På bloggen Lises myke pakker fann eg for lenge sidan ei veske - testmodellen vart ny veske til Trønderinna.
Den matchar naturlegvis teppet og spelebrettet ho fekk i januar - det vert gjerne litt resteblokker etter slike litt større prosjekt!Dei rosa stripesetta i UFOlageret vart valgt fordi dei 8 blokkene eg no har igjen, likevel vart for lite!
Den andre sida av veska har ei innfelt glidelåslomme, men har derimot foto av eine innsida!
Vi hadde vårt tradisjonelle Grammpri-evenement i går.
Vi har hatt størst skjerm/lerret og gjort det til årsak for ei årleg samling i god tid i førekant for eit lengre tacomåltid!
Berre ein er ihuga GPentusiast, nokre er alminneleg interessert og ein del av oss har ikkje høyrt/sett nokon av semifinalane - men det gjer absolutt ingenting! Eg kvilte på senga i naborommet med open dør inn til Salen dei seks siste melodiane og innrømmer det gjerne - dei høyrdest heilt like ut! Til kaffien etterpå hadde vi ei nydeleg medbragt kake - bør nok spørje fint om oppskrifta til den glutenfrie kaka!
I tankane mine i dag, er palestinske vener som markerer Nakba - det er 63 år sidan dei vart drivne frå heimane og eigedomane sine.
Av dei mange bloggane eg fyl er fleire av dei som i vår har vore deltakarar i Kirkenes Verdensråd sitt ledsagarprogram i Palestina og Israel - dette er Live Håberg sine tankar om Israel sin uavhengigheitsdag som i år vart feira 10.mai - i høve til at det som for palestinarar er al nakba - som markerer at 600 - 800 000 palestinarar vart sendt på flukt.
Biletet er eit bilete eg har lånt frå Adressa - menn frå Hebron - vart nytta som illustrasjon på 60års markeringa for al nakba.
Biletet er eit bilete eg har lånt frå Adressa - menn frå Hebron - vart nytta som illustrasjon på 60års markeringa for al nakba.
Lyklane er det handfaste dei har igjen av husa dei vart fordrivne frå.
Så flott vesken er! Jeg er veldig svak for dongeri, og innsiden er den flotteste jeg har sett!
SvarSlettTakk for det! Oppskrifta var fin også!
SvarSlettFleire vesker er nesten klar eller underarbeid på syrommet!