Relativt mange har strikka julekuler etter oppskrifta frå boka til Arne og Carlos, som før jul vart
breitt beskrive i dei fleste handarbeidsliknade media, men også i Dagbladet og Nrk - i den siste lenkja er oppskrifta inkludert.
Denne heilårs kukula, - synest ordet var vakrare enn kyrakula - er strikka av Odny, Mor til han hin, - og den vakre kyradesignen er arbeidd fram med hjelp av Toril Anita, systra til han hin!
Eg fekk den til jul - og i motsetnad til dei hine kulene er denne heilårs og held til i kjøkkenglaset.
Det er lenge sidan eg har teke bilete til Kuregisteret mitt - i dag var det ein god dag for å ta igjen litt av det forsømte!
Det er eit år sidan kjøkkenglaset vart fotografert, - eg får tørke litt støv i dag og ta nytt bilete!
Herleg!
SvarSlettHer seier vi forresten ei kyr!
Heisann! Stilig kukule! Passer godt sammen med kuene forøvrig :o)
SvarSlettTakk for hyggelig kommentar! Blått og hvitt går det i på begge våre blogger ser det ut til - er halvveis med lukkekanten, håper å få sydd ned en meter eller to til i løpet av kvelden :o)
Brenneslesuppe er absolutt å anbefale - smaker godt og i tillegg får man tilfedsstillelsen av at man har skaffet til veie hovedingrediensen ved egne hender samtidig som man har renset hagen for ugress ;o)