mandag 4. april 2011

#12 - ooooops her er det store dobbeltrom også!

Vart ei natt ekstra i by'n!
Det er så mange måtar å sjå utvikling på, - i dag har eg eit rom som må reknast som tilpassing til nye krav eller ynskje frå pasientane - og eg har dobbeltrommet heilt åleine!
Store gode rom som viser at ein har planlagd for langtidspasientar -  to sengar -
( 4 sengar kunne godt ha vore plassert her! )
Begge med godstol ved kvar sine vindu, der ein kan nytte pasientterminalen som denne på Ullevål - den kan også nyttast i senga...
Universell utforming, - god plass til rullestol, også på badet.
Manglande toalettpapirholdar og plassering av toalettbørste er einaste festlege element, - det må vere ein grunn til løysinga...
Dessutan safe og kjøleskap - god plass til baggasje og luft, mykje luft...
Svale gode fargar i grått, blått og bjørkefiner.. tilogmed sengetøyet har strekteikning av blomar i rette svale gråblå nyansen....

Innrømmer enkelt at eg håpar eg ikkje får bruk for slike rom, - men det er deilig å få høve til å bu her for ei natt!

Har fått siste CG-kuren og fjerna det som fungerte som kompress i nasen i dag!
3 timar køyretur heim vert rekna som langt her,
for å spare snarleg tur-retur freista dei i dag å ordne med time hjå spesialist på operasjonen som vert utsett frå ein dato like før påske til etter påske. Det let seg ikkje ordne, så eg nyt livet og får ein time i morgon føremiddag i staden.

Etterskrift - ei god natt utan smertestillande medisin utan å vere vaken - ein lang god dusj og så inn på kaféen etter Biola og te til morgonnyhenda på skjemen på rommet og så lang frukost i kaféen etterpå....
No har kafédama vore innom på rommet med oppskore frukt, juicar,vaniljesaus og yoghurtar - før ho serverer fiskesuppe til lønsj - kirurgtimen vart  i totida - så vi har det godt, medan vi ventar...
Regnet er kome -  vi synest det er greitt å vere inne!


Parkbygget - verandaen i øverste vindusrekkje høyrer til kafeen på kreftavdelinga - ytterst i venstre for den, er det første av vindua på #12.




Utsikta frå rommet mot Gamle hovedbygning og Fløien i det fjerne...





 

Kven har vel ikkje gjort umogelege forsøk på å få plass til baggasjen når ein har vore innlagd på sjukehus.  Alt dette var "mitt" - tilsvarande skåp med kjøleskåp, safe, hyller og opphengsplass på hi sida av rommet...
Her heng dessutan hatt og jakke på ein veggkrok - lett tilgjengeleg...


Persienner og rullegardiner dekkjer utsikta når ein treng det!
Godstolen med bord
Pasientterminalen med tv/radio/telefon/avislenkjer - verdsvev og sjukehusinfo






Dusjforhenget går heilt inntil høgresida av kassa som toalettet er festa til -
toalettkosten heng difor inne i dusjen!

lørdag 2. april 2011

Rapport frå #524










Sit i senga - har drukke avkjølt kaffi og te - for helbreds skuld skal eg ikkje ha noko heitt i dag - og gler meg over at det meste er greitt!
Operasjonen var vellukka - bør vere det når to overlegar styrer på - den eine var kanskje med berre for å sjå... Vevsprøver er henta ut - og eg er glad for at dei ikkje berre sette i gang stråling av "flekken bak øyra".
Tumoren er innom den bakarste bihula på høgre side - i den same bihola er det også ein del viktige faktorar for synet - det var greitt å kunne bekrefte til overlegen då han kom innom på overvåkninga, at eg såg han med begge augo!
No har eg altså utvida bihuler på høgre side - og smerter som ei bihulebetennelse og øyrebetennelse - men slikt finst det smertestillande for...

Har einerom - det er litt veldig greitt...

Etterskrift - har hatt doktorvisitt - "du er klar over kor langt inni haude ditt dei hæ vør?"  - pussig når slikt vert sagt av sunnmøringar...

torsdag 31. mars 2011

Lang dags ferd

Vaken klokka 5, og skal stå opp klokka 5 i morgon også - oppmøte klokka 0600 på ØNHsengeavdelinga - det er hardt å vere pasient...
Har fått melding om at eg ikkje er vaken og klar etter operasjonen før langt utpå dagen...
Det har vore ein lang dag med mykje venting mellom prøver og ny runde CT.

Ein liten tur med Bystudenten på YR i Marken - dei har ikkje lenger frityrsteikt Smilsjokolade, men framleis gooode dessertar!

Har funne ut at eg likegodt kan vise til Årdal husflidslag om Smøyg med Siri på museet i gårkveld - Miranne skriv betre det eg ville ha skrive og tek betre bilde enn meg uansett - vel vert å lese er også innlegget "puls"  av i dag også!

onsdag 30. mars 2011

Treng ein vårdrage - for å fjerne restar av vinter og gufs!

















Kjenner det langt inni sjela at eg treng ein slik - er den ikkje nydeleg?
Eg fann denne Spring Dragon på bloggen Nuperelle, sjå i høgremenyen!
Det er kaldt ute og blå himmel, så restane av snø og is held stand
- men om to - 2- dagar skin sola på huset vårt!

Gjer meg klar for Haukeland hotell i morgon - det vert nok ikkje like morosamt å møte ØNH-legen på fredag som førre fredag - sidan denne gongen er med narkose.
Sist helg hadde eg litt plager etter at han hadde grisla litt - denne helga vert det nok verre - Bystudenten og Trønderinna får nok ikkje kaffibesøk av meg - kan håpe på vitjing av dei i istaden for!

Vi vert fleire som fer på  handarbeidskafé på De Heibergske samlinger på Kaupangerskogen i kveld for å høyre meir om smøyg - som sogningar lenge har nytta som dekor - eg gler meg!
Det er alltid så triveleg og givandes der, i tillegg til gode føredrag, flinke forteljarar og kunnige informantar og høve til å sjå ting på nært hald, er det alltid god kaffi og kaker. - Som så ofte før, har dei laga til ein materialpakke som ein kan kjøpe, om ein har lyst å prøve!

Årdølene har visst tenkt seg ein tur også - her er ei lenkje til Årdal husflidslag si vevside og Miranne sin saum!

mandag 28. mars 2011

Smyg inn SMØYG på museet onsdag før ØNH på torsdag!

Skal til Bergen tidleg torsdagsmorgon for å gjere klart til å opne opp i nase/bihuleregionen, slik at det vert mogeleg å ta vevsprøve av "flekken bak øyra" -
og ny cellegiftkur på måndag -

før den tid satsar eg på å kunne reise på De Heibergske samlingar på onsdagskvelden! -
Siri Benjaminsen frå Sogn Bunadnettverk viser og fortel og lærer vekk teknikken

Dette er det ho fortel i meldinga som er sendt ut:

Ny handarbeidskafé på museet

Onsdag 30 mars kl 1900 vert det ny handarbeidskafé på De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum i samarbeid med Sogn Bunadnettverk. Temaet denne gongen er smøyg som er ein eldgamal saum- og dekorteknikk.


Smøyg, og kalla vevsaum eller glitt, er brukt på fleire tekstil ein kan finne i museet sine samlingar, til dømes på dåpstøy og bringeduk. Saumteknikken finn ein oftast på klede/tekstil med seremoniell funksjon. Middelaldertekstilet Huldreduken frå Årdal har smøygsaum. I nokre tekstil er smøyg kombinert med andre sting t.d holbeinsting. Det kan ein finne på dåpstøy frå Sogn.


På handarbeidskafeen vil Siri Benjaminsen frå Sogn Bunadnettverk gi ei innføring i smøygsaumen. Det vert teke fram tekstil med smøyg frå museet sine samlingar. Det er til møtet laga ei materialpakke i smøygteknikk som ein kan kjøpa for å øva seg på saumen.


I tillegg vert det utlodding, museumsbutikken er open og i kafeen vert det servert kaffe, te og kaker. Det er gratis inngang og alle er velkomne. Ta gjerne med handarbeid.


Håpar mange av dykk har høve til å møte !
Med venleg helsing
Sogn Bunadnettverk
v/Siri

Neste søndag 3. april er Jorunn søndagsskulelærar på Eldhuset - ho er på Eldhuset førskomande torsdag 31.mars for å fortelje meir!  

Må berre dele dette utstillingsbiletet frå BlockLotto, tenk sååååå mange kviltar!!!

fredag 25. mars 2011

Fredagskveld i heimen!










Klokka 2 i dag, var alt klart for stråling frå komande måndag.
I tretida derimot,-  hadde den andre varianten av framgangsmåte som har vore drøfta parallelt, der iallefall røntgenlege, øre-nese-hals lege og kreftlege har vore innblanda - avlyst stråling frå komande måndag.
Det betyr at dei ikkje strålar før dei har gjort eit endå sterkare forsøk på å nå flekken bak øyra...
Røntgenlegen er den som fann ut korleis det kunne gjerast, - alternativt fann vegen...
ØNH-legen gjorde eit forsøk på å nå aller bakerste bihule for å få tatt ei celleprøve i dag med lokalbedøvelse - det let seg ikkje gjere. Det må ryddast veg for celleprøvetaking via nasen -  kreftlegen meiner det er verdt forsøket, - så då vert det operasjon.
Berre to av haukelandslegane hadde gjort det før. Dei hadde egentleg andre planar neste veke og det var å foretrekke at det var gjort av kyndige folk, sa kreftlegen...

- det einaste eg veit no, er at det ikkje vert stråling neste veke, - men veit likevel uendeleg mykje meir både fordi dei var flinke å kommunisere, - også på det dei ikkje veit!

Godt å vere heime!

- og i morgon skal eg nytte den Nemi-stripa frå bt.no som kom dagen etter den eg har nytta i dag!

torsdag 24. mars 2011

Haukeland hotell istaden for det vanlege Vognstølen hotell

- er svært greitt alternativ til vanleg innlegging på Kreftavdelinga!
Men hjå Kari i Vognstølen har vi tilbod om veranda óg - slikt set vi naturlegvis pris på!
Fordelen med å ikkje vere avdelingspasient er at ingen bryr seg om ein har permisjon frå sjukehuslivet -
vi har tilogmed vore i Stølegata i kveld, og feira Ingrid sin dag på førehand.

Vart henta av portør på Kreftavdelinga i ettermiddag - ho leitte etter rullestol som ho kunne frakte meg i - "det er jo langt å gå til røntgenavdelinga!"... , men eg går framleis for eiga maskin! CT'en unnagjort i ettermiddag.

Dette var etter at den søte unge legen freista forsøke forklare,- utan heilt å vite korleis det egentleg fungerer å ta biopsi av "det" bak øyra, gjennom nasen - men dette skjer altså i morgon!

onsdag 23. mars 2011

Må regnet som skal lage vår, - vere så vått?











I morgon vert eg lagt inn på Kreftavdelinga på Haukeland, - dei skal jakte på spreiing først, og så stråle meg bak øyra.
Ikkje heilt greitt akkurat, - men det er nok HelseFørde for ei stund!
Det betyr ikkje at eg skal ligge på Kreftavdelinga, - men det er slik dei gjer det i By'n. Hotell til oss sunne og friske som har større glede av å ligge på eit rom åleine, - enn å ha pleiarar tilgjengeleg berre med å trekke i snora!

Det renn heftig med vatn ned i snøen for tida - den vetle elva som knuste ein heim i Balestrand og laga vanskar for den allerbeste isfabrikken i Feios,
det er ikkje gode dagar for offentleg eller privat kommunikasjon, slike dagar!
I vakre Eimhjellen hjå naboane til tante og onkel der det regnar mest i fylket, har det regna rekordmengder som 144,8 mm. I Lærdal har det regna fryktelege 24,9 mm på eit døgn. Dersom nokon skulle ha noko meining om at det ikkje er mykje i Lærdal må eg minne om at her er årssnittet under 500 mm - så det skulle vere 5% av all nedbør på eit år kom på eitt døgn!

Snøen og isen her på flate Øyri fer fort no, - eg lengtar veldig etter skikkeleg Lærdalsvår...
Ser at det er rikeleg med rusk i blomsterbedet på gatesida, hjå oss også. Eg trur eg ventar litt til før eg ryddar - det vert vel fleire frostnetter etter dette - dei første grøne spirane kan vel framleis trenge litt vern.

Samferdsleutvalet i fylket som skulle ha møttest på Skei, nytta videokonferanse på Fylkeshuset og i dei kulturelle fylkeskommunale kontora i Førde - det ser ut som om det å bruke Skype eller videokonferanseutstyr bør inn i den allmenne administrasjon- og politikaropplæringa knytt til fylkesmannens beredskapsplanlegging.

I ein del samanhengar i det siste har det barnevernet vore nemnt som ein årsak til at ein bør ha større kommunar - det kan sjå ut som om det kan gjelde Leikanger også!
Bruken og ombygginga av Fylkesmannsgarden har ikkje gått knirkefritt,- og no er den gamle almen fjerna også!

Slik såg det ut tidlegare i vinter,
no lligg restane av ein vinter igjen,  inkludert mykje strøsand og -grus og det søppelet som ikkje bles forbi...
- og som vanleg Nemi frå bt.no!




torsdag 17. mars 2011

- det viktige er korleis ein tek det... -










Dei laga maske til meg i CT-simulatoren på Haukeland i gårmorgon - den skal sørge for at "eg held maska" og ligg heilt nøyaktig korrekt og fredeleg lenge nok, til at dei er sikre på å treffe rett punkt - når eg skal strålast "bak øyra".
Eg har ei dryg veke på å bu meg til omtrent ti stråledosar, fordelt på måndag- fredag i 2 veker...

Stråleterapeuten hadde naturlegvis ikkje noko informasjon om det endrar på tidspunkt for operasjonen - men det er vel å gå ut frå at "dei" meiner eg har fått nok cellegift...
Han skreiv opp at eg ynskjer å møte legen som har sørga for at eg skal strålebehandlast ved neste høve om ei vekes tid...
Eg kjenner meg litt i vakum mellom informantar - Førde kunne ha informert - og Haukeland forventar eg er meir informert eller så er dei ikkje så gode på det, - dei heller. Papira til stråleterapeuten fortalde nemleg at eg var innlagd på Haukeland. Stråleterapeuten hadde etterlyst meg på avdelinga og var ikkje klar over at eg sat ute i ekspedisjonen i atriet, åt medbragt frukost og freista koble meg på gjestenettet til Haukeland...
I det han såg meg, skjøna han at eg truleg var i god nok form til å bu på hotellet ved sjukehuset under strålebehandlinga også.
Eg hadde meldt meg i ekspedisjonen før klokka 8, så dei visste eg var der...

Vi køyrde klokka 4 i gårmorgon, hadde medbragt matpakke og iskaffi i fall vi trong ei pause for å halde oss vakne.
Møtte Bystudenten og Gudmora hans til pannekaker på Pygmalion. Viktig med slike gode møter med god kos og lått!
Vi handla litt glasvarer på ein gjenbruksbutikk. Handla naturlegvis også i Quiltehuset i Marken, dei skal ha symøte kvar onsdag frå 11.30 til 13.30 og på kveldstid iflg sida deira - noko som brått vart aktuelt...
Kvelden i førevegen var vi på Bedehuset på Øyri, åt stor kveldsmatbuffet og sa "på gjensyn" til Wiam og Aesha saman med andre jerikovener. Bedehuset er eit avvigsla nyoppussa og triveleg møtelokale som har gått attende/seld til familien som eingong gav tomta til huset, sidan det ikkje lenger var ordinær bedehusdrift i bygget. Lokalet var pynta med tekstilar som er gjevne til Lærdal kommune frå Jeriko kommune gjennom dei siste 14 åra.
Ein fin kveld!

Nemi er som vanleg lånt frå bt.no - denne var frå 11.mars.

mandag 14. mars 2011

Stråleterapiavsnittet - ikkje eit godt ord.

Fekk telefon i ettermiddag om å kome på Haukeland hotell i morgon, for å vere klar 8.30 onsdag.
Starta dagen med å lage frukost til to jerikanarar, den eine av dei laga arabisk kaffi til oss tre.
Kaffien vart handla hjå kaffihandlaren borti gata frå rådhuset i Jeriko.
Smaken av, - og erindringane om Jeriko har prega dagen.
Brukar energien frå det gode, til å dempe uro kring det ukjente.
Det gjer godt!

søndag 13. mars 2011

Vekebladet Familien har vore på Øyri!

I Familien nummer 6 som kjem ut i morgon 14.mars, er det ein artikkel som beskriv ein sommartur i fjor frå Indre Sogn til Jølster. Naturlegvis er det mangt som kan endre seg frå ein sommar til neste.

Av dei nye faktorane i år er Sogn kunstsenter  - eit tilbygg til Lærdal kulturhus og Norsk villakssenter teikna av arkitektkontoret brethdelacalle ,- vår eigen avdeling av Sogn og Fjordane Kunstmuseum -bla fram til side 17 av 21 den fortel at:

Astrup Fearnley Museet for Moderne kunst presenterer følgande opningsutstilling frå 3.juni:  Norske maleri 1970-2010 – Fra Bleken til Melgaard

Elles i "Familien"; - ein fin Lappeskole del 1 av 6, 21 blokker og mange ulike teknikkar skal gjennomgåast i dei neste utgåvene av bladet - dessutan snarvegar, lure tips og montering.
Endå ein grunn til å planlegge eit nytt teppe i vår!

onsdag 9. mars 2011

Kvinnedagen 1881 på Bedehuset!

















Lilly Kvamme, nestleiar EL&ITforbundet Klubb Opplysningen på talarstolen i Bedehuset på Lærdalsøyri!

Porten sin artikkel om arrangementet

Sogn avis om arrangementet
NrkSfj sin artikkel om venting på styrevedtaket 10.03.2011



Slik skriv initiativtakar Bente Øien Hauge det på fjesboksida Kvinnedagen 1881:
"BAKGRUNNEN FOR AT 8. MARS I ÅR ER EIT SOLIDARITETSARRANGEMENT FOR 1881:

Som kjent er det risiko for at 21 tilsette ved Opplysningen 1881 i Lærdal kan miste jobben. Den endelege avgjerda vert teken i eit styremøte som skal haldast i Oslo berre to dagar etter kvinnedagen 8. mars. (Styremøtet skulle fyrst vore på sjølve 8. mars, men er no utsett.) Sjølv om me håpar på eit positivt resultat, må ein bu seg på nedskjering.

Opplysningen 1881 er viktig for heile Lærdal og har heilt sidan Telegrafen si tid vore ein viktig kvinnearbeidsplass og kompetansearbeidsplass. Styrevedtaket 10. mars kan i verste fall bli eit hardt slag for avdelinga og for det som i dag er ein god arbeidsplass for kvinner og menn frå heile Indre Sogn.

Denne avgjerda berører oss alle! Og det blir heilt feil at dei tilsette skal møte denne situasjonen aleine. Kvinnedagen er eit ideelt høve til å gje dei handa og syne solidaritet med kampen for arbeidsplassane på 1881 avdeling Lærdal.

For kamp blir det, om fleirtalet i styret vedtek oppseiingar i Lærdal! Og dei tillitsvalde har gode argument for å kjempe mot avgjerda; det er ikkje lovleg å seie opp fast tilsette når ein samstundes nyttar vikarbyrå og midlertidig bemanning på tilsvarande stillingar i samme verksemd."

Arrangementet Kvinnedagen 1881 hadde i tillegg til orienteringa frå Lilly, fine appellar av Anne-Elin Tunsberg - plasstillitsvald EL&ITforbundet og Bjørn Skalle plasstillitsvald Negotia

Fine solidaritetsappellar frå Jan Steinar Hole frå Fagforbundet, Ingrid Kristina Rio frå Utdanningsforbundet, Anne Karin Kvamme frå NITO, Helge Evensen Bjørkum frå Ungdomsrådet og Per Steinar Kvamme frå Handelsgruppa.

Elisabeth Stewart Søvik song vakkert for oss og gav oss også god lått og skotske innspel.
Magne Grøttebø akkompagnerte Elisabeth, men sang også vakkert for oss.

Sissel Randi Lysne les gode dikt frå diktsamlinga Fetang av Kari Bakke.

Ingebjørg Voll og Bente Øien Hauge var programleiarar og organisatorar.
Kvammes hadde levert smakfull Solidaritetssuppe og brød.
Eit breitt utval av gode opplysningskaker var levert til kaffien!
Vi gjekk heim med ei oppløfta stemning frå Bedehuset!

tirsdag 8. mars 2011

Museumsseminar om huldreduken i Ve og Kvinnedagen 1881
















Neste veke er det seminar på museet på Kaupanger - De Heibergske Samlinger
her er programsidene for Seminar om folkemedisin, magi og klarsyn

Eg skulle gjerne også ha vore der når Siri Benjamninsen på torsdagen fortel om
Huldreduken i Ve. "Segna, duken og rekonstruksjonsarbeidet"

Det er travle dagar for tida,- men vi får tru at vi i Lærdal får lage eit arrangement med Siri slik at vi får sjå kva årdølene broderte for 700 år sidan, vi også! Førre lenkje var frå Nrk sitt Fylkesleksikon - her er Porten sin artikkel frå ein Dialekt- og stadnamnkafeen i ungdomshuset i Øvre Årdal..

Påmeldingsfristen til seminaret er utsett til morgon 9.3.:
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum,
Vestreim,
6854 Kaupanger
Telefon: 57 67 82 06
Telefaks: 57 67 85 11

Vi er i rute til arrangementet i Bedehuset i kveld klokka 20.00
Kulturinnslag og appellar
Solidaritetssuppe og opplysningskaker!



 

lørdag 5. mars 2011

Taktskifte og fokusendring!

Fekk nestsiste cellegiftkur sist tysdag -
atter ein gong fekk eg meldinga om at eg hadde bemerkelsesvis lite plager av den sterke cellegiftcoctailen...

Hadde ein koseleg ettermiddag og skulle avrunde byturen med ein tur på iskafe - og fekk eit epileptisk anfall der! Den kafetilsette fann ikkje puls, så eg fekk ein omgang med hjartekompresjon - så eg stryk meg mjukt over brystbeinet - det er sårt der,- men eg er glad for at det finst slike som tek ansvar!

3 dagar på sjukehus med MR, CT, EEG osv og fekk som førebels resultat fredag ettermiddag at eg har ei endring på skallen bak øyra - så no er eg overført til by'n for dei store undersøkingane der, - og siste cellegiftkur er truleg avlyst.

Eg veit akkurat så lite om kva dei har funne - så eg plukkar opp litt god energi denne helga heime til å møte Haukeland med i vekene som kjem.

onsdag 23. februar 2011

Basarteppe utan lukkekant

også denne gongen nytta eg Mysa dyne frå Ikea - og laga eit tjukt teppe -
neste teppe vil eg nytte ein tynnare versjon!


tirsdag 22. februar 2011

Bittelita pause i kviltinga av det raude teppet!


Denne kua måtte eg berre dele - eg greidde ikkje berre å legge ved lenkja til Mycdesign. Her er lerret og ku sameina, - berre av den grunn burde eg ha vore kjøpar! Mengda av kyr har auka mykje sidan siste fotografering til Kuregisteret -!

Har nokre saumar igjen på det raude, - du oppe på Ljøsne som etterlyste bilde, - det kjem i løpet av dagen!

- og Porten melder at aordølene snart er klare for sitt eige Politkk og musikk arrangement - eg satsar på at eg toler CGkuren godt  på tirsdag - for dette skal eg få med meg på onsdag 2. mars! Grunna 3 netters sjukehusovernatting i Førde - fekk eg ikkje med meg arrangementet i Øvre - her beskrive av Porten og Sogn avis .

tirsdag 15. februar 2011

Kviltateppe for Frilund















I dag skal eg sy heilt ferdig toppen til "det raude teppet".
Eg har tinga hjelp til å få strekt ut og limt det raude teppe eg har hatt på gang kortast tid, - då må eg vere heilt klar når hjelpa melder seg!

Han hin kom heim frå eit møte i går, der framtida til ungdomshuset Frilund vart drøfta. Vert det noko arrangement eller utlodning allereie i påska, så må eg ha levert det eg har sagt i årevis - eg kunne lage eit teppe for å få nye gardiner i storsalen...
Sidan eg vert operert før påske - og ikkje veit kor lang tid det tek før eg kan gjere slikt igjen - er det best å få kvilta teppet no. Det er ikkje sikkert dei vil ha teppet,- i såfall reknar eg med at einkvan organisasjonen treng noko til si utlodning.

Nye gardiner er nok ikkje DET som har høgaste prioritet - men eg har tenkt å gjere min del av avtalen, - med meg sjølv!

Fann denne historia frå 1933 på Digitalt fortalt då eg søkte etter meir informasjon på verdsveven. Frilund er teikna av arkitekten Johan Lindstrøm i nyklassisistisk stil. Bildet er henta frå GLG sine bilde på Flickr - Fleire Flickrbilde frå Øyri.

Elles er det ikkje grenser kva ein kan lære på økologiske skular i nærleiken - Kurs i argentisk tango er naturlegvis eit tilbod som vert gjeve i mars på hi sida av Lærdalstunellen på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

søndag 13. februar 2011

Morskap på morsdag





Eg fann den på Solveig si side og boblelatteren kjem kvar gong eg ser videosnutten - eg har naturlegvis nytta den i fleire sosiale media - FB, Twitter og på bloggen - på slik ein dag!
Det er kaldt og vi fyrer godt med fruktved i omnen!
Vi er heldige og har vorte invitert på søndagsmiddag litt lengre nede i gata!
Etterpå vert det Politikk og musikk på storstova på Lærdalsøyri skule klokka 19, berre fordi vi synest det er viktig å vise at sjukehus er viktig!
Har venta lenge på ei lenkje til eit eller anna medieorgan som også var på den stunda i Storstova...
- som representant for dei gode kreftene må eg vise til jostedølene Oddmund L. Hoel og Kine Svori!
- og for dei som ikkje rakk det - det vert eit "tilsvarande" arrangement i Øvre 2.mars!
Endeleg på onsdag kom Porten med noko frå arrangementet!

lørdag 12. februar 2011

På tide med litt rørsle - men ikkje ute i -15...

I går sov eg, - det må ha vore bortimot 20 av 24 timar... - og hadde vondt i heile kroppen i går kveld - fordi eg ganske enkelt ikkje hadde vore i rørsle.
CG og denslags, gjer slikt med kroppen.
All anna uro i verda vår, både den nære og fjerne, gjer det nok ikkje enklare...
- men eg er ikkje klar for spasertur i kulden - det er meir kos under eit kviltateppe!
Eg får sørge for å vere i jamn rørsle, sånn at eg er klar til å gå på konsert for sjukehuset vårt i morgonkveld.
Startar med ein tur på syrommet på øverste loftet, - kan flytte litt stoff, omorganisere og rydde litt og sjå på vakre fargar - det er sport på tv'en der også!

fredag 11. februar 2011

Litt meir enn kosmetisk snø - må ut og koste så postmannen kjem fram










...byrjar å gå opp for meg at eg har rekonvalesentperiode i vente - innkallingsbrevet frå Haukeland kom i går, - det inneheldt også tips til korleis ein skulle forhalde seg til heimehjelpa...
Det vert nok lite MC-køyring i sommar, - men eg er SÅ klar for vårteikn!

onsdag 9. februar 2011

Lyseblå morgonhimmel med lyserosa skjær - litt sol øvst i fjella


Teksten og plakaten har Bente Øien Hauge lagd ut på FB
Solidaritetskonsert for sjukehuset: "Politikk og musikk for lokalsjukehuset vårt!"


Lærdal sjukehus har vel aldri vore så truga som no. Helseministeren skal snart avgjere framtida for fødetilbodet og resten av sjukehuset. Det er ikkje mange som vil godta at eit velfungerande lokalsjukehus skal reduserast til 15 medisinske senger og nokre poliklinikkar, slik Helse Førde og Helse Vest har vedteke. Med "Politikk og musikk for lokalsjukehuset vårt" vil arrangørane gje folk eit høve til å vise at ein ikkje har gitt opp kampen. Då passar det godt at ein har fått ein gjest frå Stortinget til å vere med oss; medlem av Helse- og omsorgskomiteen Geir-Ketil Hansen (SV).

Idéen til konserten kom opprinneleg frå Lærdal Musikklag, og det har vore lett å få med seg andre musikalske utøvarar frå Indre Sogn på å lage eit variert program. Både Årdalstangen og Flåm Musikklag stiller opp. Kine Svori kjem med tradisjonsmusikk frå Jostedalen, Odd Tore Moen tek turen frå Årdal og Vilde Skjerdal frå Aurland, medan Knut Isdal Lindstrøm, Ida Skjerping Mo, Dick Jan Zwart og Gudmund Bolstad Skjær alle er frå Lærdal. Også Lærdal Trekkspelklubb stiller opp. Kjente og kjære Longhorn avrundar konserten med sjukehussangen.


Det blir korte appellar fra ulike ståstader. Både ungdommar, pensjonistar, næringsliv, politikarar og takknemlege pasientar vil gje lyd frå seg.


Arrangørane Lærdal Musikklag, Lærdal frivilligsentral og Forsvar Lærdal sjukehus håpar på fullt hus i Storstova på Lærdalsøyri skule søndag kveld. Konserten er gratis, men det er bøsseinnsamling til sjukehusaksjonen



Det går mot vår - først er det både nedbør og kulde i vente...

Tilstanden er god og doktoren sa ho (også) ser store endringar på 3 veker. Den første kuren med sterkare lut enn dei fire første verkar altså som lova (i.e. ein coctailblanding av ulike cellegifter), den andre fekk eg i går. Dei tre ulike kvalmestillande midla verkar også.. Den eine er berre 3 kapslar, 1 pr dag, kostar 600 kroner. Det fortalde apotekteknikaren i går då eg fann rette resepten og kommenterte at den hadde så flott innpakning, - det kan den visserlegen ha, - er litt dyr i drift fortida men har det godt...

Var innom Trapp ned på litt handel - der heldt damer frå Førde Quiltelag på å organisere for kveldens møte. Eg hadde lyst å sjå korleis dei arrangerte Tepper gleder-aksjonen sin. Men eg hadde ikkje så mykje energi, å tinge skyss til og frå lokalet deira og vere aktivt tilstades på møtet, var meir enn det eg kunne greie.
Eg sat eit par timar på Pikant, åt god middag med Tytebærparfait til dessert og ei stund på venterommet på Firda billag. Den vesle laptopen var med og eg fann spanande tidsskrift på Narvesen - så det sto ikkje på.

Då eg helste på bussjåføren, visste eg det ville verte ein god tur heim  - eg sov mesteparten av tida! Besteforeldra hans var mine oldeforeldre.
Likar stødige sjåførar som veit å køyre på dårleg brøytte og isete vintervegar også.

mandag 7. februar 2011

Nylaga appelsinmarmelade - det er godt det!

Vi var på vitjing til vertane på Sanden pensjonat og fekk toast med appelsinmarmelade og te til søndagslønsj
- og vi var heldige og fekk med eit glas heimatt også.

I dag har frukosten vore rista grovbrød med appelsinmarmelade og gamalost frå Vik - kortreist pålegg...
Det er ei veke med fleire møte og med ein tur til Førde i morgon i tillegg, - så eg har mjukstart berre fordi det trengst.
Dagane går litt fortare når ein ikkje er topplada og treng litt lengre middagskvilder,- men eg har minst like store behov for trivelege stunder.

Den nye cellegifta medfører litt fleire følgefeil - men ikkje verre enn at det kan ordnast med nokre fleire dropar; - for å stogge rennande væske i augo og nokre pillarar; - for å få fart på altfor mykje væske i resten av kroppen!

Eg ryddar og omorganiserer på syloftet mitt, -
og planlegg både med langtidsperspektiv - sy ferdig fleire teppe;-
slikt som godt kan vere ferdig denne veka - lage ein stabel med Boobs;-
og i dag - gjere ferdig lappesaumen på eit raudt teppe!

- eg har dessutan teikna ut mønstra til Lise si nettveske - vert den vellukka så har eg plan om å lage den til fleire både i dongeri og lin...

Oppskrifta på nytelsen er frå Cappelens kokebok -
(og han poengterer at han nyttar kun bitterappelsiner!)

1 kg appelsin
1 l vann
1,8 kg sukker
2-3 ts sitronsyre

Del appelsinene i 4. Fjern steinane (- over en bolle, slik at du fanger opp safta!).
Ta vare på steinane (pektin)! Prosessen er lettare dersom du tek av skalet. Skjær opp båtane. Snitt skalet fint. Hell over vatnet og la det stå i 24 timer, med appelsinsteinene innpakka gas heiter det i oppskrifta. (Han har dei i ein rustfri sil som han dyttar ned i massa).

Kok under lok i 45 min. Ha i sukkeret og kok i 45 min til. Ta geleprøva. Er marmeladen tjukk nok, rører du ut sitronsyre i 1 ts kaldt vann og rører det inn i marmeladen. Ha på sterile glass og ha på loket. Evt. avkjøl i opne glas og hell på smelta syltevoks neste dag.

onsdag 2. februar 2011

Inspirasjon i februar - pupp og hjarte!

... var til Bergen og såg den nye heimen til Bystudenten og Trønderinna i går.
Teppet var veldig rosa der det låg på senga deira, - det er godt å vere ferdig!

Eg har mange godt starta store prosjekt og vil freiste å ferdiggjere litt etterkvart. Naturlegvis kan eg ikkje unngå å starte med nokre små nye...





- sjå Mrs Moen sitt bidrag til  One world one heart 2011  -"Ei verd - eit hjarte 2011" og naturlegvis kunne eg ikkje dy meg for å melde frå at eg godt kunne tenkt meg å vinne den.

Mrs Moen har også ein annan aktuell blogg & prosjekt saman med Kreftforeninga  Make a boob - eller "Lag ein pupp" , med mål om å lage 1000 CDstore kvilta stoffrundingar innan slutten av mars.

Det må eg naturlegvis delta på, - eg var til kirurgen på Haukeland i går - han planlegg å skjere og sy på meg rett før påske. Eg treng nok ein pent dekorert stoffboob tidleg i april!

Bloggen Quilt it er av dei eg stendig gler meg over, ho har også eit "Make boob"-innlegg.

Meir om prosjektet:  Make a Boob er eit prosjekt knytta til Kreftforeninga med desse hovudmåla:

- tilby brystkreftramma å delta i verkstadar der ein dekorerer "boobs". Desse verkstadane "workshops" skal settast opp i samarbeid med den lokale (Rogaland) avdelinga av Kreftforeninga. Deltakarane kan velge å behalde arbeidet sitt eller å gje det til prosjektet Make a Boob Art

- sørge for bevisstgjering og engasjement knytt til brystkreft gjennom samle inn stoffsirklar med CD som mal og lage møteplassar for å dekorere desse sirklane - samle inn dekorerte sirklar - lage kunstkviltar av desse. Minst ein av desse kviltane vil bli gjeven til Kreftforeninga og dessutan skal det lagast ei utstilling med  Make a Boob Art.
Mrs Moen inviterer alle til å delta i forprosjektet!

Eg er også inspirert til å lage nokre hjarte i dette mønsteret frå Free Patterns from Sophie Junction, desse også er ein del av eit større prosjekt Block lotto - bloggen - eg må nok innrømme at eg førebels har planar om å behalde dei hjarta!

I kveld vert det tur på museet på Kaupanger for å høyre på Bjørg Hovland.

mandag 31. januar 2011

Vinterleg rosehage - og to spel for dei unge


Bystudenten og Trønderinna flyttar i desse dagar til ny heim der dei har ikkje fått verdsveven på plass enno,- då treng dei naturlegvis nokre spel å leike seg med.
Bystudenten handla sjakkspel i Jeriko - så slike brikker har dei. Knappane det skulle spelast dam og bondesjakk med, ligg att der bilda vart tekne under 80-årsfeiringa til Far sist helg, hjå Mor og Far heime på Sunnmøre.



Trønderinna har vore dama til Bystudenten i ganske nøyaktig eit par år.
I ein svak augneblink etter at eg hadde vore open om fargar eg ganske enkelt ikkje brukar, let eg meg lokke utpå fordi Trønderinna hekla teppe med nydeleg kombinerte fargar eg ikkje ville ha tenkt å prøve saman, rosa og lilla i den settingen vart rettleg vakkert. Det var hardt å innrømme - men eg valde å vere open om det!!!
Vi skulle lage teppe til kvarandre - det er ei stund sidan eg fekk mitt...
Eg mangla rosa, det har igrunn endra seg no. Skikkeleg fart fekk vel arbeidet først etter at eg fann ut at Desiree, stofflangaren i Sande hadde rosa striper på rull. Eg hadde baksidestoffet frå før - eit skikkeleg rosehagestoff som var for smalt for teppet - eg har arbeidd med ulike løysingar - det enda opp med å verte skøytt med eit stoff med kvitt trykk på kvitt, for å roe det litt ned. 
Fordi eg ville lage eit varmt teppe brukte eg Mysa sommardyne frå Ikea som mellomfor, slik at Trønderinna kan varme seg medan ho ventar på sommaren.
 Når teppet ikkje er i bruk kan det vere greitt med ei innpakning som held teppet saman.
På framsida av innpakninga kan det spelast sjakk og dam, på baksida bondesjakk.
Avslutta dagen med å vere enig med Sir Winston Churchill om sjampanje - den skal vere kald, tørr og gratis.
Ein rett augneblink å skåle med noko godt i fine glas med gode vener!


fredag 7. januar 2011

Fredeleg fredag










skal berre rydde litt i dag...

tirsdag 4. januar 2011

Det skal god helse til...

i dag har det vore ein slik dag - eg var altfor sliten til å ta dagen slik den blei!
Det ordna seg etterkvart. Største blomen går til dama i resepsjonen på poliklinikken - henne skulle eg så absolutt hatt med i kva som helst slags organisasjon som den med spisskompetanse på kriseløysing i praksis...

Det ser ut at det vert ein ny cellegiftvariant - den hin tek ikkje hardt nok - men det skal nok gå greitt!

6 timar med kjettingoppkøyrt veg - tur retur vel og merke og såpeglatt - ikkje ein god reisedag i fylket...

mandag 3. januar 2011

Må kome meg i aktivitetet; - har snart liggesår...










Har visst vore lengre nede i kjellaren enn eg trudde - får ikkje aktiviteten i gang -
i morgon tidleg må vi freiste finne vegen til storbyen i Sunnfjord - dei slit allereie med å halde vegane opne.
Jølster-ordføraren har sett lyset sitt i tunellen sin stakkar og snakkar så vent og vakkert på vegne av distrikta - ho veit sikkert kva ho snakkar om, ho som har vore i Brussel og alt!

søndag 2. januar 2011

Må spare litt energi - har visserligen hatt for få middagskvilder i det siste...










Noko ufrivillig har eg testa ambulansa i Øvre,- den er framme på 7 minutt eller noko slikt. Legen derimot stakkar visste ikkje forskjell på Tangen og Øvre - då må ein jaggu vere ny i bygda...

Det trengst eit par kviledagar før det nye året tek fatt i ein på nytt, -
det er snart ny tur til Førde for å bestemme om cellegifta har gjort meg godt (nok).

lørdag 1. januar 2011

torsdag 16. desember 2010

Flinkaste son i studentbarnehagen


















Sidan det er lite førjulsproduksjon her heime hjå oss måtte eg vise julekorgene som Bystudenten har laga i all hovudsak etter at Trønderinna for heim og før han fer avgarde til Mormor&Morfar&Onkel på lang juleferie. Gjett om eg håpar på eit par i spisestovevinduet - gjett om eg har masa om å få nokre ferdiglaga og gjett om han har laga bruksanvisning til verdsveven forlengst!

onsdag 8. desember 2010

ein fredeleg dagen derpå









... kunne ikkje dy meg for å ta med Nemi frå førre veke i bt.no -
har møtt mange i helsevesenet sidan søndag ettermiddag som ikkje kjem inn under denne definisjonen vikarar!

Sit med biola, klibrød og stort teglas og summerer nokre ekstraordinære døgn - det er så trygt med rutinar som virkar...!

Fekk min tredje cellegiftkur i Førde i går, sidan dei no veit eg toler gifta godt,- slapp eg ut utan den 4 timar lange karantena etterpå. Eg rakk innom Ranels parfymeri for å kjøpe eyelineren eg fekk teste, - den som virkar no når augevippene forsvinn meir og meir. Løysinga er ein god kost og ei krukke med Lancôme sin Ink Artliner - ei stor servicestjerne til dama i disken hjå Ranels! - Handla brød og kosekaker og godteri på Olefine og fann raud hue, nytt skjerf og armband på KappAhl - og så gjekk sjukehusbussen heim. Eg var så trøytt at eg ikkje sov på nokon av dei to tretimars lange bussturane!

Måndagskvelden køyrde eg bilen heim frå Bergen, - tok fleire lengre pauser - og var vel heime rundt midnatt.
Han hin har vore til smertelindring og utredning for nyrestein på Haukeland sidan søndag kveld og kjem truleg med buss heimover i dag. Eit heftig akutt møte med noko nytt og usigeleg smertefullt på spaserturen frå Bybanen til ein restaurant i Vestre Torggate, - det var godt å ha Haukeland som lokalsjukehus etter nokre vonde timar på Bergen Legevakt,- på legevakta var antall legar omvendt proposjonalt med antall pasientar - tru om dei var på julekonsert...
Eg er ikkje sikker på kor trafikktrygg eg var då eg køyrde frå parkeringshuset på Bystasjonen til Bergen Legevakt for å plukke opp han hin for å køyre han til Haukeland etter vi hadde venta på ein taxi i 45 minutt!
- offentleg administrering av sjuketransport på ein plass det kryr med taxiar er ikkje alltid logisk...
Overlegen på Bergen Legevakt sto igjen som eit spørsmål då eg bad HAN om å avbestille taxien... LOL!
Det er greitt å ha budd nokre studentår på Nedre Nygård på 80-talet - eg kunne koble inn autopiloten istaden for GPS'en... gateløpa er der endå, om enn nokre har endra retning - dessutan Bybanen og store endringar i bygningsmassen...

Etterskrift - sidan det av ulike årsaker vart snakk om Lerums julebrus  på rommet på kreftpoliklinikken i Førde der eg saman med to andre sat og fekk cellegift i går - og kommentaren frå ein av sjukepleiarane var  det skulle vi gjerne hatt her på klinikken til jul - "men brus og slikt er av dei første tinga vi får nei til" - vart hengande i lufta...
- den hang lenge nok til at eg sende "kjelda" ein forespurnad, før eg liksom sette i gong ei kronerulling...
No litt over halv eitt kom telefonen frå Lerum - klart dei var med - dei hadde i tillegg nokon som skulle oppover. Nett no rullar det ut ei lita "julehelsing frå Sogn" frå Kaupanger til Førde.

fredag 3. desember 2010

Bytur via Vikafjellet










Snøen kom såvidt før vi for frå Sogn- det er mildver på gang.
Ikea og Åsane senter på veg til by'n -
Burger på Inside i Vaskerelvsmuget og dessert og kaffi på Yr i Marken med Bystudenten - Trønderinna og vertinna i Vognstølen - koos!

torsdag 2. desember 2010

Kyrkjetur i Provincen










Det var kaldt i Provincen sjølv om ein har meldt frå til varmovmnane at dei skulle vere på. No har vi fyrt med ved i eit døgn - og gjennomsnittstemperaturen er god.
Det var hyggeleg å sjå hjarteadventsstakane i stovevindu då vi kom, - vi gjentek det ofte - det er hyggelegare å kome til eit hus som ser levande ut.


Det er allerførste gong eg har vore inne i Feios kyrkje. Eit vakkert, reint og enkelt kyrkjerom med blått tak og skura tømmerveggar utan glasmåleri - ei fin råme kring ei gravferd.

Vi nytta høvet i det kalde fine veret å ta ein tur til Fresvik  - ryggsekken og kameraet låg diverre igjen heime.
Frostrøyken sto opp frå Sognefjorden - blå himmel med nokre få skydottar og ein skal langt til fjells for å finne snø.

onsdag 1. desember 2010

- og så var årets siste månad her...











Måtte berre ha med Nemi frå BT i dag - det er ikkje alltid greitt å kome med dei rette trøstens eller støttande orda - enten dei er ærlege eller ikkje!

Har opna Sogn avis og Nrksf og Samlaget sine julekalendarar og levert rett svar - naturlegvis...

Eg frys - det er 14 minus ute og ikkje heitt nok inne!

Kosar meg med litt av resultatet frå gårsdagens førjulskollegamiddagstur til Sogndal - 3 nye quilteblad og den nye boka KØDD frå Geriljabroderi som hadde presentasjon på Son Mu i hovedlandsbyen sist laurdag, - på Notabene hadde dei eit eksemplar i går! Frydefylte sjokkerande broderier frå forlaget Magikon!

Nrk sf melde nettopp at Helse Vest legg ned ortopedi og fødetilbodet i Lærdal og Eid,
det er trist å høyre slett sentrum-periferiargumentasjon frå valgbare Ap og Sp politikarar - tilliks med Øberger og Mowatter er heller ikkje Dvergsdaler og Ringstader etla for å målbera dei gode argumenta.

Det er godt å vere frisk nok til å orke å ta bussen til sjukehuset Førde, - har tillit til kreftpoliklinikken, men er nok ikkje like trygg på kirurgien i Førde - men det er framleis nokre veker til eg kan ta stilling til det.

Elles er verda vakker nok, - det er godt når immunforsvaret er på veg "oppover" og det er igjen høve til å vere sosial - og slik verda utviklar seg så vert det mykje sosialt før ein igjen er klar til Førdetur på tysdag!


Etterskrift - har hatt ei interessant føremiddagsstund med ei kvinne som har hatt stor bruk for nærleik til sjukehuset, sidan eg hadde høyrt meldinga frå Helse Vest styremøtet,- snakka vi også om det.
Ho fortalde at ho stemde Ap ved sitt fyrste val i 1946, og er ei av dei som både har vore aktiv og medlem særs lenge.

Eg er viss på at måten ho retta ryggen då ho fortalde at no har ho meldt seg ut av Ap, vil følge meg lenge! - Den tryggheita ei kvinne på snart 90 kan vise av ei politisk handling - i vissheit om at ein kan velge ansleis neste gong - ei gjennomført "ikkje ta meg for gitt" -haldning! - VAKKERT!

mandag 29. november 2010

Quiltemagasinet og Norsk quilteblad i postkassa i dag!

- er det rart det tok tid med morgonkaffien!
No vert det raud sauming på aller øverste loftet - med tankar om nye prosjekt frå Norsk quilteblad & Quiltemagasinet! - og tankar om storbytur til helga og småbytur til Sunnfjordby2 om ei veke...
- det er best eg held fram med å utnytte kvar ledig og vaken opplagd augneblink!

søndag 28. november 2010

Alle hjartelysestakane kjem i vindua i kveld!

På spisebordet pyntar ein nydeleg blomebukett i mørk rosa-raud-lilla frå fagforeninga.
Ein vert litt engsteleg for at blomebudsjettet til laget kan vere tømt av to rundbursdagsbukettar + go'bedringbukett på same år til same adresse!
Spisestova har difor eit snev av rosa-lilla forventning, - elles er det litt igjen før ein får førjulskjensla i første etasje, det får kome når han hin kjem heim og finn fram hjartelysestakane i kveldinga.
Det har vore litt for kaldt til å ynskje å prioritere lyslenkene på dei to einebuskene - eller sprakane som står på kvar side av gatedørstrappa, - det kjem nok mildare dagar etter dette...

På min del av aller øverste loftet derimot - syrommet,  flyt det formeleg over av raudt - det er dei 60-70 ulike raude stoffa som i samansydd og kvilta versjon skal erstatte dei to teppa i sofabenken på biblioteket.
Desse dagane er immunforsvaret mitt på det lavaste mellom cellegiftinnsprøytingane, - er liksom "litt forkjøla" - har "litt" høgare temperatur enn vanlegvis  - men held eg meg framleis rett under dei magiske 38 som betyr sjukehustur med ein gong.

Frå kjøkkenglaset kan eg sjå bakdøra til lokalet der husflidslaget og jerikolaget og mange fleire har julemarknad denne helga. Eg kjenner det er klokast å vente til neste laurdag før eg går på julemarknaden!
I dag kunne det også ha vore fint å sjå fakkeltoget som kjem frå Lysmessa i kyrkja som vert avslutta ved Rådhuset med juletretenning og julegateopning, - trur eg gjer klokt i å halde meg innandørs.

På fredag var siste dag med bompengar i Fjærlandssambandet og i går var det 10 år sidan kongen opna Lærdalstunnelen  - du verda kor tida går!

Kanskje ein skulle ha freista lage litt sunnfjordssnop slik som konditor Ole John Berntsen lagar det - dei sjokoladekaramellene såg fole fristandes ut - reknar med dei er salsvare på Naustdal Dampbakeri sine utsal...

onsdag 24. november 2010

skal møte Frode i kyrkja i kveld!

I dag har eg sydd - mykje!
Skal på konsert i kveld - gler meg!

Etterskrift - Ein nydeleg lettare improvisert julekyrkjekonsert, som naturlegvis ikkje var ein julekyrkjekonsert!  - grein inderleg godt til gamle "Stranger"-låtar - Long December night  og Everyone needs a friend sometime  sjølv om Elg mangla på den siste!   Her er fleire!
Mengda av gitarar, plekter og briller på feil plass - jakten på knottar og pedalar og lydeffektar krydra opplevinga.
Vitae lux vert aldri den same etter at ein har høyrt den delen av historia som er kombinert med Kanestraum og vaffeljern...
Dersom eg ler neste gong Vitae lux vert framført som trompetsolo eller i tekstversjonen eller liknande - så har det også ei forklaring.

Elles lurer eg på om innpakninga av julegåvene bør saumast i år! Julegåvepapiret er jo på det næraste spesialavfall! - Sjekk denne bruksanvisninga!

mandag 22. november 2010

Siste veke før advent...

Sit med reiserekningar til Pasientreiser.no - det vert lett nokre pengar til reising når ein vitjar sjukehuset såpass ofte - greitt å få sagt i frå at ein vil ha litt av pengane attende...
Tidlegare har eg vel meint at det er meir styr å få noko attende enn det betalar seg, det vert litt ansleis når dokument- og kvitteringsstabelen som skal sendast, er såpass høg.

Syr litt i raudt og svart i dag, sydde pose til ein murstein i bilen til han hin. Eg må ta eit bilete av den  før den finn plassen sin i bilen - den er betydleg meir dekorert enn det som var bestillt!

Advent er ventetid - også i år har denne ventetida minst ei dobbelt meining.

Har lest denne skriven av Nina!

Dette er ein slitendag - treng visst noko positiv input - får gå på leiting!

Etterskrift - Nina la igjen ei herleg lenkje!

Miranne har lagt ut fine bilete på bloggen sin - på veg til by'n kom ho innom med pose med 3 hovudplagg!

Ei blågrøn alpakka strikkahue - som eg nyt å gå med innandørs - mjuk og kos!

Ei blå med blome og insekt - vart innvigd på spasertur, i går søndag - då var det mildt nok,
medan den lett grøne i dobbel fleece har vore til utebruk i heile helga og i dag!

onsdag 17. november 2010

Roooosa - sogndølene i ein noko mørkare tone inn i eliteserien!


















Sogn avis viser dei nye draktene til Sogndal!

Elles alt vel hjå meg, - ikkje nok med det eg rakk også innom på Narvesen i Sogndal i gårkveld på veg heim og fann eit par nye quilteblad, i tillegg til den eine boka hjå Trapp ned!
Det må bli sauming i morgon - i dag har resten av verda laga litt andre planar for meg - så det kan vere at eg må skippe turen på Handarbeidskafeen på museet på Kaupanger  i siste liten...

I går var vi på Pikant og åt biffen der - kan ikkje anna enn tilrå  - gjer det same den var endå betre enn sist!

Eg hadde ein plan om å finne ein meir vassfast eyeliner enn dei vassfaste eg hadde.
Det første parfymeriet vi vitja skjøna ikkje problemet, - ho var mest oppteken av kva farge eg ville ha medan ho raska fram alt ho hadde enten det var vassfast eller ikkje - freista korrigere dama fleire gongar - han hin syntest eg var svært så tolmodig - men eg gav opp tilslutt!
Gjekk til nabobygget og Ranels parfymeri i Handelshuset - ho nytta ein del meir fargar i ansiktet sjølv og skjøna kva eg meinte med at vassfaste eyeliner ikkje alltid er vassfaste - var utselt for det ho sjølv nytta, fekk låne ei prøvekrukke og kjøpte ein kost!
Ho lova at det skulle vere i bui hennar om 3 veker - ho sa den var dyr - men ho skjøna så greitt poenget med at eg ville ha farge rundt augene om eg ikkje har augehår...
Er det noko sak!
Etterskrift - det vart ikkje tur til Kaupanger - satsar på at det vert gode referat!

I kveld testa vi den nye kaka til Naustdal dampbakeri - porsjonsstykke av den som lærlingen deira vart Norgesmeister på, vi handla også den med sjokolademousse - handla fordi vi skulle få dagsbesøk frå ei triveleg taus frå Kaupangerbukta - den veit vi er god - men den nye var ei nytelse - stor nytelse!

Meir enn godkjende var kakene - vi handlar nok kake nestegong også!

tirsdag 16. november 2010

Alt vel frå stolen hjå HelseF










Ein god dag i dag, også!
Luggen på parykken er kortare, og eg har fått positive attendemeldingar...
Skjerfet er framleis tryggast...

Etterpåskrift....
Det skjedde så mykje på seine kvelden at eg aldri rakk å skrive det viktige...

uoppfordra sa legen at den store kulen hadde minka...!
- og med måleverktyet kunne ho bevise det -

GIFTA VERKAR!

mandag 15. november 2010

Vekestart










Sjølv om kjøkkengolvet er nybona, er det ikkje å rekne som starten på julestria -.

På fredagskvelden fall lokkane. Han hin fann fram hårklippemaskina og fjerna det meste, - etterpå var det barbermaskin. Det som står igjen, har effekt som borrelås på glatte skjerf, - ei stor lette å sleppe at håret dett av heile tida!

I dag er det blodprøvetaking på Sjukehuset og influensavaksine på Helsesenteret, og med trua på at  blodverdiane er rette, slik at vi får delta i bursdagsfeiring i kveld.
Ein lilla pakke er allereie pakka  ned!

I morgon tidleg er det tilpassing av parykk og så ventar ein ny dose gift på meg hjå HelseF.

På laurdag åt vi sein frukost på Sanden pensjonat, dei har fått ny brødleverandør - Lustrabui - det vart ein lang og god frukost, brødet var svært godt det!
Vi var innom Ellen Antikk på veg heim og eg fann ei "ny" veske. I løpet av helga har beslaga vorte pussa bittelitt og veska er innsmurt med vannavstøtande krem. Det vert nok ikkje tid nok til å lage den klar til byveske i dag - men det vert dagar etter dette!

Sjekk denne lenkja frå Simonswald i Tyskland - dei manglar sol berre 5 månader i året, tru om det hadde vore noko å tenkje vidare på...

Det har vore ei fin helg for spaserturar.
Kameraet har vore med, men vi har vel vore for opptekne med prat!
Endeleg var det tid og ver for å gå Knutsbrui og vegen langs elvebryggja.
Vi fekk sett korleis det nye kunstsenteret Sogn kunstsenter - Gjesmesamlinga veks fram frå hi sida også!
I følge Sogn avis syntest Guro at namnet var litt tørrt! Namnet varaordføraren føreslo i kommunestyret, - 6220 - er postnummeret til Straumgjerde. Det kan vere at sykkylvsordføraren ville teke ein telefon til ministermannen om han hadde greidd å lokke med seg kommunestyret på tallkoden sin.

På biletet viser Straumgjerde ved foten av Straumshornet som eg yndar å fortelje at eg har bestige!
Bilete er lånt frå denne fjellsida! Lakseelva Straumen må også nemnast her, sjekk denne lenkja med bilde av elva mellom fjorden og Fetvatnet er også kalla Europas kortaste lakseelv! Det var godt dei færraste tende på 6220!






Det har kome melding frå Siri i Sogn bunadnettverk om handarbeidskafeen på museet på Kaupanger førstkomande onsdag - her er er lenkja til Lærdal husflidslag der e-posten frå Sogn bunadnettverk er gjengjeven.
Der er det også lenkje til museet si side.

Eg skal på handarbeidskafe!

tirsdag 9. november 2010

No ramlar lokkane av...











- så de kan øve på å fortelje meg kor fin parykken min er...
Eg hadde nesten byrja å glede meg til å få frisøren på Salong44 til å lage litt luft i luggen min på førstkomande tirsdag, sidan håret har byrja å bli så langt i det siste - det vert nok ikkje så aktuellt!
Med andre ord - eg sparar tusenvis av kroner, og vert nesten like vakker...

Andre triste nyhende som kan vere det motsette:
Solskjær er ein av dei største fotballheltane til Mor  - han får 4,4 mill pr år i Molde - eller 2,4 mill pr år +bonus...
Det vert arbeidd hardt for å få meir glattis på Øyri , - budsjettkampen aukar på...

Eller kanskje likegodt noko som berre er greitt;- ein ide for å lage god og rar og positiv PR  - sjå kva Husfliden har i Ålesund gjort!

lørdag 6. november 2010

har vore i kjellaren hjå Steinar!

I dag har vi laga årets eplejuice!
Det er fint å ha ein kar i bygda som ser nytten av å  kunne tilby pressing av eple sånn på laurdagar på hausten! Eg har vaska og skylt - også med dertil egna skyllemiddel, 100 store brusflasker.
Det lagar litt kaos kvar gong vi står i kassa på Coop eller Kiwi og skal betale pant for store mengder tomme 1 1/2 liters brusflasker, det er ikkje nokon tast for slikt i kasseapparatet! Vi leverer flaskene og får panten attende, - balar ikkje med å lagre dei slik til neste sesong -120/200 tomflasker tek litt plass! I år har vi fått låne plass til innfrysinga av juicen, det lettar overgangen for den store frysaren vår...

Steinar fekk attende bunadsvesten og skjorta som Bystudenten lånte med seg til Jeriko - og fekk ei julekrybbe frå Betlehem som takk for lånet!

Dette betyr at eg allereie har hatt to middagskvilder - men elles alt vel - og eg er budd på å ta ein tur på Søndagsskulen i Eldhuset og sy litt i morgon.

Om du også slit med tilliten til helseføretakmodellen, kan dette vere ein lenkje å gå vidare på!

Fekk brev i går frå NAV om at eg hadde bede om bidrag, - handsaming av søknaden kunne ta ein månad, eg skjøna ikkje kva bidrag det skulle vere.
Fekk brev i dag frå NAV om at søknaden var handsama og parykken var min, med full klagerett på vedtaket - sikkert ikkje på parykken.
Salong44 i Førde fekk skjemaet hjå meg same dagen som eg fekk det på sjukehuset. Den overskytande summen vart betalt då eg fekk parykken. Har vel hatt kjensla av at parykken er min ei stund - og gler meg framleis over eige hår, sjølv om det nok er nokre millimeter for langt for å vere skikkeleg luftig i luggen!
Det er fint når byråkratiet verkar - ...

mandag 1. november 2010

- møter Jonas i Porten i Øvre

Sogn avis inviterer lesarane sine til å stille spørsmål til Jonas som er "på turne" i Sogn, det kan vere at han får sett noko meir enn flyplassen på Haukåsen, Campus på Høgskulen og anlegget innanfor Porten i Øvre før han fer attende.
Godt då at ein veit at han vert teken hand om - les både 28. og 31. oktober - og gjerne lenkja ho har til bt.no. Vi har så mange grunnar til å bu her og bli verande her. Det er godt det er Utanriksministeren som er komen, - sidan kommunalministeren bur her, - når ho ikkje har anna å gjere...
Eg og han hin plukkar opp Mor og rullatoren i Øvre, før vi køyrer til Porten - med det stiller vi med alle tilgjengelege ressursar!

Etterskrift :
Det var gildt å sjå kor mange ungdomar som kom ut av bussen frå Lærdal!
- og det var gildt å sjå og høyre meldingane og appellen!
Nrk var der, Porten var der og Sogn avis var der.

Sidan eg skulle innom Polet i Øvre, fekk eg vite at Quiltelaget i Årdal skulle ha møte på loftet på Ungdomshuset i går kveld - , så eg og han hin hadde ein skikkeleg langdag i Øvre.
Eg fekk lurt meg til ei lita kvild på sofaen før vi for på kaffivitjng - treng nok ein fredelegare dagen derpå!

Han fekk gjort mangt i heimen til Mor og Besteforeldre, medan eg fekk både syinspirasjon og lyst til å gjere meir bildebruk etter å ha sett og beundra Miranne sitt arbeid. Quiltelaget hadde laga veske på siste møte - den skal eg også lage, har tenkt å få laga ei i svart dongery før det vert torsdag i Eldhuset. Mykje fint og augegodt,-  artig å vere i lag slik!