fredag 19. februar 2010

Ny dag - nye mogelegheiter på Rørosmartnan!

Vi var klar til nye dyster, om enn ikkje klare til opningstid i dag, berre litt mjuk start!
Også i dag har eg gått forbi kyr utan å handle, - kanskje eg har vorte meir kresen med storfehandelen min?

Det har vorte betydeleg kaldare i løpet av dagen, det kjennest - stoveomnen durar og vi gjer vårt til å gjere verda vår på Tamneset litt varmare...

I dag var det betydeleg fleire i Rørosgatene, - og i morgon vert det etter alle solemerker endå fleire - no når vinterferien i Trøndelag og Austlandet har starta!

Vi har fått handla spekepølsene våre hjå vår faste leverandør på Lærdalsmarknaden.

I morgon skal stoffbutikken vitjast, den ligg litt unna sentrumskjerna,. Det vert i spaseravstand kanskje,  - men det kan lett verte tung bør attende til parkeringsplassen vår ved Fagmøbler og Toyota - det er nødvendig med parkeringsreguleringar på slike plassar - slike dagar...
I dag har vi vore litt meir marknadsselgarar - det er nok nødvendig med eit hakk varmare fottøy når ein skal stå såpass mykje. Det var godt å gå på Menighetshuset - og ha ein fredeleg suppelunsj...

Vi åt god middag på Milano, - forbausande rask og god service - stort trøkk, men det såg ikkje ut til å gjere noko anna enn godt for sørvisen!

- og no fortel radioen at det 102.norske OL-gull er klart Aksel Lund Svindal...!

Det vert nok feira med testing av resten av variantane av Rørosisen seinare i kveld - eller kanskje isetinga vert utsett til i morgon når vi igjen er fulltallige...

- og no fekk Marit Bjørgen norsk OL-gull nummer 103!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar