Viser innlegg med etiketten mosaikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mosaikk. Vis alle innlegg

mandag 26. oktober 2009

Åttebladroser og stjerner osv...berre nokre eksempel frå forrige veke...

 
På spisestoveveggen hjå Suad

















På golvet i lobbyen på Intercontinental Jericho




På golvet i lobbyen i Kids Club









Frå utstillinga på Hishams Palass
På stoveveggen hjå mamma og pappa Erikat -


I Abu Jihad fengselet - eksempel på fangearbeid

I taket på i kyrkja på St. Gerasimusklosteret - Deir Hijla
På golvet i andre høgda på St.Gerasimusklosteret
Arbeid på mosaikkverkstaden

fredag 23. oktober 2009

-siste dag i Jeriko -

det tettpakka programmet vaart vert stendig meir tettpakka..

Jerusalem og Betlehem i gaar var sterkt paa saa mange vis...

Middagen i gaarkveld med smaaungar i hagen, grashoppene sang og det var behageleg varm temperatur og to bestemoedre som hadde jobba heile dagen med middagen vart den den gode kontrasten...
Troette, mette og salige og i starten paa ei vemodigheit som varer til neste gong...


Eg vel å la desse orda skrivne tidleg morgon siste dag i Jeriko stå igjen før eg skriv om resten og legg inn bilete...


Fredag er heilagdag - og difor var det barn som skulle opptre for oss vi møtte på Kids Club - som er ei blanding mellom SFO og ungdomsklubb, datamaskiner, musikkopplæring og krativt arbeid er nokre av tilboda her...

Denne vesle jenta spelte Ode til glede - frå  Beethovens 9.symfoni for oss...
ein gut spelte også fløyte og ein gut spelte kanon for oss- om forløperen til oud'en heiter det..
Dei var flinke, og fotografane sto tett...




Her er eit av prosjekta med å bruke avispapir til noko dekorativt, ordføraren fekk ei korg med hank som var eit av produkta dei hadde laga - elles trur eg det var smørkrukker i plast som var nytta til blomar.









og naturlegvis var det kyr på Kids Club også...










Her testar Abu M. og Jostein ut facilitetane - Jostein vart svært skuffa då kveldsarrangementet vart flytta til Biblioteket slik at han ikkje kunne nytte dette klaveret i musikksalen på Kids Club.










Gode bilete av Wiam, det må eg få låne av dei andre....

Wiam er ei nydeleg jente som leiar PR-avdelinga i Jeriko kommune,
då ordføraren ikkje kunne kome på møtet fredagsmorgonen var det ho som leia møtet der tankar vidare vart delte...

Ho har nok hatt det travelt før vi kom også, - ikkje mykje kvile medan vi var der - og om ei drøy veke tek ho turen til Stavanger for å representere Jeriko i vennskapssamarbeidet Jeriko - Lærdal.




og her har Jostein ein liten studie i arabisk i gangen i tredje høgda på rådhuset, medan han ventar på at møtet skal ta til...!







Etter møtet for vi til Dair Hajah, og møtte Father Christo og medarbeidarane hans på St.Gerasimus klosteret.
Det er eit gresk-ortodoks kloster frå det 5 århundre, det er ikkje alltid dei israelske myndigheitene gjer klosteret tilgjengeleg - men i det siste har klosteret utvida arealet sitt og har gjort klar for ein utstillingsplass for ein unik kopi av mosaikkgolvkartet frå Madaba i Jordan.

Vi åt saman med Father Christo, ordføraren og andre kommunale representantar...





Etterpå var det Daudehavet, nokre bada, andre bada føtene og fekk gjørmeinnpakning -
Jomaa inviterte oss til restauranten der eine dotra arbeidde - vi drakk vin frå Dair Hajah og åt sitrusfrukter frå hagen til Jomaa...

Derifrå direkte attende til Biblioteket der avslutningsarrangementet skulle vere,
vi skulle lage eplekake og vafler, men der var det ikkje steikeomn på kjøkkenet så det vart berre vafler igjen med god praktisk hjelp frå Jomaa..

Jerikanarane hadde sørga for varm mat i bitar... pizza er det einaste eg kan namnet på, dei hine skal eg nok finne namna på etterkvart - den eine var iallefall dekka med zataar...
Det var kvelden for "takk for no" talar og "vi møtest igjen" talar - og solidariske talar...

Jostein snakka vakkert og spela på ein synth - joda vi veit det store flygelet hadde fått fram storleiken i musikaren, men talen kring synth'en fekk fram hjarta i oss alle... tårekanalane treng også utskylling...

vemodig kveld -, kjem igjen om ikkje så lenge, - er det ein held fast ved...

og dette er det eg skreiv eg attende på hotellet:

ein uendeleg lang dag...
vi skal vere her paa hotellet eit par tre timar foer vi fer til flyplassen via Wien som sist - men denne gongen med berre ein kort mellomstogg...

troytte og slitne - verre vert det vel etter vi naermar oss Laerdal...

Paa Gardermoen staar maxitaxi og ventar oss i eitt tida i morgon - saa vi er vel heime til Dagsrevyen...

mandag 19. oktober 2009

Ein dag i Jeriko

I dag startar vi paa ein jenteskule - og har fullt program - ein ny solrik dag ventar...

mellomrapport:
Naela er laerar paa jenteskulen - Mohamad er leiar i skuleadministrasjonen - begge to har proevd snoescooter paa Filefjell - saa dagen starta med minna fraa 2002...

vel 500 jenter 4-7 klasse

Paa biblioteket etterpaa fekk fleire sterke opplevingar to korte filmar og den floeytespelande beduinen... saa programmet er endra vi skal paa vitjing til han onsdagskvelden - skulle forresten helse heim!
Suleimann kom no til lunsj - og mellom slaga i kveld skal vi vitje Fadeia - den eldste kvinna som var med i 2004 - foer vi fer til gazi for aa ete middag i kveld!

Elles var eg paa ein mosaikkverkstad - fantastisk spanande -

skriv meir seinare...


har funne den eine filmen vi såg Make a wish av Cherien Dabis.

søndag 18. oktober 2009

Frukost i Jeriko!


Ingen arabisk frukostkaffi på Intercontinental - men maten var relativt arabisk... med sterke islett av internasjonal frukost...

Men først gårsdagen, altså 17.oktober:
Vakna klokka 5 - og pakka om for siste gong.
Solheim Taxi venta klokka 7. Thomas kopierte pass, medan eg tok startbileta av maxitaxien med Jan Geir som sjåfør. Vi forlet rådhuset noko forseinka.
Jan Geir plukka opp Berit og Rein-Arne, Iren og Arne, Aud og Lasse og Marianne opp etter dalen, medan Anna og Jostein kom til Gardermoen frå Oslo og Mari kom med fly frå Bergen. Vi hadde frukostpause på Flå. På Gardermoen gjekk innsjekkinga av baggasjen veldig raskt og flyet var i rute.

Vi landa i Wien i firetida og hadde 4 timar i transitt, ikkje verste plassen å vente. Ein halvbrun kafe med god suppe og salat vart nytta som base, det sat alltids einkvan der som kunne passe det meste av handbaggasjen.
- og det var røykedusj der... kun for konsumerandes gjester...

Eg hadde merka meg ein ku-kjøleskapsmagnet som eg skulle handle, - og var nett innom i butikken for å handle den,- då ei veske bad så pent om merksemd!

Flyet til Tel Aviv var større, - allereie no var det varmt nok til å verte irritert over at det tok lang tid å vente på noko å drikke - slik vert det når ein ikkje får ha med drikkeflasker ombord.

Vi landa i rute på Ben Gurion flyplassen i Tel Aviv - i den første bloggen for denne dagen skreiv eg "litt ekstra oppmerksomheit for ei saa stor gruppe til Jeriko..." - var ikkje sikker på om eg skulle fortelje korleis eg opplevde det...
Dei fleste vil nok beskrive kjensla av uvennleg mottaking som sterk, - det har noko med den særs bitchy måten dei oppfører seg der dei sit inne i bura sine, hovedsakleg kvinner, og er i utgangspunktet særs mistenksome og lite imøtekomande...

Maxitaxien venta, den var stor nok til 12 passasjerar, men hadde lite plass til baggasje,- iallefall så mykje baggasje som vi hadde. Sidan sjåføren ikkje hadde trong om ekstraordinære oppbremsingar, så gjekk alt vel!

Passerte Jerusalem som ligg på eit høgdedrag  frå 650- 840 meter o.h. og køyrde austover i nedoverbakkane  til Jeriko som ligg 258 m under havoverflata.


Intercontinental Jericho har ein litt høgare standard enn det vi er van med til kvardags...
- men det juiceglaset vi fekk ved ankomst var vel så deilig som ei enkteltseng på 2x2 meter...

I seng nærare halv fire - vaken som eit lys klokka 7 - stor frukost i restauranten i 9. etasje - og fekk ein noko mjukare start på dagen, skulle møte ordføraren og fleire poltikarar på rådhuset klokka 11.

- og kommentare eg skriv nett før vi reiste i møtet var " D e heitt - fole heitt..."


- og det vart berre heitare...
Likevel fekk vi sett Hishams palass og dei arkeologiske utgravingane der - som viste at vassvegar og oppvarma badevatn har jerikanarane hatt lenge...( skal skrive meir om dette seinare)

Grunnlaget for at beduinane slo seg til her for 10.000 år sidan var naturlegvis vatnet  - oasen - og den varme fine vinteren...
Frå bibelsoga kjenner vi namnet på kjelda Elisjas kjelde, - den er i ferd med å verte bygd inn - og beskytta for forureining... Vi vart også orientert om dei stendig aukande vassproblema ( dette er også eit stort tema som vert skrive om seinare)


I dette området er det fantastiske mosaikk. I området ligg ein skule som vart starta med hjelp frå Italia, då prosjektet var over og all mosaikken var kartlagd hadde fleire jerikanarar lært seg teknikken med naturfarga marmor/sandstein frå området.

I Jeriko er det mange ulike kyrkjesamfunn som lever fredeleg side om side med moskeane og andre heilage bygningar. Heilage kristne stadar er det også mange av i Jeriko. Der Jesus vart døypt er på okkupert område av Vestbreidda, klosteret som etter tradisjonen er bygd over hola der Maria og Josef kvilte på veg til Egypt er midtveges mellom Jeriko og Dødehavet. Og fjellet Jesus var på og fasta i 40 døgn - er der kabelbana tek ein opp til nettopp Mount of Temptation - og ein kan berre tenkje seg til at  Temptation Tourist Center er det einaste logiske namnet på turistbutikken - eller det lokale "Flåm" som eg syntest det var naturleg å kalle det...
Fortauet der morbærtreet som Sakkeus klatra opp i for å sjå Jesus, er ein del av ein russisk eigendom...


Denne første kvelden var vi på vitjing i 3 ulike heimar, fire av oss vitja Marwan, den kommunale tolken og den nydelege kona Fufu - dei var nygifte, hadde vore gift i berre 9 dagar, hadde fått huset som høyrde til faren sin eigendom...