søndag 28. februar 2010

Gleda av felleskap!

Synes ofte eg har for lite fri fritid, - og har eigentleg meint at fagorganisasjonen min ELog it-forbundet, burde gå inn for AFP ved 50! Skulle gjerne ha gått under den fana i 1.maitoget, - i år er eg ikkje lenger av dei mange som er i tidleg 40-åra og går i tog - no er det forseint!
Når ein deltek i lagsarbeid, dreg på helgekurs eller nyttar ein kveld på å fare på ei utstilling i nabokommunen eller lenger unna - så går det naturlegvis ut over eitkvart! Ein kunne ha site prikkandes still og berre styrt med eige handarbeid, ein kunne hatt ein høgare standard på hushald eller kva enn ein ville ha prioritert...
For det er det, - det er snakk om, - prioritering. Det er nettopp ved å dele på tida si at ein finn at dei hine har sett og gjort og funne ut,- så uendeleg mykje meir. Eg treng den inspirasjonen som resten av verda kan by på i alt kreativt arbeid! Den inspirasjonen tek eg med meg i alle dei kvardagslege gjeremåla -.
Denne teikninga som så absolutt spelar på hjelpa ein kan gje kvarandre når ein deler avhengigheita si i ei gruppe - er slike søte små smil som delinga på verdsveven gjev ein! Denne gongen frå Selvage Blog , som brukar dei dekorative jarekantane ein finn på trykte stoff...- den delen vi kastar først i søppelbøtta...
Elles er vi i lag om å vere like snørrete og trasige av feber her i huset, - ein form for fellesskap, det også!  Ikkje nok med det;- like før midnatt kom naboen med eit nylaga glas appelsinmarmelade! Lukke!!!

lørdag 27. februar 2010

Kontrastar - eg likar det ikkje...

Eg sit og høyrer på OL-slalom på TV'en. Via ulike sosiale media kjem mange meldingar om finever på Alperittet 2010  - dei 6200 meterane ned Roalden til plenen framfor Rådhuset på Stranda.  Alperittet 2009 hadde regn og sørpever, her dokumentert med hjelmkameraet til "klaushole". Det er mest som ein får hug til dei heimlege strender - medan ein ventar på 3-mila for jentene og curling for karane - sit ein og sjekkar jordskjelv og tsunamibølga i Stillehavet...
- her har ein så smått merka annonsene -"no må vi ikkje gløyme Haiti",
- og så eit stort jordskjelv, målt til 8,8 på Richters skala utanfor kysten av Chile.
I følge Dagbladet seier professor Kuvvet Atakan ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen, at jordskjelvet er over 500 ganger kraftigere i energi enn skjelvet på Haiti i januar som målte 7,0. - og det er mange mange etterskjelv...
Skulle gjerne sendt ein bølgjebrytar til Stillehavet, - det er mangt og mykje som er innanfor dei bølgjehøgdene -!
No Dagsrevyen  - JÆVLIG - Støre seier Chile er svært godt budd på slike katastrofer, i motsetning til Haiti.
Samstundes viste bileta dei store akvaduktene av nokre bruer - berre var knekt - det er mykje meir enn samferdselsårer som skal byggast oppatt!
Og så over til Alperittet i Dagsrevyen, der vert Roaldshorn ( i.e. Roaldshønnje') introdusert som ROALDSTIND! - makan,-  att det går an.....

Fredagskos med rosa saum på øverste loftet - imponert!

Skulle hatt noko meir fri fritid, - ikkje mindre enn 3 spanande magasin /tidsskrift låg i postkassa i dag - og så på ein fredag når ikkje eingong Sogn avis ser seg brydd med å kome ut! Det er arbeidshelg og ikkje vidare rom for uendelege stunder med te/cappucinoglas - ullsokkar og ullpledd og briller...

Skjønar ikkje heilt at eg synest om fargane som byrjar å verte eit teppe - som eg har gjenteke til det kjedsommelege - eg likar verkeleg ikkje rosa, men -...

 - i løpet av dagen har eg krangla med Husqvarnamaskina i Eldhuset. Det er nok ei stund til at eg får tid til å kobinere juleideen min med bladrankene på den folkloreinspirerte teppet på side 13 i Quiltemagasinet 1/2010.
Vi har ikkje vorte venner igjen,- symaskina og eg , - skulle andre lappesaumardamer planlegge innom i helga og bruke den - så er den altså ikkje vidare frisk... - Hadde ikkje tid til meir før jobb no i kveld, men satsar på at alt er med det gamle før helga er over!

så inderleg greitt å få med seg såpass mykje på jobb på nett at det var hynkylperten frå Stryn - Tarjei Bø og nesten-ferskingen Hegle Svendsen ( han har jo allereie medalje) som skulle hjelpe gamlekarane Hanevold og Bjørndalen til sin siste medalje av edlaste valør - vakkert, særs vakkert! Kjempeklump i halsen og svært fuktige augekrokar - godt eg ikkje sat framfor TV'en - det hadde så lett gått med  ein halv tørkerull!

torsdag 25. februar 2010

Rakk ikkje å lage kappe til (film)Salen - sånt kan ein gjere på ein annan fredag

- skal i Eldhuset og lappesaume - og då funkar det ikkje med 5-6 meter svart kappesaum!

Etterskrift: Vi var ganske mange ein kort periode, - det er nok både vinterferie og tankar om at Eldhuset sikkert er kaldt som legg ekstra hindringar i vegen slike dagar.

Sat ganske lenge og sauma raud/kvitt - mykje gode tomme høgvyrdige tankar! Ein juleide har blanda seg med ein ide frå siste Quiltemagasin. Sidan eg må nytte ei av maskinene til laget, - vert ikkje heimesaum, men torsdagssauming!

Gunnlaug var innom og fortalde at i sylaget hennar i by'n, gjev dei kvarandre ei blokk eller rute til runde bursdagar. Det er mottakaren som sjølv set saman dei ulike kvadrata til eit teppe, der gjevar kun forheld seg til fargevalet som mottakar har gjort - elles heilt fritt..

Lurer på om ikkje det hadde vore noko for lappesaumartausene...

Elles sit eg her under TV'en og høyrer på curling - eg likar rutabrøkene deira...
- og eg likar norske stafettjenter - stas når VI vinn gull! -  det er godt å få skylt ut tårekanalane avogtil!

Etterskrift2: - sidan han eg bur med er ferdig på jobb når eg startar i dag - må eg visst velge ein annan dag til kappesaum - det trengst ein handyman i arbeidet med å henge opp og teste lengda. Eg feirar siste fredag i februar med det rosa prosjektet og legg ut bilete på rett dag etterkvart...

onsdag 24. februar 2010

Ein onsdag som vart litt ansleis enn planlagd - kva gjer vel det...

I dag vart det ein møte- og pratedag - og ein litt sånn kva-er-det-vel-ein-ikkje-veit-noko-om-dag!
Ei reell bekymring er at februar snart er over! Eg skulle visst gjere ferdig kappa over filmlerretet på Salen, - og dekorasjonsteppa som skal vere på kvar sin vegg, inntil sidegardinene denne månaden.
Ein kort månad med mykje farting - det er ikkje rart tida har runne unna. I morgon kan eg sy kappa iallefall, slik at han eg deler bustaden med, skjønar at det er endringar på gang.
Frå by'n kom meldinga i kveld om at monteringa av det hekla teppet som skal bytast i det rosa lappeteppet er halveis ferdigmontert!
Elles har eg hatt negative tankar om dialog og Sognekraft og Vik kommune i det siste,  og så blandar brått ein ny dimensjon seg inn via Sogn avis -
Tru kva dette kan bety for Feiosbygda, - reknar dette som ei bekymringsmelding verdig, - det er Sognekraft sitt bilete.
 
Det er snø og kaldt!
Wikipedia primstaven kallar dagen Mattismesse vår og Mattis Øks og har kunn ein omvendt M som merke for dagen.

Vevsida norsknettskole.no  har i tillegg nemninga Laupårsmesse som viser til at i skotår vart den ekstra dagen lagd mellom 23. og 24.februar. I slike år var Mattismesse den 25.februar. Den katolske kyrkja hadde Mattismesse til minne om St.Mathias, som var apostel etter Judas Iskariot. Elles fortel vevsida at dei fleste vermerka er knytta til Peder stol to dagar før. Merka som er brukt på primstavane er dobbeltkors, fordi dagen av og til vart rekna som to, elles er øks, fisk, dobbelt flagg, grein med knopperm og omsnudd M.

tirsdag 23. februar 2010

Lukka er...

fri fritid, på ein fritysdag - og ikkje tanken på at ein skal jobbe i eitt til neste fredag!
lengten etter vår - ikkje kulden og bekymringar over at det snør ( sååå mange centimeter kjem det likevel ikkje her på Øyri!)
appelsinmarmelade på rista brødskive - ikkje at det var siste resten frå glaset frå YWCA i Jeriko (glaset skal ikkje i resirken, bak Coop!)
nytt quiltemagasin med ny inspirasjon  - ikkje tanken på alle dei fantastisk bra prosjekta ein ikkje har starta eller ikkje fullført!

i nuet, - i fortida og i framtida! - nyt!

mandag 22. februar 2010

... og verda har endra seg!

På veg til jobb i dag, litt over halv åtte - det var lyst!?! - Har det endra seg så mykje berre på ei ekstra lang helg - nånei...
Berre vaken nok - og klar til nye arbeidsdagar etter ferie! Godt teikn!

Det var "barneskirenn" på lerretet på Salen  - og eg sov godt under teppet! Det vert sikkert sendt i reprise!
Uffda, - at  Northug var rosinen i Pølsa vert visst jungelordet, etter den sprinten!


Wikipedia primstaven fortel at det er Peters stol , "Petersmesse om våren" eller Per varmestein og  Per heitstein.
Slike dagar kan ein vere i tvil , men i følge Primstaven går ikkje telen djupare etter denne datoen!
Primstavmerka for dagen er ein nøkkel eller ein stein.

søndag 21. februar 2010

Heimreis frå Røros

Stor frokost og nedpakking - vinden frå i natt har roa seg...
Det er overskya kvit himmel og dei snødekte markene og sjøen - eller vatnet som vi ville ha kalla det, - Aursunden er stor og kvit..

Ein ny dag som viser kor stor himmelen er på Tamneset! Joda, - det er vel mykje fjell og lite himmel inst i Sognefjorden. Slike dagar når himmel og landskap har tilnærma lik farge - ispedd litt grått så langt lauvskogen greier å halde seg fast - det er slike dagar ein vert minna på saknet etter - nettopp meir himmel...

Vi hadde ein lang dags ferd framføre oss... - og alt gjekk vel...

Enkelte passar på å kvile litt i bilen, - det gjer godt å sove litt så ein kan hjelpe sjåføren å halde seg vaken litt seinare...

Sidan det er første søndag i vinterferien austanfor var det i følge NRK mindre trafikk "inn til dei store byane"...

- det var uansett for mange som ville ha middag på Elgstua i Elverum - både elggryta og karamellpuddingen er verdt å vente på -
( ikkje like god karamellpudding som den Karin lagar, - men likevel...)
- men verdt å vente på  - så lenge...? -
Nestegang vi stoggar på Elgstua, - for det gjer jo vi som ALLE andre - skal vi huske å ta våre førehandsreglar - denne gangen var det lenge å vente,-  i tillegg til å bli gløymt. Det er forbaska kjedeleg at Elgstua ikkje synest kundane er viktige nok til å lage ein logistikk som verkar... - og så lite dei søte unge jentene i disken kan gjere for å rette opp feila...

Heimvegen var mykje mindre glatt, -
godt å kome heimatt - litt kveldsmat og noko varmt å drikke - ein lang dusj - og fyre opp i peisomnen - finne roen til ei ny lang arbeidsveke...

- vertane våre traff heldigvis ikkje dei to elgane i vegen i Vang i Valdres -  m.a.o. "alle var samde om at det var ein fin tur!"

og overalt hadde dei gløymt at det var offentleg flagg dag - 21. februar  - bursdagen til kong Harald!

lørdag 20. februar 2010

21 minusgrader - lett snø i lufta...

Vi gjer oss klar til siste martnasdag - med stor frokost og planar om eitt klesplagg eller to til...

Vi var med og sette opp marknadsbod i geila inn til Skjeringstadgården. Deretter var det via Posten til Sparsy - der fann vi litt meir rosa - og ein nydeleg rosa brodertråd - som eg tenkjer bruke til quilting på det rosa teppet til Ingrid. Motorsykkelstoff og nokre nydelege sytilbehørstoff og nokre oransjeraude og nokre fine - og ein meter av det graderte grøne eg kjøpte i fjor som vart oppbrukt på ein vårleg inspirert langløpar til spisebordet - og nokre oppskrifter og...
Vi var naturlegvis oppom brekkjerringane på Sangerhusloftet - det var ein betydeleg reduksjon i dei 3500 gevinstane etter 5 dagar utlodding - men vann posepose og telys-lysestake...
Ein liten kaffipause måtte naturlegvis til medan ein rulla ut lodda - 2 kroner stykke - det vert mange lodd av slikt - Etterpå fleskepannekaker og kaffi ved bålet i Skjeringstadgården -

Siste handlerunde via i Menighetshuset og kaffi og brownies til Potteriet der Trønderdesign og Skiferprodukter hadde salsutstilling, - likte linjene til Trønderdesign!

Så hasta vi attende til Skjeringstadgården der marknadsboden allereie var nesten nedpakka.
Det er naturlegvis strenge reguleringar på køyring og parkering i gatene under martnan. Banankassane vart difor borne via ein eigendom til eit parkeringsareal med tilgang frå offentleg veg, - og der sto vi og passa på banankassar medan bilen vart henta frå hi sida av Røros! - Og så ooops oppdaga vi at det nærliggande stabburet og veggar og traktortilhengarar var pissoar for den nærliggande lavvoen med serveringsløyve - ja det er faktisk litt morosamt å stå og henge på eit "herretoalett" - og sjå kor beskjedne enkelte er når dei rundar hjørnet, nokre titalsmeter unna - medan andre ikkje let seg hefte i det heile...

Vertskapet sytte føre ein nydeleg middag - vi har det godt på Tamneset -

I kveld har vi testa ut fleire variantar av Rørosisen frå Galåvolden Gård - sjokolade med kirsebær og vaniljevarianten rekk ikkje opp, jordbærsorbeten var for søt ...

fredag 19. februar 2010

Ny dag - nye mogelegheiter på Rørosmartnan!

Vi var klar til nye dyster, om enn ikkje klare til opningstid i dag, berre litt mjuk start!
Også i dag har eg gått forbi kyr utan å handle, - kanskje eg har vorte meir kresen med storfehandelen min?

Det har vorte betydeleg kaldare i løpet av dagen, det kjennest - stoveomnen durar og vi gjer vårt til å gjere verda vår på Tamneset litt varmare...

I dag var det betydeleg fleire i Rørosgatene, - og i morgon vert det etter alle solemerker endå fleire - no når vinterferien i Trøndelag og Austlandet har starta!

Vi har fått handla spekepølsene våre hjå vår faste leverandør på Lærdalsmarknaden.

I morgon skal stoffbutikken vitjast, den ligg litt unna sentrumskjerna,. Det vert i spaseravstand kanskje,  - men det kan lett verte tung bør attende til parkeringsplassen vår ved Fagmøbler og Toyota - det er nødvendig med parkeringsreguleringar på slike plassar - slike dagar...
I dag har vi vore litt meir marknadsselgarar - det er nok nødvendig med eit hakk varmare fottøy når ein skal stå såpass mykje. Det var godt å gå på Menighetshuset - og ha ein fredeleg suppelunsj...

Vi åt god middag på Milano, - forbausande rask og god service - stort trøkk, men det såg ikkje ut til å gjere noko anna enn godt for sørvisen!

- og no fortel radioen at det 102.norske OL-gull er klart Aksel Lund Svindal...!

Det vert nok feira med testing av resten av variantane av Rørosisen seinare i kveld - eller kanskje isetinga vert utsett til i morgon når vi igjen er fulltallige...

- og no fekk Marit Bjørgen norsk OL-gull nummer 103!

torsdag 18. februar 2010

Første dag på marknaden - brukbart med storfe - har handla fleire kyr...

- men betydeleg verre - manglar kameraet mitt - har med alle kablane...


Eg vart fotografert iført ulvepels tidlegare i dag - selgaren i Skjerdingstadgården kunne garantere at eg ikkje kom til å fryse noko meir...

Eg kjøpte ikkje alle kyrne eg likte, - som tildømes eit armband frå Bine ! Ho hadde vore budeie i Underdal eit par somrar - bruker mykje skinn frå dyr som er under bevaringsprogram for kulturhustoriske raser - berekraftig så det held! Ho skulle ha utstilling i Ullensvang når Lærdalsmarknaden føregår - lekkert armband - hadde fleire variantar - klavesmykke og større pynt og plagg...

Nett no sit vi og testar Røros is - Pistasj - nydeleg fyldig smak - laga av Galåvolden Gård! Vi kom fram seint i natt - det var glatt, tildels veldig glatt etter vegen. Vi såg fleire bilar som venta på tauing! Eit dådyr, - men ingen elgar etter vegen.

Vi hadde sein frukost, og ein lang og opplevelsesrik dag - men kald dag i gatene i Røros...
- og vi gjer oss klare til ein fin ny dag i morgon - først må vi teste kaffiisen og molteisen til Galåvolden!
Kaffiisen var minst god av dei tre, og den var god! Molteisen var best når den var godt tina - det var mykje molte i isen, - det er dei som er best når dei var halvtina!

Vi feirar norsk OL-gull nr 100! Tora Berger !

No er begge bilane kobla til motorvarmarar - det er 17-18 minusgrader allereie... og ein time igjen til midnatt - i radioen er det skiskyting og relativt norsk...  101. OLgull til - Egil Hegle Svendsen!

onsdag 17. februar 2010

Då fer vi til marknads

Litt kvardagsjobbing først, - det aller meste er allereie i bilen.

Er komen så langt at det er greitt vi ikkje vinn for mykje borte i Vancouver, det er liksom greitt å høyre litt reprise medan ein sit ved datamaskina foreksempel... - så ein slepp å bruke natta til OLsendingane!

Om du lurer på om det er ein måte å skjule skuffelsen over manglande gullmedaljer, - så er det nok det!
Sjekk Nemi frå dagens bt.no!






Wikipedia om askeonsdag

tirsdag 16. februar 2010

Feitetysdag -

I dag starta Rørosmarknaden -
og vi har fått pakka og planlagd det meste her heime - det er snart vinterferie!

Tek med åttebladrosespøt på bilturen - kan raskt verte mange åttebladroser av ein så lang biltur!


Det er Feitetysdag, - som skulle ha vore feira med rømmegraut, det vart pannekaker og bacon!

mandag 15. februar 2010

Kreativ fridag på måndag - det er brukbar start det!

Canadisk gull, norsk sølv, canadisk/norsk bronse - vi hjelper Canada med å få fleire olympiske medaljer! Bortimot utviklingshjelp kan vi kalle det, - andre meiner at vi som vanleg har for store forventningar - difor treng vi slike halvnorske medaljar for å dempe skuffelsen!

Eg fekk besøk på trappa av han som skal fjerne den halvgamle kjøkkentrappa og vere med på å mure ei ny kjøkkentrapp! Han kom berre for å dobbelsjekke at vi hadde fått løyve - og fortelje at han er klar sånn i april/mai... - slikt gjev "flying start" til ein god dag....

Det var åttebladrosekveld på Eldhuset i kveld. Vi testa ut spøtamønstra på eit åttebladroseteppe,  truleg vert det eit teppe som fyl utstillinga vår og vert likevel kanskje ikkje ein del av loddsalet til Lærdalsmarknaden. Alternativt vert det to teppe - det kan det lett verte - oppskrifta er moro å spøte. Tradisjonellt sett, - dei siste åra iallefall - har vi hatt eit lappeteppe klart innan loddtrekninga er ferdig! Har funne ei enkel løysing på åttebladrosesaumateppe også, - men det får verte neste veke - marknaden er ikkje før i juni!

Elles går det mest i rosa på strykebordet på loftet, - no har eg mange nok rosa stoff, til framsida er alt skore - framleis kan enkelte stoff verte utskifta, tilbodet på Røros får avgjere...


- berre må vise denne snutten av ei reklame - sjekk dei kyrne - sjekk dei fjella - jadå det er Heimefjellet - der nokon og ein kvar la grunnlaget for  kikkhulkirurgi av kne i vaksen alder etter laussnøkøyring på tiiiidleg 70-tal...
Garantert på menyen i sola i hoppbakken på "Fjellja" i påska - Melkesjokolade med kvikklunsj

elles er det blåmandag - første måndag etter fastelavenssøndag!

søndag 14. februar 2010

Fastelavnssøndag, Morsdag og Valentinsdag, men framfor alt Medaljedag!

Eg høyrer til dei som ikkje set pris på Fastelavnsris - har liksom aldri gjort det!
Eg har alltid likt arbeidet som organisasjonen Norske kvinners sanitetsforening,  har gjort med hjelp av inntektene frå både risen og basarar andre typer arrangement, og alt det gode informasjonsarbeidet og opplæringsarbeidet foreninga har gjort sidan starten for 114 år sidan...
Har alltid vore allergikar - allergien min slår ut både på fjør og bjørk! På denne tida av året er eg sjeldan oppmedisinert for denslags, - det vert som med julemarsipanen og påskemarsipanen, som eg reagerer meir på enn eit marsipanbrød ein seinsommarsdag...
 - men no har eg oppdaga at ein kan kjøpe ein nettbukett - eller er den ikkje ein virituell likevel..


Det er godt å ha ei Mor å gratulere med dagen, - slike dagar - , det er godt å ha ein son som sender SMS.
Å verte huska er godt - kommersen kan ein hoppe over - det er så mange dagar ein kan kjøpe ein blome, - men morsdagen er like fin som dei hine!


Valentine - er visst altfor kommersielt for meg...,
 - og så huskar eg det første Valentine selskapet eg var på som student i by'n,-  og veit at det er inderleg godt å ha Valentine som forklaring, årsak, grunn for..

Men ein blome i kveld går iallefall til Emil Hegle Svendsen for første medalje! -

lånt frå bt.no og Scanpix...

lørdag 13. februar 2010

Gode helgekjensler -

Vi er i eit godt og gjestfritt sunnfjordshus -  apropos Halldis Moren Vesaas....
Ein ny og lys sunnfjorddag venta då vi tok laust - på veg til den nye sunnfjordbyen!

Det vart to konditoribesøk, - for det kan dei sunnfjordingane,- selge kaker -
først på Napoleon og så på Olefine!
At Olefine hadde dei aller beste kakene, er noko vi veit - for meir enn 60 år sidan lærte Mor å bake bollar på Naustdal Dampbakeri -!


Elles gjorde vi velfunderte investeringar både på Kappahl, Trapp ned og Biltema...

jaja - og litt blomster og litt....




-dette biletet er også frå den gamle vegen til den eigentlege Sunnfjordbyen...




fredag 12. februar 2010

Ein minnedag - med smil og glede!

Eg var funksjonær nokre veker på medialandsbyen under Lillehammer OL på Storhove/Vormstuen. Eg var med på å sjå ein stor organisasjon verte bygd opp, den siste finpussen - nokre intense dagar - og så nedbygginga igjen og starten på demonteringane...

Før starten av slike store arrangement - ramlar små og store minne inn - slik også desse februardagane...

Denne gongen er det ein ekstra dimensjon - det er i Haifa og Ben sin by - Vancouver, BC! Vi minnest den kanadiske sommarferien vår i tilknytning til feiringa av giftarmålet deira, då vi langtidsbudde på  YWCA Hotel 733 Beatty off Robson Street , - rett over gata for BC Place Stadium - der opningsseremonien skal føregå...


Taket på BC Place stadium til høgre. - biletet er lånt frå YWCA Hotel Downtown Vancouver si side...

Om sjølve arrangementet, kan eg nok stundom vere einig med Are Kalvø .
Dei store øyeblikk derimot, når VI vinn, når det står ein norsk person, helst utan hovudplagg på pallen når "Ja vi elsker" vert spelt, er det stort! Fuktig augekrok og klump i halsen!

onsdag 10. februar 2010

Det er kleent Ty, som ikkje toler, at ein ser på det.













Ei dobbel melding i twitter-sitatet frå Ivar Aasentunet i dag, som vi stoffavhengige lappesaumarar forstår!

Når eg ryddar i alle kubikkmetrane mine med stoff,- er gleda av å vere borti - stryke over - kjenne på, men også omgruppere viktig i beskrivinga av samlargleda...
Eg kunne nok sy litt kvar dag i årevis og framleis ha stoff på lager. Nokon fare for å tøme lageret med det første, ligg ikkje føre...
Eg er ikkje spesielt oppteken av å spare på noko ekstra fint stoff, - heller omvendt!
Gleda i vakre tekstilar har eg iallefall heimanifrå. Mor mi er ein fin tradisjonsberar, - gleda over kvite dukar og strokne sengeklede har eg absolutt fått inn med morsmjølka!
Dikta "Å vere i livet" (tre vers til mor) og "Lykkelege hender" av Halldis Moren Vesaas, har "alltid" beskrive noko eg har gjenkjent frå kvinnene i slektene til både Mor og Far.
No har eg funne kvila ved datamaskina etter ein travel dag på jobb, - det er på tide å rydde og testsy litt!

- og til han som arbeidde seint, ordna eg ein heimelaga grandis!

tirsdag 9. februar 2010

Rosa roser til bakstykke - er det greitt, eller?

Har mekka på bloggen til husflidslaget, stendig nye utfordringar...
- ikkje verre enn at ein kan nytte supporttenestene til husets yngste
- eller ta ein middagskvild medan ein filosoferer på løysingar, ein forstår
- eller finne heilt andre løysingar...

Tirsdagkveld - Bygglov med Dream yoghurtis karamell i vinkelsofaen framfor lerretet på Salen i andre høgdi.
Ufoprosjekt i februar - sy øverste kappe på tvers under taket på Salen og lage dei svart-raude "veggteppa" ferdige,
naturlegvis rekk eg ikkje alt denne månaden - men godt i gang...

Har rydda på syloftet og funne fram bakstykket til den rosa...
framsida vert mest kvitt/lyst med litt rosa -


mandag 8. februar 2010

Har ein rosa plan - skal teste ei oppskrift i morgon!

I dag rakk vi ikkje så mykje meir enn jobb, - kvardagslege syslar og eit årsmøte i Eldhuset.

Årsmøtekaka var meir enn godkjend - den hadde Karin H. funne på det søte liv - skriv Islandskake i søkeboksen oppe til venstre, velg den øverste av dei tre oppskriftene! Eit godt val!

Elles av viktige ting - MGP billettane vart utseld på 20 minutt, og sjekk korleis det går når Rema 1000 og Norway Bussexpress møtest på E39!

søndag 7. februar 2010

Søndagskveld med litt flat struktur, - du verden kor god sofabenken på biblioteket er!

Ei arbeidshelg er over, og det er visst energien min også! Ein haug sengeklede og gardinkapper ventar ved strykebordet, og uendelege mengder av ting som skulle/kunne/burde ha vore gjort! Trur det er klokt å ta med eit stort cappucinoglas på øverste loftet og vente på inspirasjonen der...
Har ulike formeiningar om korleis "den rosa" skal angripast! Har ikkje funne nok rosa endå, - skal til Førde og Røros i nær framtid, som om det skulle vere eit problem...
Ein tur innom Trapp ned i Førde og Sparsy O. Grådal på Røros ordnar opp i det meste av rosa stoffmangel - innanfor ei tidsramme på ei veke eller to. Røros Tweed, Husfliden og mange slags faste og midlertidige buer under marknaden lokkar nok dei siste skillingane ut av lommeboka...
            

Etterskrift!: No er opptil fleire gardinkapper hengt opp, og deler av syloftet gjort klart til nye prosjekt...
Det er ikkje spesielt ideelle lystilhøve i vinduskarmen ved midnatt for fotografering, men to av kyrne frå Rørosmarknaden i fjor måtte vere illustrasjon for dagens blogg.
Ostehøvelen venta på oss på Husfliden - ikkje det at vi manglar ostehøvlar - den var berre så fin.
Kua under er frå ein keramiker i Alvdal som plar vere på marknaden, 5-6 cm høg - ven og vakker og berre til pynt!

lørdag 6. februar 2010

Rosa prosjekt

Går det an å illustrere den på nokon betre måte?












Wikipedia om Sámi álbmotbeaivi - Samefolket sin dag

fredag 5. februar 2010

Heilt ferdig med det blå-kvite teppet!

Handsaumen på den doble lukkekanten er hardt arbeid for fingrane mine, som sidan-lenge-sidan gjev ugreie "dagen-derpå"-meldingar av slikt!  Det var med stor glede eg oppdaga limsprayen seint i forrige århundre, - då trong eg ikkje lenger tråkle før kvilting...

Eg likar å vaske ut limsprayen før teppet vert teke i bruk, - det er arbeidshelg - med midt-på-dagen vakt, - så eg får sette på vaskemaskina når eg kjem att!

No vert det rydding på syloftet og planlegging av  neste ufo-fjerneprosjekt...
- kanskje det bør vere litt mindre sidan "Rosa" har iverksettingsdato snart...






Primstaven på Wikipedia fortel at det er Ågotsmesse, musedagen
og merket på primstaven er mus eller kors.

torsdag 4. februar 2010

Ein fridag - det er godt det!

Det blå-kvite er snart ferdig, - handsaumen på den doble lukkekanten betyr at fingrane kjem til å vere kranglevorne i morgon - nett no pausar eg litt før eg har gjort meg heilt ferdig. Vi var 6 stykke på Eldhuset i kveld, - nokre for å førebu årsmøtet på måndag - og tre av oss berre for å sy...
Teppet skal vaskast og tørkast i tørketrommel før det vert teke i bruk, og før det vert teke bilete av!

onsdag 3. februar 2010

Kveldstur til Heibergske på Kaupanger

Tok med kamera på kveldsturen til De Heibergske samlinger , - alle var samde om at det var ein fin tur med unntak av at frontruta på bilen til Anna fekk nokre fryktelege striper då ruta skulle skrapast fri for is, - før vi hasta avgarde til ferga på heimtur!

Miranne viser fram syskrinet sitt på bloggen sin i dag, eg må visst finne fram mitt frå innerst under skråtaket på syrommet på øvste loftet, det får vente til i fridagen i morgon. Det er mykje som skal gjerast slike fridagar - dagen skal avsluttast med sauming i Eldhuset!

Har starta bloggen til Lærdal husflidslag, får tru den vert enklare å følge enn berre NH sine sider.

Nydelege broderi, det må både lupe og hardtrening til før eg kan til med skjortesaum til staute karar...
Miranne hadde med sin nydelege smøyg og holbeinsaum på finaste skjortelin - sukk...


Her er nokre bilete frå arbeidet til Gunvor Urheim og Inger Øyre for mannsbunadnemnda frå husflidslaget i Sogndal.
























Wikipedia om primstaven Blåsmesse , Blåsius
og merka for dagen er horn og båt for fulle segl

tirsdag 2. februar 2010

Framleis ikkje ferdig...

men likevel tid  til å krype opp i sofaen på Salen og sjå på Bygglov på svensk TV4 på med eit stort cappucinoglas
og ei skål med Diplom-is sin yoghurtis karamell - då kjem stort filmlerret til sin rett -  kos... 
har tilogmed kvilt middag - så eg vert meir uthaldande utover kvelden!











Wikipedia om Kyndelsmesse, kindermesse, kjærmesse, lysenes messe, missa candelarum
og dagen er merka på Primstaven med sjuarma lysestake, lilje, eit krona hovud
Nemi er som vanleg lånt frå bt.no

mandag 1. februar 2010

Onsdag - 3.februar - handarbeidskafe på museet - mannsbunaden

Startar februar med te, klibrød, makrell i tomat og kvilting før eg skal på jobb!
Korleis skal dette ende...

Eg drikk også eit stort glas cappucino med mjølk, medan eg freistar finne varmen - før eg går ut i den store kalde verda. Varmepumpa er god å ha, men i hus bygd for meir enn 150 år sidan - med jordkjellar og relativt orginale golv - så kjenner ein at det har vorte 15 fleire minusgrader sånn i løpet av kort tid...


Plakaten for onsdagskvelden


Pressemeldinga frå museet: MUSEUMSKVELD OM MANNSBUNADEN

Er du interessert i tradisjonelle folkedrakter? Kanskje du til og med har lurt på kvifor mannsbunaden for Sogn ser ut slik som han gjer? Då må du ta turen til museet onsdag 3. februar. Her fortel Inger Øyre om korleis ho saman med Gunvor Urheim og mannsbunadsnemnda i Sogndal Husflidslag arbeidde då dei tidleg på 1980-talet rekonstruerte mannsbunaden for Sogn. Det blir høve til å sjå nærare på materialet som dokumenterer arbeidet i mannsbunadsnemnda, og denne kvelden blir dette materialet offisielt overlevert til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

På museet blir det også høve til å sjå mange av dei tradisjonelle kledeplagga som var i bruk langt utpå 1800-talet, og som nettopp dannar bakgrunnen for at dagens bunad vart slik som han er.

Kvelden er ein del av den tradisjonsrike handarbeidskafeen på museet. Folk må difor gjerne ta med handarbeidet sitt. Det blir utlodding, museumsbutikken er open, og i kafeen serverer vi kaffi, te og kaker. Det er gratis inngang, og alle er velkomne.

søndag 31. januar 2010

Symål - avslutte eit teppe i månaden - nesten ferdig!

Sit ved spisebordet og jobbar, greitt med kvadratmetervis av furuplank - slike dagar!

Vert nok ikkje ferdig med kvilting og lukkekant, - men nesten!
Framleis har eg det heilt klart for meg at eg har vore særs flink - bortimot måloppnåing!

Frå sterk vind og snøføyke, i går og i natt har det vorte svært mykje kaldare i løpet av dagen,-
to siffer etter minus forlengst!


wikipedia om februar:

lørdag 30. januar 2010

Laurdagskveld og ferdiglimt teppe!

Har vore i Eldhuset i dag og fjerna uendelege mengder med trådendar på det blåkvite teppet, det vert ein del på slike prosjekt.
Det vart aldri noko bilete av baksidestoffa, - men eg fekk nytta "brukt" materiale, - lagervare!
Det var for mykje volum i "teppet" frå Ikea, - så det vart bomullsvatt.
No ligg teppet på Eldhuset og tørkar, - greiast slik då vert det mindre limkliss på nåla og i maskina. Eg går ut frå at det vert tidleg start i morgon, - det får no vere måte på tolmodigheit!

Trur eg må drøfte med mottakaren av det rosa teppet om volum kan vere eit pluss der, - i såfall får det vere med i val av mønster.

Eg planlegg å quilte på skrå, både gjennom dei blå og kvite rutene, - har ikkje testa om det let seg gjere å rulle teppet saman i liten nok rull til symaskina...
Det vert spanande med eit så stort teppe i vaskemaskina, reknar med den hoppar rundt i rein glede under sentrifugeringa!

Har tinga plass på veskekurset i syhelga i Luster, - ikkje det at ein har for få vesker. Det kan vere greitt å få brukt noko stoff der også...

I kveld er visst månen på sitt aller største i år, det får vi visst ikkje glede av i dette snødrevet...

        











fredag 29. januar 2010

God helg, - det skal det jammen bli!

Det var triveleg å vere på vitjing til quiltelaget i Luster i går kveld, det gjer godt med ein tur utanom bøagarden! Eit spanande fellesprosjekt - der alle medlemmene bidreg med tulipanblokker 15x15 cm sydd på papir. Dette vert vi naturlegvis med på, og kanskje om nokon ynskjer det så tek vi ideen med hit også!

Luster quiltelag trong fleire deltakarar på veskekurset sitt. Vi vert likevel ikkje opptekne den helga i laget, - så det kunne vore ein fin måte å ha arbeidshelg på! les meir om kurshelga og påmelding her!


Det vert nok ei travel helg, skal det blå-kviteteppet verte ferdig, - så vert det mykje sauming!

torsdag 28. januar 2010

Dagens høgdepunkt - årsmøtet i Luster quiltelag!

Vel, det vart kanskje litt feil spissformulering! Det er kanskje ikkje sjølve årsmøtet som er høgdepunktet, - men alt det andre som er inkludert... Sida til quiltelaget i Luster! Slike ting som Sy og strikkebui og Narvesen i Sogndal, før vi fer vidare til skulen i Gaupne, der årsmøtet føregår!
Etter årsmøtet er det "vanleg aktivitetskveld", der temaet er Tepper som varmar og det skal syast tulipan-blokker i papirsaum som eit fellesprosjekt. Sjåføren har med si nye symaskin, medan eg leitar fram sysaker og stoff i "rolege pastellfargar".

Broderi er stendig noko eg tenkjer eg må få gjort noko med, -
eg gler meg over eit avsnitt i denne BT artikkelen - om vertinna på Gamlehaugen når kong Olav var i by'n!

Broderiet ho har i glas og ramme på veggen i gangen sin, viser at ein ikkje treng vere yngre dame som treng løyse opp litt muskelstivheit ved englevingefestet med ein rampestrek eller fleire -!
Med referanse til twittersignaturen Geriljabroderi og fjesboksida "for eit meir aggressivt korstingsbroderi".

onsdag 27. januar 2010

Ein vakker onsdagsmorgon - ein merkedag - pappaen min er 79 år!


Far er naturlegvis den flottaste pappaen som tenkjast kan!
Eg har ikkje spurt nokon av desse to om lov til å legge dei ut på verdsveven, - eg leitte lenge etter eit bilete eg tok i fjor inntil det gjekk opp for meg at eg tok det med hans kamera!
- Han liggande i lattermild kvile i trillebåra med ei eplekasse til fotskammel!
Eg nyttar eit bilete der han hjelper til som fruktarbeidar sist haust, - han til venstre er 40 år yngre, - eg glad i han også!

tirsdag 26. januar 2010

God tirsdagsmorgon!

Eit mjukrosa lys over nabohuset, styggeveret Ask ventar i nordvest!

Ein retteleg god dag til ei Nemi-stripe frå bt.no...

Siste måndag i januar - kanskje ferdig i januar

Den blåkvite baksida er under arbeid, snautt med tid mellom jobb, middag, kvile og møter.
Første gong eg nyttar lappesaum til å lage bakside, - limer saman teppet i kveld.
Trur framleis nesten på å verte ferdig!


Wilkipedia om Pålsmesse:
Pålsmesse, etter apostelen Paulus også kalla Pål med bogen og Pål skytter

Boge, sverd og fisk er merke som er nytta på primstaven om Pålsmesse 25.januar.

søndag 24. januar 2010

Kva er ein god januarsøndag

litt meir fri fritid, kanskje -!
Kjensla av å vere nyttig kan vere fin...

Den blåkvite toppen er ferdig, men er endå ikkje presentert for mellomfyll og bakdel, det vert ikkje før tirsdag. Eg har bestemt å vere ferdig med den blåkvite i januar, og på torsdag er det årsmøte i  Luster Quiltelag...

Neste helg vert visst kviltehelg og metervis med lukkekant med handsaum, sikkert ikkje så mykje fri fritid då heller - det får verte februar det!

lørdag 23. januar 2010

Non, mihi ignosce, credo me insequentem esse!

slik kan - "no e d min tur!" - også seiast og skrivast!






Ein god dag for å gjere slikt ein burde ha gjort ei stund, - på kjøkkenet for eksempel!
Elles ein god dag  for å rydde frosen Feiosfrukt ut av uthuset, før epla tinar!
Eg syr blåkvitt og planlegg nye prosjekt.
I pakken frå Desiree kom endå meir frukt og grønt også...

fredag 22. januar 2010

Kode rosa!


No er innsamlingsaksjonen igangsett!

Greitt nok for alle som kjenner meg, - rosa  er IKKJE meg, - det har alltid mangla i klesskapet mitt!
Går ein i djupna av problematikken, så er det to unntak, - ei rosa buksedrakt med kvite jakkeslag i crimpelene og då snakkar vi ca akkurat 1970 og veldig rosa, nesten mot cerise! Nabojenta hadde buksedrakt i same stoffet og buksedrakt er rette ordet!
Eg hugsar at Mor og eg handla stoffet, - hugsar det også som at vi kjøpte det først, - så det kan ikkje vore ynskje om look-a-like nabojenta som var årsaken til fargevalet heller!
Dessutan ei alpelue ca 10 år seinare, sist gong eg nytta den, var på ØNH poliklinikken på Åse sjukehus!
Eg har fleire kubikkmeter stoff, nokre ytterst få har litt og då snakkar vi bittelitt, rosa i seg!
Har kjøpt alle fire sortane Hobbykjellaren hadde, medan dette er handla hjå stofflangaren i Sande i Sunnfjord - Desiree!







torsdag 21. januar 2010

Fridag med symaskina - litt lukke!



Ein av dei gode grunnane til å glede seg over det frivillige prosjektet Wikipedia!
har du nokon gong lurt på korleis ei symaskin verkar? - trykk her!?






Elles er det 6 år sidan Ingrid Alexandra  vart fødd, om du også har utsikt til offentlege flaggstenger frå skrivebordet!

Hadde ikkje tenkt å lage noko royalistisk vinkel på bloggen heller, men sidan eg no har starta med å skrive litt om primstaven - gamle  og nye merkedagar...
Dette friske biletet fann eg på db.no, trur eg, - eit av dei bileta som er offentleggjorde i høve dagen!
Slik ser med andre ord ei norsk prinsesse ut !

onsdag 20. januar 2010

Vi syr i Eldhuset i kveld!

Det har vore ein grusomt masete dag - i staden for å synke saman på sofaen, - kosar vi oss med fint stoff & fine tankar!
Nyttig avrunding!

I dag viser Primstaven at det er Brødremesse
og er merka på primstaven med ei øks eller to piler i kors - vil nok hugse Brødremesse for mangt både nært og fjernt.


Synest Nemi frå bt.no beskriv rette mattheita her!


tirsdag 19. januar 2010

2rvund: "Når ein står med dagen framfor seg, hendar det at kvardagar fortonar seg som kravdagar."

Eg høyrer til dei som har glede av Twitter, der ramma ein må halde seg innanfor er 140 teikn.
Signaturen "2rvund" sørger for små smil i kvardagen eller boblande latter eller ei djup undring...

- denne kom like etterpå i dag:

Plutseleg kom eit lite barn fram frå folkemengda, peika og sa: "Sjå, Keisaren har ikkje knær!" Då såg brått alle kor rart keisaren gjekk.

- som signatur på sida si har han : - "ikkje la optimistane ta knekken på deg".


Det blåkvite teppet mitt har vakse litt i dag også. No er det sein ettermiddag, og på tide å gå på jobb!

mandag 18. januar 2010

På veg til broderte namnedukar i Øvre, men tankane er hjå kollegaer på Fagernes!

Når mediekvardagen vert for stor, - er det greitt med eit spøt mellom fingrane eller nokre fine stoffbitar ein kan stryke handa over...


og det er naturleg å tenkje uttrykk slike dagar - broderi på ein ny måte....



Vi fann fram til salen der Årdal husflidslag hadde invitert husflidskonsulenten Synøve E. Vadøy til å snakke om namnedukar.
Ho starta med nyttige attendeblikk frå år 850 - det er funne bitar eller fragment av namneduk i Sentral - Asia.
På den tida hadde Hishams palass med anlegg for varmevatn forlengst ramla saman av eit jordskjelv i Jeriko og kjøpstaden på Børkjo hadde også beviseleg halde på ei stund.

Ho viste materiale som Prosjektgruppa i broderi - 2009 har funne fram ( Husflidskonsulentane Anna Halsne, Annie Eikenes og Synøve E. Vadøy).
Dei har laga 4 hefte med broderitips - " sting i tiden" - Mangfold i roser, Fri som fuglen, Løse lommer og Bokstavelig talt,  desse kan lastast ned her: Sting i tiden - frå Prosjektgruppa i broderi 2009- Norges husflidslag.


Ein fin gjennomgang av historikk via Europa og Bergen og symbolikk bokstavar og tal, mønsterbordar og livets tre, englar, bygningar og blomstervasar...

Ein skulle ha brodert meir...


Eit viktig poeng frå Synøve er dei små broderiprosjekta som kan få barn og unge i gang med å brodere -.
Ein treng ikkje starte med namneduk, - men ein kan vere midt i livet og glede seg over ferdiggjering av eit lite prosjekt også! Det var med litt prosjektarbeid heimatt til Øyri også...

3 hadde teke med seg eksemplar av namnedukar, og andre fortalde om namnedukar dei hadde laga eller fått.


Eit godt husflidsmøtepunkt!


På veggen hang eit prosjektarbeid som 8.klasse i 2008/2009 hadde laga i Kunst og handverksfaget.
Elevane hadde måla kvar sine tja ca 15x15 cm utsnitt frå ein tur på Øyri og stavkyrkja på Borgund.
Desse var montert på ei stor svart plate.
Trappa og gatedøra vår, er tredje bilete frå høgre i andre rekkje!

Bilete kjem nok etterkvart...

søndag 17. januar 2010

Lyserosa søndagsmorgon

Skyene er lyserosa - naboen sin gråmålte vegg har eit mjukt lyserosa slør...

Vinden roa seg i løpet av natta, så det vart betre svevn enn eg rekna med ved leggetid!
Teglaset er ferdig oppdrukke, det blåkviteteppet ventar på øverste loftet - ein god sydag!


Jaudå det er vart ein god sydag, det lyserosa lyset forsvann fort på føremiddagen...
No snart middag og så er det jobb til midnatt.

Har endra på planane for teppet, gjer dei fem panela litt lengre - slik at heile teppet vert 9-ar ruter og lysekvite kvadrat.

Kanskje det vert eit teppe til den senga det vart testa på, -!

På primstaven vert dagen kalla Antonsmesse

og primstavmerka for dagen er ein gris eller eit kors.













lørdag 16. januar 2010

Det bles stundom heftig og det er kaldt - trass i at mildveret er kome!

Det er arbeidshelg, - er forlengst ferdig med både arbeidsdag og middag- !

Dersom eg skal verte ferdig med teppet av dei blåkvite9ar-rutene mine i januar, så må eg nok sy litt i dag også...

I morgon vil eg nytte dagslyset til bilete, - vert nok ikkje like bloggefine som Miranne sine. Eg trur ikkje eg skal bale med å seie at ho har så mykje betre kamera og ny linse!
Eg trur vel om det blåkvite teppet som har vore i arbeid ei stund. Eg trur det er på tide med minst ei ferdiggjering i månaden av ymist i  "dette har vore i arbeid lenge"- lageret mitt.

Ein vert sliten av å vakne mange gangar om natta av sterke vindroser som riv og slit av gammal vane i gamle
hus. Ei lita middagskvild hadde nok gjort godt!

fredag 15. januar 2010

Ein frifredag i januar.

Ein fredeleg fredag, det skal saumast og haldast helg!

Dei blå 9ar-rutene skal gjerast ferdig til eit stort teppe i januar, - så enkelt er det å planlegge!

torsdag 14. januar 2010

Endeleg "mildver" !














Ein god sykveld på Eldhuset, -og naturlegvis er det ikkje mengda av produserte 4er- ruter det er snakk om, Det er delte øyeblikk om gleder og sorger, - ein god kaffikopp og ein sjokoladebit, - avtalar og avklaringar,
det er gode og konstruktive idear og løysingar for ei årsmøtehelg i mars!
Det er deling av informasjon om husflidsmøtepunkt i Øvre på måndagskvelden, og på museet i februar!
Det er så mangt, det kan skiftast ord om.
Det har vorte betydeleg varmare, det gjer godt - ein ser litt lysare på mangt då!

Primstaven - merket for dagen eit tjukkgreina tre eller ein bispestav. - iflg monet.no

onsdag 13. januar 2010

Tjuandedag og gamle nyårsdag

Vi har både rydda og vaska i dag, og dei to nissane i spisestovevinduet er tekne ned!
Det er ein god dag å pakke saman julekrybba frå Betlehem - og la andre ting få attende plassen sin.

Meldingane og bileta frå Haiti er vonde, - dei har sanneleg mykje å ta tak i!

Tjuendedagen, Knutsdag, avfaredag, gamle nyttårsdag
Fra gammelt av blei det rekna tolv juledagar.
Helligtrekongarsdag, 6. januar, skulle jula være slutt og juleølet skulle være drukke. 6. Januar er eigentleg tolvte juledag, men vart kalla Trettendedagen Gamle juledagen. Årsaken til dette var innføring av den gregorianske kalenderen i år 1700. Da vart tolv dagar fjerna i kalenderen, slik at den gamle 1. juledag fall på 6.januar.
Tjuendedagen vart omtala allereie i midten på 1200-tallet som gisladag. I ein runekalendar frå 1328 vert dagen omtala som atundi dagr. På noen stedar vart jula jaga ut med bjørkeris. Ein gjekk frå rom til rom og slo med riset i kvarr krok og jula vart til slutt jaga ut gjennom døra. Tjuande dag jul var den absolutt siste dagen for eit etterjulsgilde med dei siste restane av julemat og -drikke. På Primstaven er merket m.a. ein feiekost og eit drikkehorn som var snudd på hovudet for denne dagen. Feiekosten var til å feie ut jula og det oppnedvendte drikkehornet viser at juleølet skulle vere oppdrukke.


De ivrigaste juleentusiastane heldt jul heilt til Kyndelsmess 3.Februar og sa:
Kyndelsmesse Knut - Dreg jula ut!
(wikipedia)

tirsdag 12. januar 2010

Endå ein møtedag - hadde ikkje tenkt å vente til torsdag før eg sydde meir!













Midtvinterdag, hökunótt


Midtvinterdagen (også kalla juleblot, midtvinterblot, jól, torreblot og hökunótt) var opprinnelig ein hedensk offerfest som fant stad ved første fullmåne etter første nymåne etter vintersolverv, altså 28 dager etter vintersolverv. Midtvinterdagen er halvveis mellom første vinterdag og første sommerdag.
Dei norrøne forfedrene feira Jul på midtvinterdagen, når vinteren var på det kaldaste og altså ikkje ved vintersolverv.


Dagen vart rekna som ein dei 32 farlige dagane i året! Det var svært viktig å først kle på seg på høgre side denne morgenen, - det ville bringe lukke,  og ulukke dersom ein byrja å kle seg på venstre side.
Det er ingen kyrkjelege tradisjonar knytt til denne dagen, bortsett fra at dagen vert rekna som minnedag for benediktinermunken Reinhold. (wikipedia)




Reinhold som døydde i 960. Han var benediktinermunk ved eit kloster i Köln. Han var sett til å halde oppsyn med eit kyrkjebygg. Han meinte at arbeidet gikk for seint og tok han sjølv eit tak for å få opp tempoet. Det kosta han livet. Arbeidarane knuste hovudet hans og kastet han i Rhinen. Merket er ein snøkrystall  (monet.no)

mandag 11. januar 2010

Har aldri hatt likt teikneseriar noko særleg, men -






eg og Nemi forstår kvarandre!




Eg har eit rosa problem, - kor mykje rosa må det vere i eit teppe for at det skal opplevast som rosa...


Primstaven:
Brettemesse, også kalla Brettesmesse, Brettifumesse, Brittifumesse, Brictiva virgo, Brigida virgo eller Brettiva virgo - er ein norsk merkedag som vart feira 11. januar til minne om den keltiske helgenen Brictiva (Brettifa) som ble henrettet med øks. I Norge var det tradisjon for at restene av julematen skulle brettes (dvs brekkes) i biter, kokes i gryte og spises denne dagen sammen med resten av juleølet.

Vi åt nesten alle restane av kransekakestenger - men dei vart ikkje kokt i gryte og utan juleøl!
Dagen var værtegn for mars og april. Slik været var på formiddagen 11. januar skulle været bli i mars og slik være var på ettermiddagen 11. januar skulle været bli i april.
Dette skulle bety at enten vert det veldig kaldt eller så vert det finever, eller begge deler...
Ifølge gammel overtro kunne ting lett gå i stykker denne dagen. Ein skulle ikkje køyre med hest, ellers kunne den brekke beinet.
(Wikipedia)
BRETTESMESSE. Opprinnelig Sta. Brictiva messe. "Brette" er her brukt i tydinga å dele opp (brekke) noko i småbitar. Denne dagen skal ein ikke kjøre hest. Alle matrestane frå jula skal brytast og leggast i gryta. Merket er ein hest, ei øks, eit kors eller eit flagg.
(monet.no)

søndag 10. januar 2010

"No skin det sol i høgste Svealia..." - ,det er for kaldt til å tru på vår...

elles rette dagen for religiøse tankar:









som elles er Nemi lånt frå bt.no -!

er uroa over urolege meldingar frå Midt-Austen -

aljazeera med meldingar om at amerikanarane røyve på seg


Det var kaffivatn i springen i dag - godt det!