- er svært greitt alternativ til vanleg innlegging på Kreftavdelinga!
Men hjå Kari i Vognstølen har vi tilbod om veranda óg - slikt set vi naturlegvis pris på!
Fordelen med å ikkje vere avdelingspasient er at ingen bryr seg om ein har permisjon frå sjukehuslivet -
vi har tilogmed vore i Stølegata i kveld, og feira Ingrid sin dag på førehand.
Vart henta av portør på Kreftavdelinga i ettermiddag - ho leitte etter rullestol som ho kunne frakte meg i - "det er jo langt å gå til røntgenavdelinga!"... , men eg går framleis for eiga maskin! CT'en unnagjort i ettermiddag.
Dette var etter at den søte unge legen freista forsøke forklare,- utan heilt å vite korleis det egentleg fungerer å ta biopsi av "det" bak øyra, gjennom nasen - men dette skjer altså i morgon!
Håpar ikkje det er den legen som skal utføre det, då. Høyrest skummelt ut. Er i full oppløysing etter "Gazas tårer", og skal sove no. Natta.
SvarSlettNei, - det er Øyre, nase hals som skal gjere det!
SvarSlettEg valde å sjå Gaza's tårer seinare!