Viser innlegg med etiketten kugalskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kugalskap. Vis alle innlegg

fredag 6. november 2009

Sola skin på åsen - det er snart helg - og eg trur eg snart er frisk...

I går kom ei ku frå Roma med Anne Kari... - eg skjønar det er på tide å få teke bilete av alle kyrne eg har - det renn inn med nye - men ho var no søt då....






lørdag 31. oktober 2009

- det er siste laurdag i oktober...

- det er ein sånn laurdag ein har for få av, -
når ein arbeider minst tredje kvar laurdag heile året igjennom - stiller ein allereie med litt i minus...

- denne laurdagen er det hjortefest på Fimland, skulle gjerne ha vore der også  - ete god og kortreist hjortegryte - truffe slekt og naboar av slekta... -

- denne helga er det nynorske litteraturdagar - skulle gjerne vore der også  - høyrt på Linda Eide - men "nynorske" har tvitra at det arrangementet er utseld... - jaja, i år tok vi oss ikkje tid til å tinge billettar på førehand - men det er greitt likevel - tek ein tur med bystudentane som kom heim igårkveld... - programmet til nynorske litteraturdagar -
                                                      
- fekk nye kyr i går, - frå Samlaget - desse kyrne er laga for Kuvenninnene...
meir om boka av Annlaug Auestad utgjeven av Samlaget.
Eg har ikkje halde boka og sett i den endå... - kanskje nokon andre frå Samlaget har teke den med til Aurland i helga - elles kan boka alltids vere ein av grunnane til å vitje ein velutstyrt bokhandel....
Målgruppa for boka er visst 3-6 år... men det sto ingenting om målgruppa til buttons - reknar med at det er oss kjøpesterke halvvaksne,  med sans for dei rare tinga i livet...



- det måtte bli ein tur innom Aurland i dag - var på teikneserieverkstad med Øystein Runde, eigentleg storytellerverkstad og lite teikning - og lyrikkmøte med Hilde Myklebust - Bergen mandolinorkester og Gaute Sortland...

Bloggen til Hilde Myklebust
Forfattaren av Johan, - Gaute Sortland les på YouTube










fredag 23. oktober 2009

-siste dag i Jeriko -

det tettpakka programmet vaart vert stendig meir tettpakka..

Jerusalem og Betlehem i gaar var sterkt paa saa mange vis...

Middagen i gaarkveld med smaaungar i hagen, grashoppene sang og det var behageleg varm temperatur og to bestemoedre som hadde jobba heile dagen med middagen vart den den gode kontrasten...
Troette, mette og salige og i starten paa ei vemodigheit som varer til neste gong...


Eg vel å la desse orda skrivne tidleg morgon siste dag i Jeriko stå igjen før eg skriv om resten og legg inn bilete...


Fredag er heilagdag - og difor var det barn som skulle opptre for oss vi møtte på Kids Club - som er ei blanding mellom SFO og ungdomsklubb, datamaskiner, musikkopplæring og krativt arbeid er nokre av tilboda her...

Denne vesle jenta spelte Ode til glede - frå  Beethovens 9.symfoni for oss...
ein gut spelte også fløyte og ein gut spelte kanon for oss- om forløperen til oud'en heiter det..
Dei var flinke, og fotografane sto tett...




Her er eit av prosjekta med å bruke avispapir til noko dekorativt, ordføraren fekk ei korg med hank som var eit av produkta dei hadde laga - elles trur eg det var smørkrukker i plast som var nytta til blomar.









og naturlegvis var det kyr på Kids Club også...










Her testar Abu M. og Jostein ut facilitetane - Jostein vart svært skuffa då kveldsarrangementet vart flytta til Biblioteket slik at han ikkje kunne nytte dette klaveret i musikksalen på Kids Club.










Gode bilete av Wiam, det må eg få låne av dei andre....

Wiam er ei nydeleg jente som leiar PR-avdelinga i Jeriko kommune,
då ordføraren ikkje kunne kome på møtet fredagsmorgonen var det ho som leia møtet der tankar vidare vart delte...

Ho har nok hatt det travelt før vi kom også, - ikkje mykje kvile medan vi var der - og om ei drøy veke tek ho turen til Stavanger for å representere Jeriko i vennskapssamarbeidet Jeriko - Lærdal.




og her har Jostein ein liten studie i arabisk i gangen i tredje høgda på rådhuset, medan han ventar på at møtet skal ta til...!







Etter møtet for vi til Dair Hajah, og møtte Father Christo og medarbeidarane hans på St.Gerasimus klosteret.
Det er eit gresk-ortodoks kloster frå det 5 århundre, det er ikkje alltid dei israelske myndigheitene gjer klosteret tilgjengeleg - men i det siste har klosteret utvida arealet sitt og har gjort klar for ein utstillingsplass for ein unik kopi av mosaikkgolvkartet frå Madaba i Jordan.

Vi åt saman med Father Christo, ordføraren og andre kommunale representantar...





Etterpå var det Daudehavet, nokre bada, andre bada føtene og fekk gjørmeinnpakning -
Jomaa inviterte oss til restauranten der eine dotra arbeidde - vi drakk vin frå Dair Hajah og åt sitrusfrukter frå hagen til Jomaa...

Derifrå direkte attende til Biblioteket der avslutningsarrangementet skulle vere,
vi skulle lage eplekake og vafler, men der var det ikkje steikeomn på kjøkkenet så det vart berre vafler igjen med god praktisk hjelp frå Jomaa..

Jerikanarane hadde sørga for varm mat i bitar... pizza er det einaste eg kan namnet på, dei hine skal eg nok finne namna på etterkvart - den eine var iallefall dekka med zataar...
Det var kvelden for "takk for no" talar og "vi møtest igjen" talar - og solidariske talar...

Jostein snakka vakkert og spela på ein synth - joda vi veit det store flygelet hadde fått fram storleiken i musikaren, men talen kring synth'en fekk fram hjarta i oss alle... tårekanalane treng også utskylling...

vemodig kveld -, kjem igjen om ikkje så lenge, - er det ein held fast ved...

og dette er det eg skreiv eg attende på hotellet:

ein uendeleg lang dag...
vi skal vere her paa hotellet eit par tre timar foer vi fer til flyplassen via Wien som sist - men denne gongen med berre ein kort mellomstogg...

troytte og slitne - verre vert det vel etter vi naermar oss Laerdal...

Paa Gardermoen staar maxitaxi og ventar oss i eitt tida i morgon - saa vi er vel heime til Dagsrevyen...

torsdag 22. oktober 2009

- ein dag for visjonar - saag Amman og Doedehavet fraa frukostrommet i dag..

Starten på denne dagen var fantastisk, disen var vekke....

Frå frukostsalen i 9.etasje såg eg Dødehavet  - berre få kilometer unna i søraustleg retning.
I nordaustleg retning om enn betydleg fjernare, viste siluettane av skyskraparane i Amman i synsranda mellom fjell og himmel...
Austbreidda av Jordanelva og Dødehavet er Jordan, Vestbreidda kan vere så mangt - men Vestbreidda av Dødehavet ved Jeriko er ikkje under palestinsk område. I periodar har ikkje palestinarar tilgang til Dødehavet på Vestbreidda, nett no kan dei vitje turistanlegg som det vi vitja seinare i veka, men ikkje alle dagar i veka, og då kun mot betaling... Elles er det ikkje tilgjengeleg område... Biletet er teke ut av vindauga i 4.etasje...


Jeriko er det lavast bebudde punktet på kloden - 258 meter under havoverflata, sett i eit slikt perspektiv er det ikkje så ulogisk at fjella rundt byen er bebygd, også her er det israelske settlements inne på palestinsk område. Dei borar djupt etter vatn - og øydelegg dei naturlege vassvegane slik at det fører til vassmangel.
Under opphaldet vårt såg vi også at kunstige vatningsvegane som har vore i bruk nokre hundre eller tusen år, er øydelagde eller blokkerte. Mengda av vatn på kibbutzane og plantasjane og oppbygginga av nye settlements øydelegg også vassvegane.

les kva Dagbladet skriv om dette.

eller sjå kva Palestinemonitororganisation.org sitt kart frå 2007 viser


Dette var altså dagen for å fare opp i høgda - når Jerusalem ligg på 600- 840 meter over havet, betyr det 1000 meter oppover...
Vi håpa på at det skulle vere litt lavare temperatur - det var det vel eigentleg ikkje denne gongen...

Bussen forlet hotellet klokka 8 om morgonen - vi var vekke i eit halvt døgn... Jerusalem er i luftlinje ikkje så veldig langt unna, men i reisetid vert det lett ein god del ekstra...


- dette er muren - sett opp der vegen frå Jeriko gjekk inn til Aust-Jerusalem.


Vi hadde også høve til å vitje AlQuds universitetet og
Abu Jihad Museüm for th Prisoners Movement Affairs

Vi sto lenge på sjekkpunktet og berre venta, - ein times tid  - men berre ein av oss hadde ein reell årsak til problema med å passere;-  det mangla eit stempel i passet frå flyplassen.
Saman med oss sto småungar med ryggsekk på ryggen på veg heim frå skulen... - tenkje seg til kvar dag... på veg til skule, universitet, arbeid, sjukehus, besøk...
Nokre sjekkpunkt er faste - andre kjem opp på kort varsel.
Vert ein nekta tilgjenge skal ein ikkje be om grunngjeving.
MUREN den er ikkje på israelsk område...



Vi såg også hotellet eigd av Signe Marie Breivik på det norske representasjonskontoret og mannen hennar som er omgjeven av muren og ikkje lenger tilgjengeleg for eigarane.

Sjå Odyseen om Cliff Hotel i Abu Dis ein forstad til Jerusalem      og slik skreiv Dagbladet om det




Vi vitja Gravkyrkja - men vart nekta tilgjenge til dei muslimske heilagdomane på Tempelhøgda - så det får vere til neste gong. Fødselskyrkja i Betlehem vert også utsett til neste gong,- eg rakk den ikkje før stengetid, men prioriterte å handle julekrybbene - hadde eg hatt meir dollar eller shekel hadde det vorte fleire...


- men ei litt større olivenku vart det råd til - og i ein butikk fann eg denne disken...

















Vi køyrde rundt og attende til Jeriko...




Om kvelden var vi alle invitert på middag til Issa og kona hans,-
ikkje visste ho at han var med oss til Jerusalem og ikkje viste ho at mor hennar og svigermor hennar hadde laga mat heile dagen fordi dei visste at vi skulle kome på middag om kvelden...
Eg håpar for deira del at dei ein vakker dag har eit felles liv...

Ein nydeleg kveld i ein ressursrik heim  - småungar leika i hagen... og ei svigerinne såg at Jostein var den rette for eit lynkurs i arabisk...- og kanskje for å understreke at han hadde skills på endå fleire plan, laga Issa kake til dessert på direkten - og det var ikkje fordi det mangla dessertkaker...

absolutt ein dag for visjonar...

tirsdag 20. oktober 2009

Dette er dagen for fristelsens fjell - i motsetning til Jesus nyttar vi cablecar!

I gaar avslutta vi dagen med eit teglas hjaa Fedeia, ein spasertur i byen og saa middag hjaa Gazi -

Resten maa forteljast seinare...

I dag startar vi med aa vitje ein guteskule...

og bileta maa kome naar eg kjem heim - eg nyttar ei disponibel maskin i the business center -

- dette er Marianne som viser bilete 1.-4.klasse på Borgund - der sonen
er den eine i 3. og ingen i 4...
- det er eksotisk for ei 3.klasse på ein guteskule... og lærarane deira...



No sit eg på Mari sitt rom med ein Mac og skriv....
det er snart midnatt

stikkord for dagen

Guteskule 10-11åringar ny moderne skule - når 40 smågutar sit tett i eit relativt lite klasserom... i 2 timar i strekk - og her snakkar vi heitt...

bruken av plakatar og symbol...
eg tok ein del video frå skulen - har endå ikkje hatt tid til å gå gjennom det





så var det fristelsens fjell - gondolheis var grei måte å kome seg høgt opp på
drakk vatn på veg opp i klosteret - så eg let meg friste til å verre budd på heten... i motsetning til Jesus som fasta i 40 døgn....

Eg let meg også friste av ein magnumis - ikkje ulik utsjånad med den frå Diplomis... - for dei som har fått med seg åttebladrosetanken - så pruta eg så hardt på ei veske at selgaren ropte etter meg på veg inn i gondolheisa at eg kunne få den for hundre... så det vart ei veske med åttebladrose...

om ettermiddagen vart vi delt opp i grupper, fire av oss møtte vi to kvinnerganisasjonar
Women's Benevolent Association starta i Jeriko i 1963 - og her snakkar vi om kvinner med heilheitstenking...
og KFUK mykje skal forteljast om dei - men her ifrå har eg med appelsinmarmelade, honning og mangt anna

duverda for flinke jenter det finst....

Eg fann kua frå Jeriko, i sjappa til ein palestinsk svenske eller omvendt... ein sølvsmed der jenter frå Lærdal har handla før...
- eg kan ikkje dy meg for å uttrykke bekymring for eigne val... - han har fine smykke også...

dvs det er to figurar ei ku og ei budeie som sit og mjølkar

Etter ein varm hard dag for vi heimom Intercontinental til dagleg skylling og totalt klesskifte før vi var innom ein snarvisitt til Wiam si familie,

"der vi også fekk appelsinar frå hagen og ein stor sitrusfrukt som vi må finne "norsk" namn på..." - skreiv eg same kvelden - og fekk meldinga frå Mari neste morgon så eg slapp finne det norske namnet sjølv...




Det er andre som også har kyr på dei pussigaste plassar, - denne på toalettet til mamma og pappa Erikat...
- kanskje det er naturleg her å innrømme at det er sjeldan eg tek bilete på toalett... -












Etter visitten delte vi oss opp i tre grupper til middagsbesøk, eg var av dei som vitja Suad, som var i Lærdal i 2004, og familien hennar..


Ho serverte fantastisk deilig mat og til dessert ei Nablus-kake... snop...

Suad og eldste dotra broderer, - både tradisjonelt og sånn litt vidare...
Suad sa det slik, ho likte å ha med ein ekstra farge som eigentleg ikkje skulle vere der...
men her tok eg ein god del bilete...

- og grapefrukt frå treet i hagen på veg til bilen med heim til hotellet...

det er eksotisk -----


I morgon beduinleir  - fløytespelaren frå 2004 - Abu Sultan, for dei som huskar han...

Ei ny kort natt..

og som eg har sagt tidlegare verda er full av dyktige tauser:
naturlegvis fann Mari dette paa Wikipedia...
foer eg fekk tenkt meg meir om - pompelmus var det vi aat - eller for aa ha sagt det paa heimemaalet - Citrus grandis - ( godt gjenkjenneleg namn for oss som opprinneleg er fraa staden der Grandis vert produsert...)

"Pompelmus eller pomelo (Citrus maxima, syn. C. grandis) är en stor citrusfrukt med grönt skal och ljusgult fruktkött. Det växer på det upp till 15 meter höga pompelmusträdet, som förekommer naturligt i Sydostasien. Trädet odlas där liksom i tropiska och subtropiska delar av Nord- och Centralamerika. USA är idag största producent av pompelmus-frukter, följt av Kina och Mexiko.

Ordet 'pompelmus' kommer från nederländskans 'pompelmoes', som även gett upphov till fruktens namn på tyska och franska. På engelska kallas frukten 'pomelo', vilket idag även är det vanliga namnet i svenska livsmedelsbutikers fruktdiskar."

Som en korsning mellan pompelmus och apelsin har grapefrukten odlats fram."

søndag 18. oktober 2009

Frukost i Jeriko!


Ingen arabisk frukostkaffi på Intercontinental - men maten var relativt arabisk... med sterke islett av internasjonal frukost...

Men først gårsdagen, altså 17.oktober:
Vakna klokka 5 - og pakka om for siste gong.
Solheim Taxi venta klokka 7. Thomas kopierte pass, medan eg tok startbileta av maxitaxien med Jan Geir som sjåfør. Vi forlet rådhuset noko forseinka.
Jan Geir plukka opp Berit og Rein-Arne, Iren og Arne, Aud og Lasse og Marianne opp etter dalen, medan Anna og Jostein kom til Gardermoen frå Oslo og Mari kom med fly frå Bergen. Vi hadde frukostpause på Flå. På Gardermoen gjekk innsjekkinga av baggasjen veldig raskt og flyet var i rute.

Vi landa i Wien i firetida og hadde 4 timar i transitt, ikkje verste plassen å vente. Ein halvbrun kafe med god suppe og salat vart nytta som base, det sat alltids einkvan der som kunne passe det meste av handbaggasjen.
- og det var røykedusj der... kun for konsumerandes gjester...

Eg hadde merka meg ein ku-kjøleskapsmagnet som eg skulle handle, - og var nett innom i butikken for å handle den,- då ei veske bad så pent om merksemd!

Flyet til Tel Aviv var større, - allereie no var det varmt nok til å verte irritert over at det tok lang tid å vente på noko å drikke - slik vert det når ein ikkje får ha med drikkeflasker ombord.

Vi landa i rute på Ben Gurion flyplassen i Tel Aviv - i den første bloggen for denne dagen skreiv eg "litt ekstra oppmerksomheit for ei saa stor gruppe til Jeriko..." - var ikkje sikker på om eg skulle fortelje korleis eg opplevde det...
Dei fleste vil nok beskrive kjensla av uvennleg mottaking som sterk, - det har noko med den særs bitchy måten dei oppfører seg der dei sit inne i bura sine, hovedsakleg kvinner, og er i utgangspunktet særs mistenksome og lite imøtekomande...

Maxitaxien venta, den var stor nok til 12 passasjerar, men hadde lite plass til baggasje,- iallefall så mykje baggasje som vi hadde. Sidan sjåføren ikkje hadde trong om ekstraordinære oppbremsingar, så gjekk alt vel!

Passerte Jerusalem som ligg på eit høgdedrag  frå 650- 840 meter o.h. og køyrde austover i nedoverbakkane  til Jeriko som ligg 258 m under havoverflata.


Intercontinental Jericho har ein litt høgare standard enn det vi er van med til kvardags...
- men det juiceglaset vi fekk ved ankomst var vel så deilig som ei enkteltseng på 2x2 meter...

I seng nærare halv fire - vaken som eit lys klokka 7 - stor frukost i restauranten i 9. etasje - og fekk ein noko mjukare start på dagen, skulle møte ordføraren og fleire poltikarar på rådhuset klokka 11.

- og kommentare eg skriv nett før vi reiste i møtet var " D e heitt - fole heitt..."


- og det vart berre heitare...
Likevel fekk vi sett Hishams palass og dei arkeologiske utgravingane der - som viste at vassvegar og oppvarma badevatn har jerikanarane hatt lenge...( skal skrive meir om dette seinare)

Grunnlaget for at beduinane slo seg til her for 10.000 år sidan var naturlegvis vatnet  - oasen - og den varme fine vinteren...
Frå bibelsoga kjenner vi namnet på kjelda Elisjas kjelde, - den er i ferd med å verte bygd inn - og beskytta for forureining... Vi vart også orientert om dei stendig aukande vassproblema ( dette er også eit stort tema som vert skrive om seinare)


I dette området er det fantastiske mosaikk. I området ligg ein skule som vart starta med hjelp frå Italia, då prosjektet var over og all mosaikken var kartlagd hadde fleire jerikanarar lært seg teknikken med naturfarga marmor/sandstein frå området.

I Jeriko er det mange ulike kyrkjesamfunn som lever fredeleg side om side med moskeane og andre heilage bygningar. Heilage kristne stadar er det også mange av i Jeriko. Der Jesus vart døypt er på okkupert område av Vestbreidda, klosteret som etter tradisjonen er bygd over hola der Maria og Josef kvilte på veg til Egypt er midtveges mellom Jeriko og Dødehavet. Og fjellet Jesus var på og fasta i 40 døgn - er der kabelbana tek ein opp til nettopp Mount of Temptation - og ein kan berre tenkje seg til at  Temptation Tourist Center er det einaste logiske namnet på turistbutikken - eller det lokale "Flåm" som eg syntest det var naturleg å kalle det...
Fortauet der morbærtreet som Sakkeus klatra opp i for å sjå Jesus, er ein del av ein russisk eigendom...


Denne første kvelden var vi på vitjing i 3 ulike heimar, fire av oss vitja Marwan, den kommunale tolken og den nydelege kona Fufu - dei var nygifte, hadde vore gift i berre 9 dagar, hadde fått huset som høyrde til faren sin eigendom...

torsdag 1. oktober 2009

Kugalskap til kvardagsleg glede

I heimen har omgrepet kugalskap, - med eit relativt trasig omdøme, vorte noko som greiast kan omskrivast til ei samleglede.

Den siste kom igår,- med Anna frå Tsjekkia.
I førre månad kom kyr med Hallvard frå St.Petersburg og med Kari Helene frå Amsterdam.

På skrivebordet har eg ei som held briller, og fleire postkort og bilete av Røroskua.
På kjøkkenbenken står toasteren og kjøkkenrullhaldaren forma som ei ku, - i det eine kjøkkenglaset er det akkurat no litt meir enn eit førtitals kyr...

Tenkte at eit bilete av sist ankomne storfe, var det rette å legge ut først.
Biletet er teke med det nye vesle kameraet mitt som skal vere reisefølge seinare i månaden.
Kameraet kom denne veka, litt vel snautt med tid, - og i gårkveld kom Anna med ny ku, før eg hadde fått lasta ned bileta...

- i løpet av føremiddagen håpar eg at eg også har testa korleis bruke dei nye bileta i bloggen..

etterskrift:
1.- ser at innlegget fekk dato og tidspunkt for start av kladden og ikkje publiseringsaugneblinken...
2.- den russiske kua kan halde fram med å vere tiltenkt dette innlegget....
3.- endeleg er koden knekt - det beste av dei to mindre gode testbileta vert nytta...