fredag 20. januar 2012
Attende på Montebellosenteret
Tilbake på Montebellosenteret i Mesnali -
buss til Lillehammer og taxi hit i ettermiddag.
Kurset startar med middagen -
eg har allereie vore ute på spasertur til sentrum, i.e. Jokerbutikken!
Eg gler meg til ei ny veke!
onsdag 18. januar 2012
Etterkontrollert - det går mot vår og lysare tider!
Eg var hjå mannen med den vakraste stemma i går -
onkologen i Parkbygget på Haukeland.
Det var hyggeleg å vere hjå han i går også
- han gjev meg tryggleik - han gjer meg godt!
og som vanleg helsa han då eg gjekk "ha god helse!"
og som vanleg helsa han då eg gjekk "ha god helse!"
Etterpå var det feiring av 100-årsjubileet for Haukeland - BT har meir historikk i denne artikkelen.
Om morgonen vart det servert 2000 varme kakaokoppar og 8500 ferske muffins
- då var det gjerne litt meir jamn trafikk
Då eg var der og fekk eit marsipankakestykke - var det stinn brakke :-D8!
Det var fleire enn dei som freista å kome gjennom med rullestol som sleit.
25 - "nesten kvadratmeteren" store marsipankaker vert i artikkelen nemnt som nok kake til 2000...
Naturlegvis vart det heile feira med nydelige pannekaker med fyll
saman med Bystudenten, Trønderinna og Vertinna i Vognstølen på Pygmalion.
I allersiste bui eg var innom - Botanica eg egentleg ikkje nok hender -
men eg ville handle orkide til det bursdagsselskapet
eg skulle på etter eg var heimkomen med bussen.
Der var denne vårlege grøne kyra -
og desse to særs nøgde kyrne.
Naturlegvis måtte alle vere med heimatt
- og så lenge han hin kom på busshaldeplassen og kunne hjelpe å bære alle bæreposane -
gjekk det greitt!
lørdag 14. januar 2012
Eplekvilepute
Denne puta er eigentleg eit resultat av Miranne sitt kurs i Eldhuset
ein gong i fjern fortid med
Convergence-teknikken til Ricky Tims.
Planen var at det skulle vere ein veggkvilt.
No var løysinga å lage pute,
med framsidestoff som bakside.
Sidan resten av det grøne stoffet med glidande overgang lyst/mørkt
og eplestoffet manglar i dei ulike variantane av farge&temasorterte stoff -
er nok begge samla i ein eller annan pose eller boks for igangverande prosjekt.
Difor vart det djupraudt linstoff med konvoluttopning på baksida.
Den store puta skal til den store sofasenga på stova i Provincen.
Planen var at det skulle vere ein veggkvilt.
No var løysinga å lage pute,
med framsidestoff som bakside.
Sidan resten av det grøne stoffet med glidande overgang lyst/mørkt
og eplestoffet manglar i dei ulike variantane av farge&temasorterte stoff -
er nok begge samla i ein eller annan pose eller boks for igangverande prosjekt.
Difor vart det djupraudt linstoff med konvoluttopning på baksida.
Den store puta skal til den store sofasenga på stova i Provincen.
Eg flyt framleis på ferdiggjeringsbølga - det er greitt å vere der...
er fullt klar over at eg har tre nesten ferdige store quiltar
men eg satsar på stigande formkurve!
Det vert nok meir korstingsbrodering på Bystudenten sine bunadbukseselar,
eg bør ta ei avgjerdsle kva slags variant av bunadsskjortebroderi
han skal ha - i.e. eg skal sy,
før eg skal innom Husfliden i by'n på tysdag.
Det vert nok meir korstingsbrodering på Bystudenten sine bunadbukseselar,
eg bør ta ei avgjerdsle kva slags variant av bunadsskjortebroderi
han skal ha - i.e. eg skal sy,
før eg skal innom Husfliden i by'n på tysdag.
torsdag 12. januar 2012
Kveldsspaserturveske!
Redesign og gjenbruk og ferdiggjering!
Eg er særs nøgd med å ha gjort "tre ting i eitt"
Eg er særs nøgd med å ha gjort "tre ting i eitt"
lises myke pakker - kallar det for ei nettveske - her er mønstra!
Dongerybuksa er ei som han hin har hatt.
Foret er gardiner eg kjøpte for eit par og tjue år sidan -
Foret er gardiner eg kjøpte for eit par og tjue år sidan -
dei har vore lagra lenge, - svært lenge og eg har meir...
To lommer og nøkkelhankkrok inni og
ei dongerylomme og refleksband på begge utsidene...
Med denne veska treng eg ikkje huske å ha refleks i lomma
om eg skal på eit kveldsmøte eller kveldsbesøk og treng eitkvart å bere i!
Uansett eg reknar det for å vere ei berekraftig veske.
mandag 9. januar 2012
Redesigna dråkungput
Nabojenta Anni på Nordmøre for omtrentleg 20 år sidan, hadde bruk for ei golvpute.
Ei slik stor ei ein ligg på golvet på - bruke som sitjepute...
Eg laga ei pute til henne, det var mor hennar som kalla den for "dråkungput".
(dråkung = jentunge og put' = pute).
Eg laga ei til oss også, - utan at eg gav den nemninga hynkylpertpute
eg har alltid tenkt på vår som dråkungput.
Puta låg på golvet eller i skuvsenga vi nytta når såg på svart/kvitt TV'en vår -
også då syntest eg TV med hovudplass i høve sofaen er ein uting.
Seinare har puta helde til på TVkikeplassar...
Puta av 4x4 blå tømmerkoieblokker vart degradert sist haust,
den var totalt utsliten av vask og bruk...
Men redesignhjartet mitt banka då eg fann ut at
det eigentleg var dei midterste 4 blokkene som var utslitne.
Eg har spretta opp heile puta med kvilting, rammer og konvoluttlukning bak
og laga eit nytt trekk av 3x3 blokker til stolen på biblioteket.
Relativt tett kvilta med blå sterkt tråd gjennom fleire lag -
Blokkene har mista litt fasongen, så perfekt kvilting var ikkje heilt naudsynt.
HÅG-stolen med alle funksjonane i orden
har ei fortid som arbeidsstol på jobb, med manglande hardbrukstoff!
Dei vart utskifta i bolkar grunna slitasjen i framkant,
vi kunne setje oss på ynskjeliste for tildeling av stolar.
Det høver så godt å lage ekte redesigntrekk på gjenbrukstolar!
Litt prektig - naturlegvis også avdi eg er ferdig med prosjektet!
Den andre stolen min har fått trekk som høver på syrommet og den rosa/lilla ryggputa...
Ikkje det at eg ikkje har møbelstoff og andre grove stoff,
resultatet er uansett to ferdigstillte prosjekt!
Stautaste bunadbærar
Fanabunaden til Bystudenten veks fram -
og naturlegvis utfrå min ståstad har eg heilt rett i overskrifta!
17.mai skal den vere ferdig - bukseselane med litt moderleg medverknad,
Gudmor Kari syter for spøtastrømpene
og Anne Kari syter for pedagogisk støtte på skjortesaumbroderinga!
Verda vert alltid litt lettare om ein går til dei meir erfarne for hjelp og råd!
og Anne Kari syter for pedagogisk støtte på skjortesaumbroderinga!
Verda vert alltid litt lettare om ein går til dei meir erfarne for hjelp og råd!
Det allermeste tek Husfliden i by'n seg av -
neste veke er det ny etterkontroll på Haukeland -
då må avgjersla vere teken om kva for ein skjortesaum som skal velgast.
Bunadsgruppa hjå Fana Ungdomslag gav i 2004 ut eit hefte:
"Fanabunaden Tradisjon og variasjon Skjorter til menn nr 1-5. Prydsaum med rettleiing."
Den er for sal hjå Husfliden i by'n, i tillegg til Husfliden sin eigen variant.
"Fanabunaden Tradisjon og variasjon Skjorter til menn nr 1-5. Prydsaum med rettleiing."
Den er for sal hjå Husfliden i by'n, i tillegg til Husfliden sin eigen variant.
I går ettermiddag var eg og han hin på stavgangtur på elvebryggja langs Elvi.
Eg har ikkje heilt førlegheit i skuldra etter operasjonen i april,
stavgangen aktiviserer og varmar opp - lettare å tøyge der det strammar.
I ettermiddagsskumringa tok eg mange bilete
I ettermiddagsskumringa tok eg mange bilete
- her er to av dei!
På Knuts bru med Kunstsenteret for enden av "Vetlaelvi".
Frå Gamle holdeplass nedover nederste del av Øyragata og heile Gamlegata!
tirsdag 3. januar 2012
Minuttene
Minuttene
Vi er minuttene.
Hør som vi går!
Time for time.
År efter år.
Vi går som ebbe
og flo ved din strand,
livsminuttenes
tidevann.
Hva fikk du levd i oss?
Hva fikk du gjort?
Uavbrutt renner vi
bort, bort.
Alltid en bølge som
ruller forbi:
Det som bestandig blir
borte, er vi.
Riker går under,
og sekler tar slutt.
Ett blir tilbake:
et levet minutt.
Det korteste var
hva de færreste rakk.
Tikk! sa ditt pendelur,
Svarte du: takk?
Time for time
år efter år
renner minuttene.
Hør som vi går!
Hør som vi går!
Time for time.
År efter år.
Vi går som ebbe
og flo ved din strand,
livsminuttenes
tidevann.
Hva fikk du levd i oss?
Hva fikk du gjort?
Uavbrutt renner vi
bort, bort.
Alltid en bølge som
ruller forbi:
Det som bestandig blir
borte, er vi.
Riker går under,
og sekler tar slutt.
Ett blir tilbake:
et levet minutt.
Det korteste var
hva de færreste rakk.
Tikk! sa ditt pendelur,
Svarte du: takk?
Time for time
år efter år
renner minuttene.
Hør som vi går!
André Bjerke
Livet er fyllt av minutt - og stundom vert alle planar og tankar vispa saman.
Dette diktet kom på E-diktet i dag.
Eg måtte berre dele det og to kjøkkengjenstandar -.
Den vesle kyrakjøkkenvispen venta i ein pakke frå Heidi på Nordby
då vi kom heim frå nyårsfeiring på dei heimlege strendene på indre Sunnmøre i gårkveld.
Kyrakjøkkentimeren har ligge godt skjult i bilen lenge - men vart gjenfunnen på veg til nyårsfeiringa.
Det har vore eit heftig år på godt og vondt -
eit ansleis år - og som alle andre av dei 50 åra mine - ikkje som det var planlagd!
Med dei varmaste ynskje om gode dagar i 2012!
onsdag 28. desember 2011
Romjulskyr og Dagmarbesøk
På tide med eit blogginnlegg om dei viktige og stabile faktorane i livet, -
no når både Dagmar og skjørtekantane hennar,
(eller nye stormar etter Dagmar!)
- stendig kjem innom på ekstrabesøk.
Den til høgre er heilt ny - tvillingsystra har eg hatt sidan i vår...
Eg hadde tilogmed gløymd den!
Julepresangny er den uansett!
NB! OPPDATERING:
Solveig på Solveig si side har i ein klarsynt kommentar
namngjeve tvillingkyrne:
Dagros og Dagmar!!!
Julepresangny er den uansett!
NB! OPPDATERING:
Solveig på Solveig si side har i ein klarsynt kommentar
namngjeve tvillingkyrne:
Dagros og Dagmar!!!
I 2012 vert det endå ein god grunn til å spare - ei julepakkeny sparekyr!
Skulle det verte ekstra kaldt - er denne julepakkenye varmekyra god å ha i lomma!
Innpakning til papirlommetørkle - kyrastoffet visest best på baksida - julekyrapakke!
Kyragryteunderlag - kjøpt hjå Lærdalsøyri Brukt og Antikk
Denne litt triste kyra er også frå Lærdalsøyri Brukt og Antikk
Berit knekte julegrana på Rådhusplassen
og det gjorde Dagmar naturlegvis også!
Har lånt biletet frå verdsvevsida Porten.
Inntil i går var julegrana ikkje røyst opp igjen - sikkert like greitt!
Det har vore skader av vinden lengre opp i dalen - her på Ljøsne - også eit lånebilete frå Porten
Biletet frå NrkS&fj av raset på Fylkesveg 53 mellom Fodnes og Naddvik.
Vi feira julehelg i Øvre.
Vi hadde høyrt meldinga om Dagmar - det var heilt stille til lang utpå 1.juledag.
Det tok brått til å blåse sterkt medan vi åt sein middag.
Vi ville reise for å sjå om hus og heim -
trass i meldingar om å halde seg i ro.
Eg var redd på turen - det låg mykje stein og tre på vegen langs Årdalsvatnet og Årdalsfjorden.
- denne skreda kom etterpå!
Det gjekk bra - og straumen forsvann rett etter vi var heimkomne
Vi leitte fram batteriradioane,
og sparte litt på laptop'batteri, -høyrde og såg ein del på verdsveven -
men fann ikkje spritapparatet vi har nytta på MC-turane.
Då straumen kom attende neste dag,
sørga vi difor å lade batteri og heile tida ha varmt vatn på den største termosen,
heilt til meldinga kom i går ettermiddag om stabil straum!
Dagmar har skadd og øydelagd mykje på sin veg -
det er mykje skadd infrastruktur som det vil ta tid å få orden på...
- og mangt har kome i andre rekkjefylgjer enn det var tenkt for alle som har vore på reiser.
Mykje mannskap har arbeid hardt og risikofylt for å gjere det betre for oss hine -
som eigentleg kun har bekymra oss over om varmevatnet i termosen er heitt nok...
Hjå naboen har eit av dei store trea i hagen velta, - utan skade på folk eller eigedomen!
Biletet er frå ein sommarsdag for 5 år sidan.
- og i dag kjem det nye meldingar om ny storm på gang - framleis i skjørtekantane til Dagmar...
Stormen er ikkje sterk nok til å få sitt eige namn - vi får vere glad for det!
lørdag 24. desember 2011
Med ynskje om ei fredfull og vakker julehelg!
Julefreden er komen!
Vi tenner våre lykter
Dette er ein av versjonane på Youtube.
Dei yngste klassane på Lærdalsøyri skule opna julefesten
med å kome inn i salen med lyslykter.
Dei første åra var Bystudenten ein av dei.
Eg vart meir enn blank i augene då, -
og det fortsette eg med etter han var for stor til å delta i barnekoret!
Den betydde starten på julehelga -
og er det framleis.
Denne versjonen er med
med Katzenjammer.
Dette er ein av versjonane på Youtube.
Dei yngste klassane på Lærdalsøyri skule opna julefesten
med å kome inn i salen med lyslykter.
Dei første åra var Bystudenten ein av dei.
Eg vart meir enn blank i augene då, -
og det fortsette eg med etter han var for stor til å delta i barnekoret!
Den betydde starten på julehelga -
og er det framleis.
Denne versjonen er med
med Katzenjammer.
onsdag 21. desember 2011
Hjarteleg tilstades!
Har funne fram
juledukar og juleløparar og julekuler og julenissar og julepynt og julelysestakar og
naturlegvis også julekrybba i oliventre eg handla i Betlehem i oktober 2009.
Korstingsbrodering har alltid vore av dei handarbeid som får meg til å tenkje og sortere tankane,
at fingrane mine ikkje likar det - er ei heilt anna sak! :-D8!
at fingrane mine ikkje likar det - er ei heilt anna sak! :-D8!
Eg har starta broderinga av bunadsbukseselar til Bystudenten sin Fanabunad,
har det travelt - Husfliden i By'n kunne levere til 17.mai!
Gudmora i By'n har lova å strikke strømpene - (biletet lånt frå norge123.no) !
og kvitsaumen til skjorta må vere ferdig lenge før den tid.
Eg har ein plan om å starte første veka i januar!
Bunadbukseselane kan gjerast ferdig 16.mai - skjortesaumen må vere ferdig før!
I morgontidleg klokka 5.30 er det vintersolkverv
då snur sola -
det går mot lysare tider,
på alle måtar!
Eg har ein plan om å starte første veka i januar!
Bunadbukseselane kan gjerast ferdig 16.mai - skjortesaumen må vere ferdig før!
I morgontidleg klokka 5.30 er det vintersolkverv
då snur sola -
det går mot lysare tider,
på alle måtar!
Det er mangt som har skjedd siste året, her er innlegget frå sommarsolkverv
- no kan også eg kalle meg ein kreftoverlever!
- no kan også eg kalle meg ein kreftoverlever!
Går og nynnar på melodien til denne teksten av Finn Kalvik
I MELLOM TO EVIGHETER
Har du drømt om det
Å bli en lykkesmed
De fleste av oss har planer
Som vi aldri gjør noe med
En gammel mann sa på tv
Tenk all tida vi kaster bort
De fleste mennesker angrer bare
På ting de aldri fikk gjort
Å bli en lykkesmed
De fleste av oss har planer
Som vi aldri gjør noe med
En gammel mann sa på tv
Tenk all tida vi kaster bort
De fleste mennesker angrer bare
På ting de aldri fikk gjort
Jeg tror på et liv før døden
Jeg lever og lærer og er ingen profet
Jeg tror på et liv før døden
For hvem vil vel leve i all evighet
Jeg lever og lærer og er ingen profet
Jeg tror på et liv før døden
For hvem vil vel leve i all evighet
Bruk tida di nå
Før det er for sent
Vær ydmyk, men ta for deg
Din framgang er fortjent
Sjøl står jeg til rors hele tida
Og har plenty av balast ombord
Men går jeg ned ei stormfull natt
Så står jeg ved hvert eneste ord
Før det er for sent
Vær ydmyk, men ta for deg
Din framgang er fortjent
Sjøl står jeg til rors hele tida
Og har plenty av balast ombord
Men går jeg ned ei stormfull natt
Så står jeg ved hvert eneste ord
Døde legender har evig liv
Ja det tror jeg på
Mytene lever til Dovre faller
Sjøl vil jeg leve mitt liv her og nå
Ja det tror jeg på
Mytene lever til Dovre faller
Sjøl vil jeg leve mitt liv her og nå
onsdag 14. desember 2011
Julekyr - eit innlegg i den omfattande bustadblogginga.
Naturlegvis skulle eg hatt alt på stell, gildt og ferdigpynta!
Funnen her, men ikkje handla,
hjå Patience Brewster Krinkles.
hjå Patience Brewster Krinkles.
Naturlegvis - sidan dette aldri kan verte nokon bustadblogg, -
kan eg melde at verkelegheita i heimen er omtrent slik!:
"Driving home for Christmas" med Chris Rea kan settast på sånn i 17.30 tida på Julaftan,
då har naturlegvis nokon annan gjort jobben ein annan stad.
Men vi har iallefall kjøpt mange julekakesortar på Lærdal husflidslag si julemesse,
og hjå Naustdal dampbakeri,
Dei seier at dei av dei eldste bedriftene i Sunnfjord - gode har dei alltid vore,
med nærare ettertanke
må det vere i meininga at det er av dei som framleis er i gang med same namn.
Dei seier at dei av dei eldste bedriftene i Sunnfjord - gode har dei alltid vore,
med nærare ettertanke
må det vere i meininga at det er av dei som framleis er i gang med same namn.
Vi har plukka alle epla til årets eplejus
av vanleg og raud Aroma og litt Discovery,
ein uvanleg fruktig og søt årgang
- så er eg iallefall godt i gang!
søndag 11. desember 2011
Smørku utan smør og kosmetisk snø
Denne smørkua har venta på meg hjå Lærdalsøyri Brukt og Antikk.
Dei hadde litt søndagsope for meg i dag -
innrømmer gjerne, - det var ikkje einaste kyra som vart med heim.
På den 3. adventsøndagen har vi ei kjensle av at jula kan verte kvit likevel -
sjølv om smørmangelen framleis er stor!
I dag tok eg nye bilete av Vaskar Anna-loftet denne gongen med kosmetisk snø,
eit mjukt tynt snølag gjer underverk for slike litt kaotiske byggeplassar.
(at det ikkje er like greitt for dei som har det som arbeidsplass - vert noko anna!)
Gravemaskina har gjort litt av jobben -
Den grøne presenning som dekkjer utgravingane har fått eit kledeleg snølag
Det er rimeleg tomt bak hovedtrappa inn til Sanden pensjonat!
Måtte berre låne eit bilete frå verdsvevsida til pensjonatet!
onsdag 7. desember 2011
Huldra på Lunden og Vaskar Anna på Øyri
Hjarte og stjerne vart med heimatt i gårkveld.
I går hengde eg frå meg jakka i ein snekkerverkstad - eg var på Aurland husflidslag sin strikkekafe hjå Huldra i Flåm.
Her er Fjesboksida til Huldra Husflid og Kunsthandverk.
Her er Fjesboksida til Huldra Husflid og Kunsthandverk.
Huldra Husflid og Kunsthandverk og snekkarverkstaden held til i Gamle samvirkelaget i Flåm.
Torill og Wenke driv Huldra -
og snekkaren er mannen til Torill, men også
snekkaren/tømraren eg har skrive om i høve rivinga av Vaskar Anna-loftet.
Jorun Barane frå jord- og hagebruksskulen fortalde historia om Storyteller Sue Reed
og Storyteller-kjolen hennar.
Kjolen vart til medan Sue Reed gjekk/reiste i fleire land,
- dei ulike mønsterrapportane kom til etterkvart, - inspirert av der ho var.
Storytellerkjolen er utstilt hjå Huldra - og boka som dokumenterer prosjektet fyl med -
i boka kan dei som vitjar utstillinga skrive eller teikne.
Eg har fleire nyare bilete av Vaskar Anna-loftet, sidan eg var på Gamle samvirkelaget i Flåm i går, vart det naturleg å legge ut nokre av dei!
Vaskar Anna-loftet er vekke.
Vaskar Anna-loftet er mellombels lagra til neste år!
Når ny kjellar er ferdig, - kan Vaskar Anna-loftet byggast oppatt!
mandag 28. november 2011
Vaskar Anna-loftet, vermerkje og vakkert!
Bilete frå førre veke - Berit har vore innom og regnet har sørga for at eg har teke mindre utebilete!
Loftet ruvar mindre og mindre - naboane til Sanden Pensjonat ser stendig meir mot nordaust!
Merkt tømmer
Merkt tømmer - det meste kan resirkulerast
Opa dør mot lysare tider
Noko tømmer kan ikkje resikulerast
Mellombels lagring
Naustet på naboeigendomen - på baksida av Kulturbanken.
Vaskar Anna-loftet i skodda førre veke.
Eg har heilt gløymt merkjedagen Klemmetsmess -
men tek meg innatt med å nemne den samstundes med Karimess.
23. november er klemetsmess, til minne om Clemens 1., som var biskop i Roma 92–101.
Han vart vist bort frå Roma og send på slavearbeid på Krim. Der var han med og bygde kyrkjer. Legenda fortel at som straff vart han søkkt i Svartehavet med eit anker om halsen.
Somme primstavar har eit anker til merke denne dagen, og i den folkelege tradisjonen kom det til å stå for at då skulle skipa liggja i vinterhamn.
Somme stader sette dei frå den dagen borna på skralare kost, så julematen skulle smaka så mykje betre.
25. november er karimess, ein minnedag for den heilage jomfrua Katarina frå Alexandria.
25. november er karimess, ein minnedag for den heilage jomfrua Katarina frå Alexandria.
Ho skulle etter legenda drepast ved å bli lagd på eit hjul med piggar.
Eit under hende, og hjulet vart øydelagt, men då vart ho halshogd.
På nokre primstavar var merket den dagen eit hjul,og i folketradisjonen vart
hjulet stundom omtolka til eit rokkehjul.
Somme stader vart dagen kalla «Kari med rokken».
Eit gammelt værtegn Karimesse, - veret denne dagen fortel kva ver det vert i jula!
Ei anna kjelde seier nesten det same,-
det vert ein streng vinter om det er kulde og vinter på Karimesse.
Vakkert - er smykket eg fekk på søndag laga av Eke Klug - mjukt og lett!
Eit gammelt værtegn Karimesse, - veret denne dagen fortel kva ver det vert i jula!
Ei anna kjelde seier nesten det same,-
det vert ein streng vinter om det er kulde og vinter på Karimesse.
Vakkert - er smykket eg fekk på søndag laga av Eke Klug - mjukt og lett!
Abonner på:
Innlegg (Atom)

















































