavanger -
ho skulle ha teke litt med øyrene og litt i nakken, - så langt som det har vorte der, -
men allermest skal vi kose oss!

torsdag 23. juni 2011
Rosa biltur!
Har tinga denne bilen og Trønderinna som privatsjåfør i kveld!
Eg gler meg!
Sogndal gjekk ut av cup'en i går - mange mål vart det, men Brann fekk flest. Oddleif Løset sine Nrk-bilde.
Med ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse må ein vel seie at vi fekk utteljing for billetten - men det var litt leitt at dei tapte!
Møtte AK utanfor Brann stadion - ho er skikkeleg ihuga Sogndalssupportar og har både neglelakk og øyredobbar i rett farge! - og sat naturlegvis saman med Saftkokarane.!
Ein slik utflukt er nok for ein dag - brannsåra under armen byrjar å bli særs plagsomme - stråledamene skulle sørge for time på Poliklinikken i morgon for å finne ut om nokon har endå betre råd å kome med.
Dei fortalde at det vert verre i to veker atter at dei er ferdig med strålinga - så eg har tre såre veker framfor meg! Det vert lite strikking av slikt!
Her er Trønderinna og Bystudenten på utflukt på Nattlandsfjellet - Vi syntest alle det var ein gøy bil å vere på tur med! Neste veke planlegg vi ein lengre tur!

onsdag 22. juni 2011
Brann - Sogndal på programmet!
I dag vert det cupkamp på Brann stadion!
Eg sit og fyl slutten av sendinga om Hurtigruten - eit vidløftig prosjekt som verkeleg har truffe!
Eg har forlengst funne ut at eg gler meg til å kome heim til Quiltemagasinet - der Tove Fevang har eit teppe og på bloggen hennar har ho bloggutlodning med dei fine stoffa frå Fr. Jørgensen til teppet!
Gjett om eg har meldt mi interesse!?
Eg saknar syrommet mitt, - vel eg saknar heime!
Snakka med naboen om det i går, ein eldre kar med stråling av typisk mannekreft - han hadde berre denne veka at - og hadde gruhenskeleg heimlengt - "nok no!"
Å sitje åleine i fineveret på bordet utanfor restaauranten og ete frukost, - er den aller beste starten på dagen!
Eg har ikkje vorte folkesky altså - det er berre så greitt å sleppe så mange til frukost!
Det er fineversdagar i by'n - endeleg to dagar etter kvarandre!
Det har vorte rolege dagar på hotellet, - såra under venstrearma gjer til at eg helst bør gå med eit fast "tante Sofie" grep i midja - for å sørge for ro og lufting i armhola.
Såra gror vel ikkje før etter eg er ferdig - "Materialtrøttleiken" er plagsom, likevel tenkjer eg korleis det var i førre århundre då tantene Aslaug og Sigrid vart stråla på skikkeleg på Radium'en -
då vert det berre unødvendig å sutre over såra!
Inderleg godt at forsking og utviklinga går framover heile tida.
- og kva skal eg gjere i morgon - eg har skaffa privatsjåfør til den rosa MiniOne-bilen!

tirsdag 21. juni 2011
Sommarsolkverv - ser likevel mot lysare tider!
I dag klokka 17.16 er det sommarsolkverv - dagen med lengst daglengde.
Dagens ku - ei krysning mellom Eiffeltårnet og ei ku - naturlegvis!!!
Det er stendig manglar i fransken - une tour de vache eiffel!
Pariserkua er naturlegvis spesialimportert av Kari H. som nett har vore på dei kantar.
Bystudenten etterlyser 13-16 åringar til årets to vekeslange sommarkurs i Studentradioen - nokon blogglesarar som kjenner nokon? Info om kurset.
Har to veker igjen på Haukeland hotell. No har huda under arma fått noko meir stråleskade som eit brannsår - den "slepp" når hud gnissar mot hud.
I føremiddag la eg på saltvassomslag og let huda tørke istaden for å gå på styrketrening, - eg var ikkje klar for meir kjempesår hud!
Vi feira Bystudenten og Gudmora hans sine åremålsdagar i går, med jordbær og is, to små Hvite damer frå Lie Nielsen og kransekakestenger frå Henry Helgesens konditorier.
Lie Nielsen har endå betre Hvite damer enn Helgesen!
Det hjalp ikkje med dobbel stråletime førre veke, eg fekk likevel ikkje reist til Nordfjord i gravferd.
Eg fekk blålys, ei natt på sjukehuset og MR istadenfor. Han hin kom også til by'n på torsdagskvelden, sidan det vart så mykje ekstrabestyr - det var leitt å ikkje vere tilstades i gravferda, men godt at Bystudenten var der for oss!
I helga var det marknad - og eg gjorde ingen verdens ting -.
Det var nok den første utan eit einaste oppdrag - det var godt!
Det betyr ikkje at det ikkje vart handel!
Men nytta betydeleg meir tid til berre å sjå på!
Søndag var det godt nok ver til å grille til og med!
Bystudenten hadde hatt med nøttekake og aprikosmos til å fylle den med frå Mormor, så dagen hans vart feira på førehand med kakeselskap også.
Kjenner eg gler meg til å verte ferdig med stråling no - har hatt ein kviledag i dag - skal på fotballkamp i morgon Brann - Sogndal cupkamp på Brann stadion. I denne samanheng er eg Sogndalsupportar!

onsdag 15. juni 2011
Er av dei heldige!
Starta dagen med Kondistrening på Pusterommet - har framleis eit stort potensiale!
Den travle dagen heldt fram med buffetlønsj, så stråling og så henting av ku på Småting på Bryggen!
Hauklandia - det mest naturlege namnet den kunne få - kosekua som måtte hentast inn frå Stavanger!
Her er vi på kaffiplassen Sakristiet - i gården Jakobsfjorden på Bryggen. Sakristiet er eit underbruk av Kaffemisjonen.
Baristaen eller kaffidamå laga nydeleg Cappucino med nydeleg mønster og serverte scones med rømme og sylte.
Eigentleg er området betydeleg meir trafikkert enn biletet viser - dobbeltgården Bellgården og Jakobsfjorden er ein ynda turistplass både for grupper og enkeltturistar og med Bryggen Tracteursted rett inn til venstre.
Gjekk på Stragiotti med Bystudenten og Trønderinna - på tide med skikkeleg italienske pizza og pannacotta! ( "for mykje hotellmiddager"!)
Vi såg Før Soloppgang på Den nationale Scene!
Spennande, - altfor sjelden på teater!!!
6 timars bytur er lenge for meg, - slike dagar!
Stakk innom 7 eleven og handla ein boks Ben&Jerry's is, -
tok bussen "heim" til Haukeland.
Spaserte Jonas Liesvei til hotellet, - rett bak Kvinneklinikken skjedde det!
Oppe på ein lyktestolpe sat ei måse og skeit!
- og kva skjer - måseskiten landar ein god halv meter framfor meg!
Er eg ikkje av dei heldige utvalde, så veit ikkje eg!

søndag 12. juni 2011
Solstrålar finn meg!
Endeleg lette i veret!
Er midtfjords, der havet og himmelen vanlegvis større enn heime på Øyri.
Han hin henta meg på Sognebåten i Vik på fredagskvelden, akkurat der gjekk skiljet mellom fint overskya opphaldsver til lett yr - medan det regna heftig innerst i fjorden.
Her har skoddedisen hengt nesten "ned-i-hårgarden" i helga, - stundom har den gått heilt ned i strandkanten.
I går ettermiddag og kveld forsvann også Leikanger frå horisonten. Han hin rakk likevel å få knust alt graset med traktor og beitepussar, før det var for mykje helg!
Eg kosa meg og freista få helgefreden innomhus, strikka raude deler til åttebladroseteppet mitt, høyrde radio og leste nettnyhende - det er vel mykje vatn på veg til havs både her vest og austafor...
Elvi i Lærdal vert stendig større, - den har grave heftig allereie og sett mangt under vatn...
Mange har ikkje fått den pinsehelga dei hadde planlagt - men eg ser blå flekkar i det lysekvite skydekket.
Yr.no fortel at det ikkje skal regne meir medan vi er her - synest det er heilt greitt!

torsdag 9. juni 2011
Grøne menn i parken!
Dagen starta med eit heftig regnver, - ei uroleg natt med mange tankar til gode heimar i Naustdal og Eimhjellen.
Ein føremiddagstur på Pusterommet med styrketrening og spesielt avslappingsøvingane i mørk sal etterpå, gjorde godt!
I det heftige regnveret gjer det som eg har skrive før, godt med underjordiske korridorar.
I ettermiddag kom sola igjen, på veg mellom hotellet og Parkbygget passerer eg desse to karane i Parken framfor Gamle hovedbygning.
I vinter har eg fleire gongar hatt lyst til å gje dei nokre varme plagg slik tildømes bloggaren Strickkontakt gjer det!
Eg har feriejobb, - vertinna i Vognstølen er på ferietur til Paris (med stort omland) - eg passar blomane hennar!
I dag har eg sendt meldinga Mission accomplie fleurs!
Etterskrift - fann ikkje namnemerke på statuen - men huska etterkvart at eg skulle søke på nettet!
Tiggerne av Gustav Vigeland
Bloggen Petunia har brukt Tiggerne som ein av mange bergenske statuar som illustrasjon på ABC i ord og bilde.

onsdag 8. juni 2011
Sommar i Bergen!
Åt frukost ute framfor restauranten på hotellet i dag!
Det er deilig å gå til "duk&dekka bord",
men du verda kor godt det er å ete litt i fred og ro åleine - i skuggen av eit tre med fuglesong!
Eg strikkar raude blad til åttebladroseteppe - det går forbausande fort!
Eg har ei håplaus synål, trur eg bør finne meg ein bybuss for å kjøpe nål i fineveret - då har eg ærend!
Har stråling og legetime ettermiddag - så eg rekk nok det!
Dessutan fekk eg lenkja til ei krokodille av MagFly - og treng litt oransje finull også!
Gårsdagens styrketrening var rimeleg lang og hard, - men eg har det ikkje FOR vondt!
Stråletimen vart framskunda, så eg vart stråla i pausen mellom to "undervisningsopplegg for slike som oss" på Pusterommet -
Fysisk aktivitet og kreft og Ernæring og kreft.
Frå den første - all aktivitet gjer livet betre og følgefeila forsvinn, eller vert lettare!
Frå det andre: eg og alle andre bør ete linfrø og tran & 500 g frukt og grønt , - og menn med mannekrefttypar bør dagleg få i seg tomatsaus; - der er varmebehandla tomat og olje poenget!
Mellomskrift - eg gløymde visst korsblomstfamilien - der bør vi alle ete meir!
No har eg funne eit skjerf som kler inn sårbare område - og går ut i sola!
- og koppen og blekkboksen den er levert i er handla på Ting på Bryggen.

tirsdag 7. juni 2011
Morgonstemning
Biletet frå taket på Norsk villakssenter tok eg etter opninga av Sogn kunstsenter.
På Øyri er ikkje så lett å få kjensla av stadar fjorden utan å vere litt oppe i høgda...
Oppe i høgda her på Haukeland i dag, er det smått med vidsyn.
Skydekket er lavt, det er ikkje like mykje regn som det som møtte meg i går føremiddag,
- men eg opplever det som innever...
Godt å ha underjordiske tunnelar mellom dei ulike bygga når ein spring mellom "programinnslaga".
Måndagsundervisninga var om Fatigue som ein av følgefeila av kreftbehandling var med leiaren for pasientopplæring og rehabilitering Inger Thormodsen.
Ho presiserte vel at det ikkje var meininga å trigge problematikken, men sidan så mange opplever fatigue knytt til kreftdiagnose og behandling i ulik grad er det eigne kurs/undervisningsopplegg om temaet.
Viktig at vi gjenkjenner, - innser problematikken og eventuelt finn eigne måtar å løyse problema på.
Ta ein ting i gangen - ikkje setje i gang med for mange prosjekt - men fullføre og glede seg over det!
Dette er gode retningslinjer for mange av oss som ynskjer å gjere mykje meir heile tida...
På programmet no er trening, så er det tysdagsundervisning og stråling!

søndag 5. juni 2011
Ny hatt til kunstsenteropning!
Førre søndagskvelden kom Anna med denne Tonak-hatten til meg.
Mor hennar har jobba i firmaet og vetlebroren var med og valde hatten - den er nydeleg!
Eg var ikkje i tvil -
hatten måtte vere ein del av antrekket for kunstsenteropninga og den fekk følge av ein nystroken ubleika linfrakk.
Eg nytta ikkje høghæla sko - slit nok med å stå så lenge uansett...
Hadde grytidleg stråletime på fredag. Handla Hvit dame med makronbotn og kransekakestenger på Henry Helgesens Cafe og Conditorier på Tårnplass.
Den gong vi var høge og slanke bergensstudentar, drakk vi varm sjokolade med krem og åt Hvit Dame på Reimers på Telegrafen når noko skulle feirast eller trøstast!
No er både midja, Reimers og Telegrafen vekke!
Bystudenten og eg tok bussen heim - var framme i god tid for opninga av Sogn kunstsenter!
Figurer og fortellinger frå Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst er første utstillinga.
Sogn avis var der!
Nrk var der!
Arkitektar Rut og Simon!
I går vandra vi rundt og såg på små og store hendingar og kunstsenteret utan så mange folk...
Og etterpå - grilling og kakeeting saman med mange, i ein god hage i ein nydeleg førsommarkveld!
Vi feira mange gode hendingar, og at somaren endeleg var komen!
Kombinasjonen av gode minne knytt til Hvit Dame, Festspill, Husfliden og raudt finullgarn får meg til å kopiere denne artikkelen. Eg får ikkje lenkja direkte til Glo og lytt sin artikkel om Reimers - måtte likevel dele denne!
Hele Bergens «Reimers-dame»
«Hon ser ut som en biskopinna, høgrest, med uppsatt hår och bländhvit drakt. Med en bjudande gest visar hon var man kan gluffa i seg ställets utroliga räksandwiches.»
Publisert: 26. nov. 2002
Truls Synnestvedt
Journalisten fra svenske Östersundsposten la ikke kakegaffelen mellom da han i juni 1978 rapporterte hjem fra Bergen - «den gröna ängen mellan fjällen».
Blant de uforglemmelige inntrykkene fra festspillbyen var et kremfylt kakebesøk på Reimers Conditori.
Og «biskopinnan med uppsatt hår» var selvfølgelig Åse Christensen, vertinnen på Reimers fra 1956 til langt ut på respatexens 1980-tall.
Du husker henne, sant?
En «Platsanviserska i nystruken bomullsrock och røda kindrosor.»
For flere generasjoner bergensere var Åse Christensen og Reimers Conditori to sider av samme Napoelonskake.
Fikk du være med din hjemmegående mor på konditori i de dager, så var det på Reimers dere gikk og det var Åse Christensen som tok imot og fant et ledig bord. Som kom med sjokoladen med krem, den Hvite damen med svakrosa marsipanrose med tynne, tynne kronblad, og med vaniljeisen i den stålgrå coupe'n.
Mor Åse passer bra
I en reportasje i Morgenavisen i juli 1982 skriver Ingri Lønnebotn om Mor Åse i Telegrafbygningen:
«Høyreist og skarpskåren som et norsk fjell, friskfarget i huden og kildeklar i blikket. Jo, Mor Åse passer bra.»
Og 46 år etter at hun begynte hos Reimers, er den 87 år gamle kvinnen akkurat like «høyreist og skarpskåren» som vi husker henne fra våre egne bløtkakedager på Reimers på 1950- og 1960-tallet.
En dame som utstrålte autoritet, men også vennlighet. Som vi fremdeles forbinder med brus og blautis og butterdeigskjell med fiskeboller - til 3.50.
Fremdeles er hun bosatt i Skålvik på Sotra, som hun har vært det siden 1969, dit hun og ektemann Olav flyttet fra Breistølens 80 trappetrinn.
Hun blir litt fjern og fuktig i blikket når minnene fra Reimers-tiden strømmer på.
- En flott arbeidsplass og Bastian Reimers var en enestående sjef, sier hun.
Og minnes de voksne fruene som kom til sin daglige te-chat, de yngre med barnevogn og minstemann - og herrer som var litt «opp i årene».
Noen av dem hadde forresten den uvanen at de tok seg en tur ned på toalettet for å ta seg en pillehytt på formiddagen.
- Da var jeg etter dem, måtte jo ha kustus, forteller hun med et lite smil.
Huspost og kontrolldame
Selv om hun er 87 er det bare to år siden Åse sist var i stige for å male huset sitt på Sotra, og bare ett år siden hun sist var i båt for å fiske.
Til Bergen kom hun i 1935. Født i Bærum, men oppvokst i Hobøl som en av ti søsken, og den eneste gjenlevende.
Først til huspost hos bakermester Smith-Sivertsen, så en altmuligjobb ved Det katolske hospital i Nygårdsgaten, før hun ble garderobe- og kontrolldame på danseskolen hos Fermann og Gunero i Kroepelin-huset i Strandgaten.
- Kontrolldame? - Det hendte jo at noen på de eldste dansepartiene hadde med seg noe på lommen, så det kunne være behov for litt kontroll, forteller hun.
Kneisende stilig som den gang, i brun drakt og silkesjal rundt halsen.
Men fra 1956 ble det Reimers for fulle kakaomugger.
- Min mann så en annonse i Bergens Tidende, der Reimers søkte etter vertinne.
- Den stillingen skal du ha, sa han. Og hun fikk den, beholdt den i mer enn 25 år og ble en liten bergensk institusjon. Anviste plasser til mødre med og uten barnevogner, sørget for friske blomster på alle bord og pludret med stamgjester.
Blir kjent igjen
De mange årene på Fermann og Gunero og på Reimers har ført til at hun ofte blir gjenkjent. Ikke bare i Bergen.
- Jeg har opplevd å bli snakket til på Karl Johan i Oslo, og på fergeleiet i Kinsarvik kom det en gang en svensk kvinne bort til meg og sa «må jag få fråga om ni inte er den damen från konditoriet i Bergen?»
Jo da, hun var da det.
I skreddersydde vertinnedrakter, enten det var den svarte til vinterbruk, eller den hvite hun fant frem til Festspillene.
Om Reimers Conditori skriver Morgenavisen i april 1976:
« ...et hav av hatteprydete kvinner, grønne planter og en lang glassdisk ... Alt dette er kjent og kjært, man føler liksom en trygghet.»
Og videre, hør, hør:
«Egentlig er det fargemessig gyselig. Et rom med lysegrønne vegger, lyst grått vinylgulv, brune tre-imiterte respatexbord, plastikktrekk på stolene. Men det hele virker koselig og personlig. Hovmesterinnen, vertinnen som går rundt og anviser bord, understreker denne stil.
- Er det minstebarnet som har fått være med i dag? kommenterer hun og smiler til ungen i sportsvognen», skriver Morgenavisens Maggedutti for 26 år siden.
Like elskverdig den dag i dag, Reimers' Mor Åse."
Det var denne vertinna som gav grei melding til studina som hadde vore på Husfliden for å kjøpe garn svært tidleg på 80-talet!
"Unge dame, - dette er ingen strikkestue!"
Eg pakka spøtet ned i veska - og no smiler eg av minnet og kan fortelje at eg igjen spøtar med Rauma finull i raudt også 435!

fredag 27. mai 2011
Reiseeffekter
Småtingbutikken på Bryggen hadde ikkje stoffkyra eller bamsen som ho sa den hyggelege dama som på kort varsel endra status for mor med barn i vogn til tilsett fordi ho hi bak disken hadde rikeleg å gjere for tanter og turistar bak disken!
Men ho avslørte at dei hadde eigen internkontroll på slikt, skreiv på eige skjema - noterte tlf og namn og ho lovde attendemelding om nokon av dei hine butikkane hadde den! Innsåg fortåelsesfullt at eg treng ei stoffkyr!
Men dei hadde denne og naturlegvis trong eg ein kyratannbørstehaldar frå flipper.
Denne har ikkje berre bruksanvisning, den har også namn Howdy Cowie!
Strålingsområdet er litt rødt og varmt, skal til ny stråling no, etterpå ØNHkontroll og ny CT i ettermiddag.
Sola skin og eg vart minna på at eg må vere tildekka i stråleområdet - det spørs om ikkje det verrt ei vitjing på Kappahl Åsane - det er der dei alltid har klede som passar både smaken og lommeboka mi!
Etterpå reiser vi dit himmelen og havet er større!

torsdag 26. mai 2011
Strålestartdag
Solstrålane skin på boksen og dei fire koppane som eg fekk 2.oktober i fjor!
Handla på ein museumsbutikk nordpå!
Tidleg morgonstart heimanfrå - gjorde førpremiera på Nattjazzen i foajeen på sentralblokka mogeleg - vi hadde ete føremiddagsmaten i atriet i Parkbygget, før vi innsåg at vi var i feil lokale! Legg ut bilete litt seinare...
Etter tapping av ødem på mammografisenteret kom ferdiginnstilling til strålestart med øving på gating, - dei utsette starten til i dag. Ein annan pasient fortalde at var det avdi dei var litt seint ute fordi ei av maskinen hadde vore trøblete!
Eg er teikna på overkroppen slik ein liten unge som har fått sin første tusj teiknar på nymåla flater... ser praktfullt ut, - men det er ikkje tilfeldige linjer egentleg!
Fiskegrateng og sjololadepudding til middag og vitjing av kaffigjester i hotellrestauranten. Han hin for opp i Vognstølen for å finne seng der, medan Bystudenten vart igjen ei stund til og heldt meg med selskap til eit glas raudvin - ei hyggeleg avrunding på ein travel dag - det er ikkje til å kome vekk i frå at kreftbehandling har utvikla seg...
Kva ville ikkje indremisjons- og avhalddama Tante Sigrid ha sagt om ho vart boden på raudvin på Radiumhospitalet i si tid...
Fekk nett telefon om at overlegen som laga større biholer på meg ville ha meg inn til kontroll, - alt er så sytalaust når ein kan avtale slikt mellom trening og stråling i morgon.
Det er godt å vere her på Haukeland hotell, at det vert ei stund gjekk opp for meg då resepsjonisten spurte om eg kom til å bu her heile perioden fram til juli.

tirsdag 24. mai 2011
Litt dagen-før-uro... og Nattjazz som bonus!
Denne Milkakyraveska er handla på flyplassen i Wien på heimtur frå Jeriko i oktober 2010.
Den var naturlegvis fylt med Milkasjokoladeplater.
I dag er ein slik konsentrasjonsproblem-dag. Kjem på og startar det meste, - men har forlengst gløymt kva det var...
Har huska å tinge tapping av ødem før strålinga, sist var det ein halvliter!
Fekk ettersendt faktura på konsultasjonen, måtte betale "maksimal pasientbetaling for utgifter til bandasjemateriell osv..."
1 rør til tappinga, 2 pussbakker, ein 25 cm kirurgtape og ein bandasje til holet og utskrivinga av fakturaen og porto naturlegvis kr 25,-
Lurer på kva minimum pasientbetaling er!
Konsultasjonen i morgon startar på desse tider i morgon og strålinga ein time seinare.
Strålinga er såkalla gating - pustestyrt stråleterapi, så i morgon har eg på meg videobrillene og passar på å halde pusten i 30 sekund eller ”Deep Inspiration Breath Hold” - slik at hjartet held nokre tiår ekstra!
Har nettopp funne ut at vi skal vere der minst ein time før.
Klokka 12 er det Rosa bil- konsert i foajeen i Parkbygget, - og som alltid stiller sogningar sterkt i høve Nattjazzen. Denne gongen med ein lærdøl som ein tredjedel av av bandet - Building Instrumnets!
Javel då - han er vel borjynde, - det er beviseleg langt til oss i sentrale strok!
Meir om den rosa Mini One bilen.
Elles ser det ut som om Storbritannia får ein ny askeonsdag i morgon!

mandag 23. mai 2011
Kyratoalettveske og reiseplanlegging
Denne har vore på syrommet ei stund, utan å ha vorte fotografert på førehand!
Eg forbind den med Førde, - men trur egentleg at det var Edith som fann den!
Den får nok ikkje lov til å vere med til by'n som toalettveske -
det vert vel som dei andre små og store veskene, dei endar opp som einplass der ein oppbevarer små og store skattar eller sikkerhetsnåler, heklekrokar og strikkepinnar.
Med knappe to døgn til avreise til Haukeland vert det mest rydding og organisering, - kva er viteleg å ta med seg på ein bortimot tidagarstur...
Om forma er fin, kan det vere at vi tek oss ei helg der himmelen og havet er større...
Det veks gras i frukthagar - det er ikkje berre fruktbløming på våren!
I dag skin sola her hjå oss, og det er litt vind. På Stadt er det storm og askeskya fell fortare i havet enn førre gong - så den lagar eit problem for Svalbard førebels...
Då er det godt å skulle reise til by'ni ein raud 2 1/2 seters Toyota, eller Hiace for å vere meir presis!
Her er Nrk Sf sine morgonbilete - storm på Kråkenes fyr og snø på Sognefjellshytta!

søndag 22. mai 2011
Korsstingskyr og hårklipp!
På bloggen Korsstygnsarkivet fann eg kyr, - kyr i mengder.
Ein av dei som er nemnt er mønstrene og lenkja til bloggen til Brigitte Dadaux.
Fransken min frå året eg gjekk kjole og draktsaum på 70-talet hjelper ikkje på å forstå teksten, - men bilda av både broderi og lappesaum er vakre og lett forståelege!
Hjå Les Marottes de Nathalie tek det heilt laust, der er det 6 sider med kyr, du kan bla rett under namnet til vevsida!
I dag er eg klar for årets andre hårklipp!
Må naturlegvis vere nystelt på håret før ein fér til by'n!
Ser framleis fram til at dusjsluken vert litt tett av håret mitt, det er nok ei stund til!
Etterskrift: Det er lenge sidan eg har nytta ordinær kam, det næraste har vore grov kam ein kan kjemme langt permanentkrøllete hår med - elles børste...! Han hin hadde ein raud Toyotakam i lageret sitt som eg kunne få!
Hårklippemaskina på avstand 3, gler meg til det nærmar seg 0!

lørdag 21. mai 2011
Gamalostgleder og Princesskyr!
Gamalost er godt -
når gamalosten luktar vondt har modningsprosessen gått for langt.
Gjerne på rugbrød, - her med Kesam, gamalost og tytebærsylte. Kesam i dette tilfellet ein enklare og lettare variant enn rømme.
Gamalost er tilnærma fettfri og inneheld 50% protein, og er salsmoden allereie etter 3-4 veker! Med andre ord - ingen gamal ost!
Forlaget Skald presenterer si nye bok under Gamalostfestivalen "Gamalost" skriven av Henning Rivedal og Kjerstin Risnes.
Det vert nok bokhandling!
I gårkveld var vi på Bedehuset, viltgryte og raudvin og Ole Johannes Øvretveit som inspirator med trening og slankehistorie hans - no også med plan om å springe marathon - mykje god lått!
Det trengs litt stoffkyr slike dagar også, desse er frå Princess i svart og raud modell! Men tydlegvis ikkje lenger i assortementet!

fredag 20. mai 2011
Ikeakyr og Tepper til glede!
Kua og kalven er del av "Landet" frå Ikea og handla i Åsane.
Eg fann det ikkje naturleg å kjøpe varianten Bondegård med dyr.
I følge IKEA oppmuntrar desse
"- til rollespill; barn utvikler sosiale ferdigheter ved å imitere voksne og skape sine egne roller."
Hjå oss bur svenskekyra og kalven på glashylle i kjøkkenglaset, medan dei hine dyra er respektlaust plassert i ein pose på syrommet.
På merkelappen står 100 % polyester på 31 språk og vaskbart på 40 grader, om det skulle verte behov for det! Særs få av kyrne mine er levert med bruksanvisning!
Eg fekk servert ideen om å låne symaskina til Trønderinna medan eg er i by'n, - som endå ein grunn til å få gjort noko i all den ledige tida eg vil få på Haukeland hotell! Kunne ha vore ein ypparleg plass å sy Tepper til glede eller Tepper som varmer. Hjå Arna Quiltelag fann eg også historien bak Tepper til glede, og her er Bergen quiltelag sine sider om det same.
Elles nyttar eg høvet til å lenkje til den nyopna dagkirurgiske klinikken , det er mest vanleg med dagkirurgi for oss som skal brystkreftopererast. Verkar kanskje rart når ein har så lang behandlingsperiode - eg starta med cellegift i oktober og planlagd ferdig med stråling i juli. Dei første signala på at noko var gale fekk eg i juli i fjor. Det tok lang tid før sjukehuset i Førde kunne ta i mot meg for undersøkelsar, og i første omgang bomma kirurgen på biopsien på ein relativt stor kul... Ting tek tid, men kan ikkje anna enn minne om at det framleis er betre å kome over redselen for å finne noko og fyl dei gode råda om å undersøke sjølv.
Elles er det tida for fine gje-bort-presangar i bloggverda!
Sjå Britts hobbygleder si pengebok med ruter&kirsebær
KaDuSei på nett med lapper sin fine prikkapung
Vanella har ein rosa trekantpung som fekk meg til å tenkje Trønderinna med ein gong!
Lis liv med lappar har ein vennskapsduk i rette fargar

torsdag 19. mai 2011
Villakyr - Maison de Campagne...
Er ikkje heilt sikker på kor kyrne "vaches",
kjem inn her -
Google translate overset "Maison de Campagne" med "villa" og i enkelte samanhengar blandar "herregård" seg inn i oversetjinga...
Det er vanskeleg å kalle heimen frå 1847 her i sentrale strok av tettstaden Øyri ein villa, - så eg tek det som eit signal frå givaren - Edith, odelsjenta som bur i ein god heim i Sunnfjord!
Etterskrift - som kommentarfeltet tilseier, har Solveig sjekka i ordboka si. Der er Maison de campagne oversett med landsted.
Då er dette nok ein kyrakrok som høyrer heime der havet og himmelen er større, - Feios!
Ein god dag som iallefall opnar med solstrålar inn på baksida av huset. Når solstrålane rekk heilt inn vindauga på biblioteket, er somaren er komen!
Enkelte sommarsdagar lyt ein ha litt meir klede på seg!
Eg har litt organisasjonsarbeid som bør vere gjort før eg set i gang med å rydde meir på syrommet. Eg slit med å halde fram ryddearbeidet, - finn så mange små og store skattar som ein har meir eller mindre gløymt og får altfor lyst til å sette igang og gjere heilt andre ting enn å rydde, - men det har vore ryddig i sytrådspolehyllene og knappane lenge!

onsdag 18. mai 2011
Ei veke til strålestart!
Handla ein kvanstaden der det er naturleg for syskenbarn Edith å handle!
Freistar å bu meg på starten på stråling og å vere vekke heimanfrå sånn på det jamne, i såpass mange veker -.
På tide å ta fram strikking av åttebladroser, ein treng eit kvart å gjere når ein har lange kvardagar utan å skulde på at mangt skulle ha vore gjort i heimen... LOL!
Sjølve strålinga tek berre 30 sekund, ei av dei tilsette sa det slik, det som tek lengst tid var å kle av seg og vente på tur og anna klargjering av strålinga som å ligge på benken på same måte som under førebuingane...
- tilogmed treningsklede er naturleg å ha med om ein nyttar dei ulike tilboda på Pusterommet i Sentralblokka.
Det er ikkje til å kome vekk i frå at eit slikt tilbod er betre enn eit råd i forbifarten om at ein gjerne godt kan vere aktiv i perioden ein får cellegift... Ein kan ikkje berre fare på Nattjazzkonsertar og Festspelaktivitetar, fordi ein er i by'n på rette tida av året!

tirsdag 17. mai 2011
Gratulerer med dagen - ynskjer alle ein vakker 17.!
Flagga plassert på begge sider av gatedøra presis klokka 08.00!
Dundrande salutt med 4 skot!
Lett regn!
Snart brønsj på Sanden!
Resten av dagen vert feira i Øvre!
17 dagar gamalt bilete!
mandag 16. mai 2011
Prikkakyr
Nesten heilt sikker på at denne er handla på Ting i Bergen.
Dagen for å pynte ute til 17.mai - eg bør gå på Blomsterbui og kjøpe noko raudt - orka liksom ikkje å gjere det på laurdag.
Vart lei meg fordi einkvan fann det høveleg å drive hærverk på gatesida av huset fredagsnatta.
Nokre meiner at slikt må ein tole når ein bur sentralt...
Rein faenskap vert noko anna enn generell tankeløyse når ein har "utestemme" på veg heim om natta...
Etterskrift - Det var mykje vakre blomar på Blomsterbui! Akkurat no før peonar, roser og ein del stauder blømer, er eg mest oppteken av at blomane eg handlar skal ha fargar. I bakhagen blømer alle rhododendronane - og det ser skamlaust nok ut i blomsterbeddet til at vi kan sitje på benkane på gatetrappa og sjå 17.maitoget gå forbi - har hatt ein 3 timars middagskvild etterpå - er ikkje alltid like flink til å ikkje bruke venstrehanda...
Både Sogndal og Brann vann kampane sine!
AKH observert på tribuna på TV'n min, reknar med DU synest turen til Telenor Arena var vel verdt det!

søndag 15. mai 2011
Trønderinneveske - Grammpri - Nakba!

På bloggen Lises myke pakker fann eg for lenge sidan ei veske - testmodellen vart ny veske til Trønderinna. Dei rosa stripesetta i UFOlageret vart valgt fordi dei 8 blokkene eg no har igjen, likevel vart for lite!
Den andre sida av veska har ei innfelt glidelåslomme, men har derimot foto av eine innsida!
Vi hadde vårt tradisjonelle Grammpri-evenement i går.
Vi har hatt størst skjerm/lerret og gjort det til årsak for ei årleg samling i god tid i førekant for eit lengre tacomåltid!
Berre ein er ihuga GPentusiast, nokre er alminneleg interessert og ein del av oss har ikkje høyrt/sett nokon av semifinalane - men det gjer absolutt ingenting! Eg kvilte på senga i naborommet med open dør inn til Salen dei seks siste melodiane og innrømmer det gjerne - dei høyrdest heilt like ut! Til kaffien etterpå hadde vi ei nydeleg medbragt kake - bør nok spørje fint om oppskrifta til den glutenfrie kaka!
I tankane mine i dag, er palestinske vener som markerer Nakba - det er 63 år sidan dei vart drivne frå heimane og eigedomane sine.
Av dei mange bloggane eg fyl er fleire av dei som i vår har vore deltakarar i Kirkenes Verdensråd sitt ledsagarprogram i Palestina og Israel - dette er Live Håberg sine tankar om Israel sin uavhengigheitsdag som i år vart feira 10.mai - i høve til at det som for palestinarar er al nakba - som markerer at 600 - 800 000 palestinarar vart sendt på flukt.
Biletet er eit bilete eg har lånt frå Adressa - menn frå Hebron - vart nytta som illustrasjon på 60års markeringa for al nakba.

Lyklane er det handfaste dei har igjen av husa dei vart fordrivne frå.
lørdag 14. mai 2011
Vi har hatt besøk i natt
Ser du det manglande bordet, duken og blomsterkrukka
- må du gjerne fortelje oss det.
- Hyggelege folk i nabolaget var innom no kvart på 1 og melde frå kor bordet står, ho hadde planta blomane oppatt i krukka!
Eg får sende han hin dit etter jobb, det vert for tungt å bere for meg som ikkje skal løfte noko med venstrehanda.
onsdag 11. mai 2011
Sparetiltak!
Sparekyra kom til heimen i går frå gjenbruksbui til NMS i Sogndalsfjøra.
Interessant nok, har ho striper som ein sebra...
Synest gjenbruk er greitt, det er bra at kyrne kjem til ein heim dei får vere synlege,
- enten dei er av dei vakraste eller litt meir kvardagslege!
Denne kyra viser kva som er svakheita på mange kyr - horna!
Knuste horn er rimeleg normalt, - ho er på ingen måte åleine om det!
Eg bør kanskje lage eit eige "set" med det som tittel i kuregisteret på Flickr - dette er iallefall den tredje i kategorien sparekyr!
I morgon reiser vi til by'n for første gangs planlegging av strålebehandlinga - ein dagstur!
Ser fram til å møte Bystudenten og Trønderinna til middag - har laga ei veske som eg er spent på om Trønderinna har lyst på.
Eg kjenner at eg har lyst til å gjere så mykje meir enn det som vert gjort, kviler meir - og no når eg har ete litt tablettar for å døyve smerter så forsvinn det litt der også...
Freistar bruke litt energi på å vere klar for at strålebahndlinga går greitt.
Det har gått 2 veker sidan operasjonen, det byrjar å nærme seg tida for at stripsa byrjar å ramle av og sårflatene er så absolutt såre - jaja det er ein overgang med dette også.
Eg sparar framleis på gode augneblikk og kjensle av sommar!
Det bles friske vindar i Lærdal - artikkel i Dagbladet og Sogn avis og Nrk og naturlegvis, Porten!

tirsdag 10. mai 2011
Pyntebehov!
Ein ny runde der blogginnlegg har nye bilete frå det meir oppdaterte Kuregisteret!
På tide å vise fram kyrasmykket som Gyda, syskjenbarn i Østfold har laga -
treng litt pynt slike dagar!
Jenter frå Ås treng ikkje å gå på landbrukshøgskulen eller UMB veit korleis vakre kyr skal sjå ut!
På dette biletet var eg mest oppteken av å få hovudet fram, eg ser eg bør ta eit nytt bilete der perlene kjem betre fram!
No fortel ein brukthandlar i Øyragata at han har redda ei kyr frå misjonens hender i Sogndalsfjøra - her i heimen gler vi oss over gjenbruk!
Raudestova eller Badne-Mariastova før restaureringa starta her med eit bilete frå august 2008 eller litt avkledd i blogginnlegg "på rehab" i august 2010 og eit blogginnlegg då Raudestova sveva frå slutten av august. Eg må også lenkje til biletet frå 17.mai 2008, - før alle tre og gras på taket vart fjerna.
Raudestova har hatt ei vinterpause i restaureringsprosessen. No gror graset igjen på taket, spilegjerdet og porten er ferdig - litt måling og arbeid innomhus manglar. Dei to siste bileta er det tette nabolaget på hi sida av gata.
På tide å vise fram kyrasmykket som Gyda, syskjenbarn i Østfold har laga -
treng litt pynt slike dagar!
Jenter frå Ås treng ikkje å gå på landbrukshøgskulen eller UMB veit korleis vakre kyr skal sjå ut!
På dette biletet var eg mest oppteken av å få hovudet fram, eg ser eg bør ta eit nytt bilete der perlene kjem betre fram!
No fortel ein brukthandlar i Øyragata at han har redda ei kyr frå misjonens hender i Sogndalsfjøra - her i heimen gler vi oss over gjenbruk!
Raudestova eller Badne-Mariastova før restaureringa starta her med eit bilete frå august 2008 eller litt avkledd i blogginnlegg "på rehab" i august 2010 og eit blogginnlegg då Raudestova sveva frå slutten av august. Eg må også lenkje til biletet frå 17.mai 2008, - før alle tre og gras på taket vart fjerna.
søndag 8. mai 2011
Opphengt i kyr!
Har fleire kuknaggar, - berre ein er førebels fotografert.
Eg har ei formeining om at denne frå Bengt & Lotta er handla i bui hjå Bente i Storgata 7 på Stranda, sjølv om den gjerne kunne vore handla på Ting i Førde/Bergen eller Husfliden eller tilsvarande i by'n!
(ooops - sjekk side 15 av 23
på Tingbutikken si brosjyre på verdsveven. Den kua skal få bu med meg på Haukeland Hotel frå siste veka i mai og heile juni!)
Sola skin litt gjennom eit tynt skylag i dag - det er rikeleg med bjørkepollen i bygda - men rette belet å sitje ute på gatetrappa med eit kaffiglas.

lørdag 7. mai 2011
Kukule - kyrakule!
Relativt mange har strikka julekuler etter oppskrifta frå boka til Arne og Carlos, som før jul vart
breitt beskrive i dei fleste handarbeidsliknade media, men også i Dagbladet og Nrk - i den siste lenkja er oppskrifta inkludert.
Denne heilårs kukula, - synest ordet var vakrare enn kyrakula - er strikka av Odny, Mor til han hin, - og den vakre kyradesignen er arbeidd fram med hjelp av Toril Anita, systra til han hin!
Eg fekk den til jul - og i motsetnad til dei hine kulene er denne heilårs og held til i kjøkkenglaset.
Det er lenge sidan eg har teke bilete til Kuregisteret mitt - i dag var det ein god dag for å ta igjen litt av det forsømte!
Det er eit år sidan kjøkkenglaset vart fotografert, - eg får tørke litt støv i dag og ta nytt bilete!

tirsdag 3. mai 2011
Grønnkål - ny næring
Synest minimalisme som innreiingsfilosofi bør få større utbreiing!
Eg slit hardt for å få meir minimalisme inn i heimen som diverre har eit visst maksimalistisk snev...
Denne grønnkålskåla handla eg førre laurdag.
Medan den ventar på å få ein meir verdig plassering, er den testa som knappenålboksskjular - og det funkar!
Var på eit møte om næringsutvikling på rådhuset i går. Det skal arbeidast fram ein definisjon på kva omstillingsgrad som høver for kommunen. Konsulentfirmaet som sikkert er godt betalt for det dei gjer, fortalde at dei kommunane som lukkast best med slikt, er dei som baserer seg på det næringslivet dei har og er best i frå før og utviklar det vidare.
Lærdal er gode på tidlegproduksjon av grønsaker og bær, - nest tørraste kommune i landet og dei flate fine bøane ved fjellfoten langs elvi, kan vatnast kunstig...
3 av bedriftene i Verneområdet i Øyragata som vert drivne i tillegg til anna arbeid er Lite nytt, Ellen Antikk og Brukthandelen, der grønnkålskåla er kjøpt. Som ein del av entreprenørskap i skulen driv 10.klassingane brukthandel i eit butikklokale på Øyraplassen
Lærdal har vore eit samferdsleknutepunkt lenge før Lærdalstunnelen og E16; og før kongeveg og postveg og landets første telegraflinje mellom Oslo og Bergen har mangt nyhende gått gjennom dalen. Laksefisket i elvi har lokka turistar lenge før dei byrja å kome i store mengder i buss.
Grønnkålskåla har altså mykje god næringsutvikling i seg - landbruk, gjenbruk, entreprenørskap, samferdsle, ikt og turisme.

søndag 1. mai 2011
Tillukke med dagen godtfolk!
No er sola komen der også, så eg er klar for å drikke kaffi på benken på gatetrappa.
Vi tek del i feiringa.
I går var det Vårfest på Øyri med gratis frukost utanfor COOP og KIWI, vising av klede frå E-bo, TittenTei og Sportsbui. Det var rebusløp og gode tilbod i buene i Øyragata. Eg kjøpte den nydelege stygge kålskåla på Brukthandelen som eg har hatt ynskje om å gje ein god heim! - og litt stoff i frå Sy- og Strikkebui i Eldhuset, der det var strikkekafé. Det var smått med raude blomar som også toler litt kaldare netter på Blomsterbui, så det fekk halde med kvite margeritter og blå fiolar. Kafebord og stolar er sett ut i gågata - med duk og blomsterkrukker! Peonane, liljene og rosene er på veg til å ynskje sommaren velkomen, men ikkje klare endå! .Biletet er frå 1.mai 2008 og henta frå Flickr-bileta til Gamle Lærdalsøyri Grendalag, -
medan bileta under er teke i dag!
Norsk Folkehjelp sin 1.mai-aksjon går i år til palestinske flytningar.

Abonner på:
Innlegg (Atom)